Nyheter

Rektorar vil ikkje ha barnevernsbarn

Barnevernsbarn er lite velkomne på vidaregåande. – Eg er sjokkert, seier barneminister Solveig Horne (Frp).

Stortinget har avgjort at alle ungdommar har rett til tre år med vidaregåande opplæring. Men ei gruppe unge opplever at leiarar på vidaregåande skular ikkje ønskjer dei som elevar:

– Vi opplever at våre gutar blir stempla som bråkmakarar før dei har byrja på ny skule, seier dagleg leiar Line Andersen.

Vårt Land er på ein statleg barnevernsinstitusjonen på Austlandet som tek i mot gutar som er 17 år eller eldre, og som strevar med rus- og oppførselproblem. Ein av gutane på ungdomsheimen seier det slik:

– Eg blir alltid mistenkt først om det skjer noko gale.

Konkrete døme. For å forklare kva dei snakkar om, dreg Line Andersen og avdelingsleiar Per Morten Bakke fram fleire døme på korleis deira gutar er blitt handsama.

– Ein fekk høyre at han hadde seks månaders prøvetid då han kom på skulen første dag. Terapeuten som var saman med han datt nesten av stolen, for slikt har ein skule ikkje lov til å seie, seier Bakke.

– Vi opplever at skuleleiarar legg press på oss for at vi skal ta elevar ut av skulen, elevar dei meiner ikkje oppfører seg bra. Då spør vi alltid om det er snakk om utvisingsgrunn. Er svaret nei, skal guten sjølvsagt ikkje oppleve at vi pressar han til å slutte, fortel Andersen.

– Vi opplever at skular ikkje svarar på søknader, eller svarar at dei ikkje har plass sjølv om vi veit at det har dei, fortel Bakke.

Kvar gong dei opplever uvilje, tek Andersen og hennar medarbeidarar tak i sakene og forfølgjer dei oppover i systemet, der dei blir løyste.

Statsrådar samsnakkar. – Eg er sjokkert, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp). Denne dagen gjestar statsråden institusjonen for å fortelje at Solberg-regjeringa legg 10 millionar kroner på bordet for å gje barnevernsbarn betre tilpassa utdanning. I arbeidet med statsbudsjettet for neste år oppdaga Horne at barnevernsbarn - i snitt - har langt dårlegare skuleresultat enn andre barn og unge. Difor vil departementet arbeide for å forhindre fråfall og motivere for vidare skulegang. Horne meiner det betyr ekstra mykje for barnevernsbarn å fullføre ei utdanning.

– Kva vil du gjere med det du får høyre her i dag?

– Eg skal ta dette opp med min gode kollega, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Saman må vi sjå på denne saka. Barnevernsbarn skal vere velkomne i den vidaregåande skulen, understrekar Horne.

Statsråden og ungdomsheimstyrar Andersen er heilt samde: Det er uhyre viktig å motivere barnevernsbarn til å fullføre 13 års skulegang. Då må ikkje skuleverket sjølv knuse draumane til dei svært sårbare elevane.

– Det skal ikkje mange skeive ord til for å ta motivasjonen frå barnevernsbarn, seier Andersen.

Glad for pengar. I Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er dei glade for 10 millionar kroner frå Solberg-regjeringa.

– No skal vi setje oss ned å sjå korleis vi skal bruke pengane, seier assisterande direktør Runar Nygård i Bufdir. Han er glad statsråden løyver meir pengar slik at barnevernet saman med skuleverket kan få fleire tenåringar til å fullføre vidaregåande skule.

På ungdomsheimen har avdelingsleiar Per Morten Bakke eit sterkt ønskje om ei lovendring:

– Når staten tek over ansvaret for mindreårige, ved at barnevernet grip inn, burde det blitt lovfesta at staten også har plikt til å syte for at alle barnevernsbarn får dei same utdanningstilboda som andre unge.

Av omsyn til gutane har ikkje Vårt Land nemnd namnet på institusjonen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter