Nyheter

Mannens ekskone får mest pensjon

Anne-Lucie Willoch og mannen hadde vore sambuarar i 18 år og gift i nesten to då han døydde. Difor får ho berre smular i ektefellepensjon.

Brevet frå Statens pensjonskasse (SPK) var rystande lesing. På fem liner fortalde pensjons­kassa at Anne-Lucie Willoch berre skulle få ektefellepensjon for den korte tida ho og mannen var gift. Åra som sambuarar blei ikkje rekna med. Brorparten ­av ektefellepensjonen etter Willochs avdøde mann blir utbetalt til eks-kona.

– Urimelege reglar. – Reglane er urimelege. Dei tek ikkje omsyn til at sambuar­skap er blitt like vanleg som ekte­skap, seier Willoch.

Året var 1992. Anne-Lucie Willoch flytta saman med Arve­ Skansen, som var separert – han blei formelt skilt i 1995. I 1994 kjøpte dei hus saman på øvre Romerike. Paret var sambuarar i 18 år før mannen blei sjuk. I 2010 gifta Willoch og Skansen seg, men fekk berre 19 månader som ektefolk. I august 2011 døydde Skansen.

– Nokre månader seinare hadde­ eg nok krefter til å starte arbeidet med å få oversikt over økonomien. Eg søkte Statens pensjonskasse om ektefellepensjon i den tru at eg var sikra denne ytinga. For noko av det siste Arve sa før han døydde, var at «du er sikra økonomisk».

Som polititenestemann var ­Arve Skansen medlem av SPK frå 1977 til han gjekk av med pensjon i 2008.

Må vere gift. – Sjokket var ­difor stort då brevet frå pensjonskassa kom – over eit år og fleire purringar etter at eg søkte.­ Reglane er i dag slik at ein må vere gift for å få ektefellepensjon. Alle åra som sambuar blir ikkje rekna med. Det er svært urettvist.

Anne-Lucie Willoch kontakta­ Pensjonskassen med mange pensjonsspørsmål.

– Kvifor fekk eg så lite, var mitt hovudspørsmål.

Etter to nye månader kom brev nummer to. Her viste SPK til eit regelverk som gjorde Willoch endå meir overraska:

– Eks-kona til mannen min får ektefellepensjon fordi dei var gift for lenge sidan.

Pensjon til eks-ektefelle. I SPKs regelverk står nemleg følgjande:

«Fraskilte kan ha rett til pensjon. Noen tilleggskrav må være­ oppfylt for å få ektefelle­pensjon hvis du er skilt fra avdøde.» Dette er krava: «Avdøde må ha vært medlem i Statens pensjonskasse før skilsmissen, ekteskapet må ha vart i minst 10 år, du må ha vært minst 45 år da dere ble skilt, du må ikke ha giftet deg på nytt før din tidligere ektefelle døde, du må ikke ha fraskrevet deg retten til ektefellepensjon.» Og, seier regelverket: «Hvis avdøde har vært gift flere ganger, kan pensjonen bli delt i forhold til hvor mange påbegynte år hver av dere var gift med avdøde.

Strauk 18 år. SPK viste til ekte­skapsloven og skreiv følgjande i brevet til Willoch:

«Når det gjelder to eller flere­ gjenlevende som har rett på ekte­fellepensjon, skal pensjonen deles i forhold til antall påbegynte år hver av dem var gift med avdøde.»

– Ut frå desse reglane får eg berre ektefellepensjon for to år og ikkje ei krone for dei 18 åra vi var sambuarar.

– Korleis opplever du svaret?

– Opprørande. Eg blir sint når eg tenkjer på dette.

Willoch understrekar at det er regelverket ho vil ha endra.

– Sambuarskap må telje like mykje som ekteskap når desse pensjonsrettane blir tent opp.

SPK hadde i går ikkje høve til å kommentere saka. Det hadde heller ikkje politisk leiing i ­Arbeidsdepartementet. Arve Skansens eks-kone er informert om saka.

Ber om lovrevisjon. Stortingsrepresentant Karin ­Andersen har vore med og laga lover i snart 17 år. SV-nestoren er sterkt engasjert i sambuarars rettar.

– Denne saka viser at det er behov for å gå gjennom pensjonsregelverket for å styrkje rettane til dei som vel å vere sambuarar.

'Skeive sider'. Andersen har tidlegare i år utfordra arbeidsminister Robert Eriksen (Frp) til å sjå på det ho kallar «skeive ­sider» ved lovverket for ekte­fellepensjon. Andersen meiner reglane til Statens pensjonskasse er ein arv frå den tida mannen jobba og kvinna var heime – og dermed var avhengig av at mannen tente opp pensjonsrettar til dei begge.

– Vi bør heller ikkje ha det slik at personar beheld pensjons­rettar sjølv etter skilmisser. Ved ein skilsmisse bør ein miste retten til å få framtidig ektefellepensjon frå eks-ektefellen.

Andersen meiner pensjons­kasser bør bli mykje betre til å informere sambuarar om kva rettar dei har.

– Denne saka viser dette til fulle.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter