Religion

Lite gudstru blant ungdomsleiarane

Fleirparten av leiarane i dei politiske ungdomspartia trur ikkje på Gud.

Vårt Land avsluttar måndag ein serie der leiarane i dei politiske ungdomspartia har presentert livssynet sitt, verdiane og dei ideologiske vegvala sine. Sandra Borch, leiar av Senterungdommen, fortel om ein oppvekst sterkt knytt til kyrkja, der ho alltid har vore opptatt av det å ha ei tru.

– Frå å ha gått på søndagsskule og deltatt på ulike kristne leirar i barndommen, gjorde eg også eit bevisst val ved å fornye løfta mine til denne trua då eg konfirmerte meg, skriv Borch.

Serien, som også er lagt ut på verdidebatt.no, viser likevel at få av dei politiske ungdomsleiarane trur på Gud. Berre KrFU-leiar Elisabeth Løland skriv rett ut at ho har ei personleg tru.

Ikkje religiøs. – Eg ser meg sjølv som lite religiøs, skriv Eskil Pedersen, leiar av AUF.

– Eg trur ikkje på Gud, og eg meiner vi bør ha eit tydeleg skilje mellom politikk og religion.

Likevel ser han alt det gode religion har tilført samfunnet, og tilfører livet til dei som trur.

– Vi som ikkje er religiøse tener ingenting på å latterleggjere eller avfeie religion i folks liv. Vi skal ha respekt for religion og religiøse, skriv Pedersen.

Evig bremsekloss. Henrik Asheim, leiar av Unge Høgre, trur på kyrkja, men ikkje på Gud.

– Eg er ikkje religiøs. Når eg tenker meg om, trur eg heller aldri eg har vore det. Eg er rett nok døypt i Den norske kyrkja, men valde borgarleg konfirmasjon og melde meg ut av statskyrkja då eg var 18 år, skriv Asheim.

Unge Høgre-leiaren karakteriserer kyrkja på sitt verste som gammaldags, intolerant og ein «evig bremsekloss for den naturlege utviklinga samfunnet går igjennom». På sitt beste er derimot kyrkja ein tolerant og open institusjon som forkynner kjærleik og medmenneskelegdom.

– Eg er sjølv ikkje kristen, men trur på ei kyrkje som hjelper dei som kjenner seg hjelpelause, og gir åndeleg påfyll til menneske når livet blir tøft, skriv Asheim.

Prøvde søndagsskule. Formann i Framskrittspartiets Ungdom, Ove Vanebo, opnar innlegget sitt slik:

– Foreldra mine sendte meg på søndagsskule då eg var liten. Det hjelpte ikkje. Verken då eller seinare har eg har ei religiøs tilknytting. Det ligg rett og slett ikkje i naturen min å vere truande.

Vanebo meiner at ein del kristne har meir å lære om liberale verdiar.

– Mange av virkemidla tilhengarar av kristendommen har brukt for å forkynne livssynet sitt, har vore knytt til statleg press, som kristen føremålsparagraf, skulegudstenester og statskyrkje. Eg trur dette er ein forfeila strategi, skriv FpU-leiaren.

Sveinung Rotevatn, leiar av Unge Venstre, skriv at han er døypt og konfirmert i Den norske kyrkja, og at han til og med har hatt sommarjobb som kyrkjetenar. Likevel valde han å melde seg ut av statskyrkja då han var 20 år, rett og slett fordi han ikkje trudde på Gud.

– Om nokon spør meg kva livssyn er har i dag, svarar eg at eg er ateist, skriv Rotevatn.

Møtte bedehusveggen. Olav Magnus Linge, leiar av Sosialistisk Ungdom, er mindre bastant i skildringa av livssynet sitt.

– Kristen er eg kanskje ikkje. Eit ærleg forsøk møtte bedehusveggen under konfirmasjonsundervisinga, skriv han.

Linge uttrykkjer likevel stor respekt for Jesus, som han ser som ein opprørar mot ein brutal okkupant i eit fattig klassesamfunn, og ein som er på lag med dei elendige og undertrykte.

– For nokre har trua på eit liv etter dette gitt håpet, motet og styrken som trengst for å gjere det samfunnet vi har no betre. Eg veit sanneleg ikkje kva eg skal tru om det. Men eg veit at eg trur på trua, avsluttar SU-leiaren.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion