Nyheter

Førde hardt ut mot helsekollegaer som felte «dramatiske dommar»

Reidun Førde: Folk kjende ikkje fakta i Bærum-saka.

– Eg har lært mykje av Bærum-saka. Etikken heng ikkje i lause lufta, seier Førde.

Ho var under Bærum-saka leiar i Rådet for legeetikk. I dag er ho professor i medisinsk etikk.

Om ettertanken. – Eg har fleire gonger sagt at alle som var involverte burde gått gjennom Bærum-saka, for å vurdere korleis vi ser saka i dag, kva vi kan ta med vidare og korleis vi skal hindre at slikt skjer igjen. Men det har nok vore for mykje kjensler, seier Førde.

Då Bærum-saka eksploderte hadde Førde ikkje teke stilling til lindrande sedering – det at legar legg alvorleg sjuke pasientar i koma eller søvn dei siste dagane før døden kjem.

– Eg er glad for at eg ikkje tok stilling i media og ville vite meir først. Behandlinga kan, alt etter måten den vert brukt på, vere alt frå aktiv dødshjelp til god medisin. Dette er det ikkje råd å gjere seg ferdig med i avisoverskrifter, seier Førde.

«Over streken». Førde meiner «media gjekk langt over streken».

– Vi skal føre etiske debattar offentleg. Men her vart det så mykje vekt på skuld og ikkje skuld at det vart svært vanskeleg å føre ein viktig etisk debatt i media, seier Førde.

LES OGSÅ: Varslaren i Bærum-saka: 'Heilt nødvendig at eg sa i frå'

Førde hadde tilrådd Carl Magnus Edenbrandt, som meinte det var utført aktiv dødshjelp, ikkje å gå til media. I dag seier ho at dette vart «utlagt som at eg ville leggje lokk på debatten».

Laga reglar. Førde leia i 2002 ei arbeidsgruppe som på vegne av Legeforeininga laga retningsliner for lindrande sedering. Det var ei direkte følgje av Bærum-saka.

– Det er ikkje lett å forstå at så pass mange i den medisinske profesjonen gjekk ut og felte dramatiske dommar i eit spørsmål som var så komplisert at folk etterpå brukte månader på å komme gjennom, seier Førde og legg til:

– Eg meiner framleis at det beste ville vore om fagmiljøet hadde fått løyst saka. Spørsmålet er om vi ville gjort det utan at dette først vart ei mediesak.

– De hadde ikkje gjort det før Bærum-saka kom i avisene?

– Nei. Men debatten var byrja å komme i kreftmiljøet. Dette grenseområdet i etikken ville vi ha teke tak i, seier Førde.

LES OGSÅ: 'Nokon må slåss for pasientane'

Varslar. I boka til tidlegare helsedirektør Anne Alvik, Min side av saken, får Rådet for legeetikk kritikk for å ha «ment at det er i orden at en lege melder en kollega til politiet for å ha tatt livet av en pasient mens saken fortsatt er til behandling i Helsetilsynet». Førde avviser kritikken.

– Når helsepersonell har oppdaga noko som dei meiner kan vere ein alvorleg feil, har dei både rett og plikt til å seie frå. Å bli skulda for drap er hardt, særleg når ein meiner at ein har hjelpt pasienten innanfor lovlege rammer. Men dersom Edenbrand meinte at praksisen var så alvorleg, måtte han sjølvsagt varsle, seier Førde som derimot kritiserte Edenbrandt for altfor sterk ord bruk.

LES OGSÅ: Høybråten: 'Ikkje døm folk etter mediebiletet'

«Sterk skildring». Førde seier at den sterke skildringa til Alvik «pressar folk til å sjå på si eiga rolle på ein måte dei elles ikkje ville gjort».

– Såg helsedirektør Anne Alvik sprengkrafta i saka?

– Det gjorde ho vel ikkje, svarar Førde og legg til:

– I ettertid kan ein hevde at det truleg hadde spart alle impliserte for mykje vondt dersom Helsetilsynet på bakgrunn av dei alvorlege skuldingane om aktiv dødshjelp, straks hadde søkt råd utanfor landet.

«Absurd». Førde seier at Alvik «var ein flink fagperson som vart eit offer i ei utruleg oppheta sak der media langt på veg hadde regien».

– Det er absurd at Alvik vart skulda for å vere med på ein slags konspirasjon, at ho som var ein sterk motstandar av aktiv dødshjelp, skulle bli skulda for å verne folk som var på gal side av lova, seier Førde.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter