Kunst

Sjå dei første bileta av Jesu apostlar

Oppsiktsvekkjande funn i Roma under restaurering av kunst.

Andleta til apostlane Andreas, Johannes, Peter og Paulus vart oppdaga under bruken av ein ny laserteknikk i ei katakombe i Roma tysdag.

Bileta er frå den andre halvparen av det 4. århundret eller byrjinga av det 5. århundret, trur ekspertane i Vatikanet.

Bileta kan ha inspirert seinare målarar som har målt apostlane til Jesus, skriv BBC.

– Dette er dei første bileta som vi veit om av desse fire apostlane, seier Fabrizio Bisconti, han leier arkeologane som undersøkjer dei Vatikan-eigde katakombane i Roma.

Laserteknikken gjorde at arkeologane kunne brenne vekk eit tjukt lag av kalk som har lagt seg ver bileta på grunn av fukt og luftmangel.

Funna vart gjorde i katakomben til St. Tecla nær Paulus-kyrkja i Roma.

– Det vekkjer svært sterke kjensler å oppdage desse måleria, seier prosjektleiar Barbara Mazzei om dei nyfunne freskoane, ifølgje telegrambyrået Reuters.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kunst