Bli med å laga ein idebank til NAV!
Det finnes enkeltpersonar rundt i landet som sit på ein kompetanse NAV treng. Skulle me gå saman om å laga ein idebank til NAV? Ikkje for å vera ekle, vanskelege eller protestantiske, men rett og slett for å peika på flaskehalsar og tungvinte system.
Dei siste dagane har me fått fleire døme på systemfeil i NAV. I farta snappa eg opp at det finnest ein idebank. I god tru leitte eg opp denne idebanken, då eg trudde dette var ein stad eg kunne levera mine gode idear til NAV om korleis dei kunne bli betre til å levera tenestene. Men eg tok feil, det var ein idebank om kva me kan gjera for å koma i arbeid, idear både til arbeidstakar og arbeidsgjevar. Og alle ære til NAV for ein slik idebank. Måtte mange få gode idear og nyttige tips her!
Det var dette med "den som har skoen på". I dag er det mange som veit kor skoen trykker som har han på, men utan å ha overskot til å seia ifrå. Kreftene går med til å skifta plaster og stella gnagsåra som er oppstått ved å ha skoen på.
Det trengst ikkje kostbare konsulentar for å finna forbetringspotensiale. Eg kan godt vera førstemann ut. Mitt råd er: