Nyheter

‘Norge har brutt abortloven i 30 år’

Alle som har vilja, har kjent til at lovstridige seinabortar har gått føre seg i over 30 år, seier lege Knut Holmen.

Sist veke fortalde Vårt Land at Rikshospitalet har utført ulovlege seinabortar - etter at den sentrale abortklagenemnda hadde innvilga kvinner abort etter veke 22. Helsedirektoratet slo fast at praksisen braut abortlova, og han dermed var ulovleg. Ti kvinner har fått utført ulovlege abortar frå våren 2010 til seinhausten 2011.

Ola Didrik Saugstad, professor i barnesjukdommar ved Universitetet i Oslo og leiar for Pediatrisk forskingsinstitutt på Rikshospitalet sa til Vårt Land at praksisen med ulovlege seinabortar har pågått over lang tid:

– Eg har ikkje ført nokon statistikk, men baserer meg på det eg sjølv har sett, samt høyrt av andre. Dette med seinabortar er ingen ny praksis.

23. veker. I dag går legen Knut Holmen ut i Vårt Land (les innlegget på Verdidebatt, side 24-25 i dagens papiravis) og fortel kva han opplevde som ung medisinstudent på 1980-talet:

«I abortlova frå 1978 står det klart og tydeleg at seinabortar etter 18. svangerskapsveke ikkje skal skje, med unntak for tilfelle av fare for mors liv og ikkje-levedyktig foster. Likevel skjer det, og det har skjedd i meir enn 30 år. Når lovbrotet er blitt påpeika, er det anten nekta for at det har skjedd, eller så blir det skulda på ulike tolkingar av lova.

Men praksisen starta ikkje då den sentrale abortklagenemnda tok til i 2010.

Fire år etter at dagens abortlov vart vedtatt av Stortinget, praktiserte Ullevål sykehus i Oslo abortar av foster på rein sosial indikasjon heit opp til 22. og 23. veke.

Som medisinarstudent var eg sjølv vitne til at dette skjedde i 1982. Medstudentane mine var det også, og i vår termin om fødselshjelp var vi vitne til fleire slik tilfelle. Praksisen var heilt openlys. Det vart ikkje løynt verken kor langt svangerskapet var gått, eller årsakene til at abortsøknadene var innvilga. Sosiale indikasjonar kunne vera dårlege buforhold eller at mors tidlegare fødde barn var tatt over av barnevernet. Kvinnene låg åleine bak skjermbrett og fødde barna etter at fødselsinduksjon i form av medikament var gitt.

Vi studentar vart med til ei slik kvinne. Framom fem studentar drog legen bort dyna, konstaterte at «fødselen» hadde skjedd og tok fosteret etter beina og heldt det opp for oss. «23 veker», konstaterte han og la det ned i ein plastsekk som sjukepleiar heldt fram. Så gjekk vi vidare.

Andre grupper studentar hadde tilsvarande opplevingar.»

Ei tid seinare, i mars 1983, blei Holmen intervjua av Vårt Land. Men han stod ikkje fram. Han våga ikkje. Holmen forklarar kvifor:

«Med klare truslar om å bli sparka ut av medisinstudiet, torte ikkje eg å stå fram med namn og bilete.»

Først i 1996 stod han fram og fortalde kva han hadde opplevd på sjukehuset i 1982 og under mediestormen i 1983.

Starta gransking. For oppslaget i Vårt Land i februar 1983, «Abort-inngrep på 5 månader gamalt foster», enda i Stortinget. Stortingsrepresentant Odd Holøs frå KrF, som døde i 2001, tok saka opp med dåverande sosialminister Leif Arne Heløe frå Høgre. Heløe lova å granske saka.

Granskinga blei leia av dåverande stadsfysikus i Oslo (i dag fylkeslege, red.anm.) Fredrik Mellbye, som døde i 1999. I ei orientering i Stortinget opplyste Heløe:

«Stadsfysikus har mottatt meget detaljert opplysninger om den kvinne som var anslått til å være gravid i 18. uke, og har avgitt erklæring om at loven og forskriften er fulgt i dette tilfellet.»

Knut Holmen blei ikkje trudd:

– Etter krav i Stortinget vart ei undersøking gjennomført. Den konkluderte med at noko slikt som Vårt Land hadde skrive om, og som eg med eigne augo hadde sett; det hadde aldri skjedd. Spesielt var alle abortsaker i aktuelle periode ved Ullevål gjennomgått utan at det var funne noko ulovleg.

Hugsar ikkje. Nesten 30 år seinare hugsar tidligare sosialminister Leif Arne Heløe ikkje den særskilde abortsaka frå 1983. Han peikar på at etter at abortlova blei innført i 1978, stod abortspørsmåla ofte på den politiske dagsorden.

– Difor er det vanskeleg for meg å seie noko konkret om akkurat denne saka, fortel Heløe til Vårt Land.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter