Nyheter

USA har fredsnøkkelen

Ingen land har fått meir økonomisk hjelp frå USA enn Israel. – Difor kan USA presse Israel til ein fredsavtale. Om Barack Obama vågar.

Midtausten-forskar Hilde Henriksen Waage seier at det berre er ei løysing på den årelange konflikten mellom Israel og palestinarane:

USA må presse Israel til forhandlingsbordet, for det er berre USA som kan presse Israel til å inngå ein varig fredsavtale.

Rakett- og bombekrigen mellom Hamas og Israel held fram. I går skaut Hamas rundt 50 rakettar mot mål i Israel, som svarte med å bombe mål på Gaza. Talet på døde i Gaza har passert 100, ifølgje palestinske helsestyresmakter. Dei fleste er sivile, og det er mange kvinner og barn mellom dei døde. På israelsk side har rakettane ikkje tatt liv.

LES MER: Slutt på Israels ro

Ber om våpenkvile. I Washington ser Obama-adminstrasjonen med stigande uro på den tredje Gaza-krigen på seks år. Utanriksminister John Kerry ber partane om å bli samde om ei våpenkvile. Kerry har investert mykje prestisje i å få til ein fredsavtale mellom Israel og palestinarane, og han har tidlegare åtvara om at mangelen på ein fredsprosess vil føre til ei ny opptrapping av konflikten.

President Barack Obama ser også med uro på rakett- og bombekrigen mellom Hamas og Israel. Difor har han – i en telefonsamtale med Israels statsminister Benjamin Netanyahu – tilbode amerikansk mekling i Midtausten-konflikten.

LES MER: Trur Israel vil knuse Hamas militært

Puslete president. Hilde Henriksen Waage er glad for Obamas fredsiver, men meiner han opptrer alt for puslete i møte med statsminister Netanyahu.

– USA kan få Israel til forhandlingsbordet ved å true med det som vil ramme Israel hardast, kutte den økonomiske og militære støtta. Først når Israels regjering opplever at USA set hardt mot hardt vil dei bøye av å bli villige til å lytte til freds initiativ.

Professoren ved Universitetet i Oslo minner om at to amerikanske presidentar har gjort dette og fått Israel til å lytte, Dwight Eisenhower i 1953 og George Bush senior i 1991.

– Obamas fredsinitiativ i første presidentperiode førte ikkje fram. Statsminister Netanyahu ville ikkje høyre på USA, og då USA let vere å bruke penge- og militærstøtta til å tvinge på plass ei løysing, fekk Israel gjere som dei ville.

– Kvifor sette ikkje Obama hardt mot hardt?

– Han skulle bli attvalt i 2012, og våga ikkje utfordre Israel av innanrikspolitiske årsaker i USA.

Kan bruke vener. USA ønskjer ein fredsavtale og vil gjerne vere meklar, men USA har plassert Hamas på ei liste over terrororganisasjonar ein ikkje vil samtale med.

– Korleis skal USA få Hamas i tale i arbeidet med ein fredsavtale?

– USA har nær kontakt med mektige land i regionen, som Egypt, Saudi-Arabia og Jordan. Via desse landa kan USA leggje press på Hamas for å få dei til å vise fredsvilje, seier Henriksen Waage.

Ho har tru på ein fredsavtale på lang sikt om USA brukar økonomisk makt mot Israel. På kort sikt trur Midtausten-forskaren at partane vil få på plass ei våpenkvile – når dei ser at det er naudsynt.

– Som alltid før vil Egypt spele ei viktig meklarrolle.

Henriksen Waage ber alle stats- og regjeringssjefar og utanriksministrar om å slutte med ein ting:

– Det er nyttelaust å snakke om at partane må finne fram til ei varig løysing. Dei vil aldri klare det. det er berre USA som kan presse fram slike løysingar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter