Nyheter

Vikingskip med UiO-seglarar sank etter takkeferd

Dei sjøreisande ungdommane var overraska over kor mykje vatn båten tok inn. Få dagar etter kryssinga av Nordsjøen låg skipet på botnen.

Ungdom i Oppdrags innleidde skip og storsatsing hadde nettopp vore på seilas til Newcastle under OL med 14 «vikingar» om bord. Skipet kom seg heldigvis heilt i hamn ved kaia i Sandefjord fredag 3. august. Få dagar etterpå – natt til 7. august – sank det tomme skipet til bots. Tysdag morgon såg båtleiaren berre masta som stakk over vassoverflata:

– Det var tragisk å sjå, seier nabo Hermod Styrmo til Sandefjords Blad.

LES OGSÅ: Vikinger takket for evangeliet

Flaks? Medlem av misjonsorganisasjonen reiste med vikingskipkopien Gaia til Newcastle i forbindelse med London-OL for å spreie evangeliet. Satsinga kosta Ungdom i Oppdrag (UiO) nærmare ein halv million kroner.

Anders Kvåle Rue, som var med på seilasen, er letta over at ulykka ikkje skjedde før.

– Skipet tok inn mykje vatn medan vi seila over Nordsjøen, utan at nokon såg noko unormalt med dette, fortel Kvåle Rue.

LES OGSÅ: Vikinger på misjonstokt til OL

Kvåle Rue er leiar for Foreningen Olavs Menn som saman med Båtlaget Gaia stod bak seilasen som unge frå UiO var med på. Vikinggruppa er vant til å segle med ein annan vikingbåt som nesten ikkje tek inn vatn, og Kvåle Rue var difor forundra.

– Vi gjorde nokre vesentlege reparasjonar under seilaset, men trudde aldri det var farleg. Då eg fekk høyre at skipet sank berre ved å liggje til kai, vart eg veldig letta for at det ikkje skjedde medan vi var på ope hav, eller då folk sov ombord, fortel han.

LES OGSÅ: 19-åring i koma etter ulykke på misjonstur

– Ikkje livsfarleg. Vikingleiaren seier at turen var meint å vere spanande og ikkje farleg. Det er vanskeleg å spå utfallet om skipet hadde sokke på ope hav, men direkte livsfarleg hadde det nok ikkje blitt sidan flytedrakter og redningsflåte var i skipet, i tillegg til ein følgjebåt bak, meiner Kvåle Rue.

Samarbeidet mellom UiO og båtlaget vart avslutta etter at båten kom tilbake frå OL-ferda. Men informasjonsleiar Sidsel Marie Gjerlaug synes det er trist å høyre at båten sank.

– Det var veldig allright å samarbeide med eigarane av båten. Vi håper at det ordnar seg raskt for dei, seier Gjerlaug.

På land. Det kan sjå ut til at Gjerlaugs lykkeønskingar hjelpte. Vikingskipet vart tysdag raskt heva og plassert på fast grunn etter omfattande innsats frå Båtlaget Gaia, hamnevesenet, brannvesenet og fleire andre. Dei har enno ikkje funne grunnen til at skipet hamna på botnen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter