Nyheter

Høybråten: ‘Ikkje døm folk etter mediebiletet’

Tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten meiner Bærum-saka framstår annleis i dag enn for ti år sidan.

Overlege Stig Ottesen ved Bærum sykehus vart hausten 1998 meld til Helsetilsynet og seinare til politiet av kollega Carl-Magnus Edenbrandt for påstått aktiv dødshjelp. Ein alvorleg kreftsjuk pasient vart lagt i koma eller søvn dei siste dagane av livet (lindrande sedering).

Kosta. Striden kosta i år 2000 helsedirektør Anne Alvik jobben. Saka vart i 2001 lagt bort av Riksadvokaten, i eitt tilfelle «etter bevisets stilling». Ottesen fekk i 2002 åtvaring for uforsvarleg legeverksemd: Viktig informasjon mangla i journalen.

Vårt Land har denne veka ein intervjuserie med fleire aktørar i Bærum-saka. I avisa i dag seier professor Jan Helge Solbakk at han var ein nyttig idiot for media. Hans Olav Tungesvik seier at han angrar på at han brukte eit utdrag av ein anonymisert journal som grunnlag for sterke meiningar. Han vil i dag ikkje komme med bastante utsegner om det var aktiv dødshjelp eller ikkje i Bærum-saka.

LES OGSÅ: Varslaren i Bærum-saka: Heilt nødvendig at eg sa i frå

Permisjon. Høybråten var helseminister då Bærum-saka kom opp i mai 1999, men vart etterfølgd av Tore Tønne knapt to veker før Alvik søkte permisjon i slutten av mars 2000. Alvik gjekk av i slutten av august. Ho har i boka si Min side av saken skrive korleis ho kjende seg pressa ut av departementsråd Anne Kari Lande Hasle.

Høybråten vil ikkje kommentere det som hende under Tønne då Høybråten sjølv var blitt trygdedirektør med departementsråden som arbeidsgjevar: Alvik kjende seg pressa ut av departementsråd Anne Kari Lande Hasle, og ho oppfatta det som at Lande Hasle gav andre signal enn Tore Tønne.

Versjon. Men KrF-leiaren meiner det er bra at Alvik har gjeve sin versjon av saka «som samla sett framstår annleis i ettertid enn den framsto på grunnlag av medieomtalen den gongen».

– Generelt er denne saka ei kraftig påminning om at ein ikkje skal vere så snare til å dømme folk ut frå eit mediebilete på eit gitt tidspunkt. Det er også ei påminning om dei enorme menneskelege påkjenningar når ein vert får eit einsidig negativt fokus i ei sak over lang tid. Ingen som ikkje har prøvd det, kan fullt ut forstå. Difor er det viktig at nokon fortel si historie, seier Høybråten.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter