Nyheter

EU vil overvake båtflyktningar

Programmet Eurosur vil bruke satellittar, dronar og sensorar på plattformer til å overvake farvatnet til Europa. Kritikarar meiner det ikkje handlar om å gjere båtfluktene tryggare, men vanskelegare å kome seg til nytt land.

På vel ei veke har rundt 400 flyktningar mista livet i to båtforlis i farvatna mellom Nord-Afrika og Italia. Totalt har opp mot 20.000 drukna under forsøka på å ta seg over Middelhavet frå Afrika til Europa dei siste 20 åra, reknar EU opp.

– I kjølvatnet av Lampedusa-tragedien har vi høyrt solidariske erklæringar frå alle EU-landa. Men det blir berre tome ord dersom dei ikkje blir følgt opp av konkrete tiltak, seier EUs innanrikskommissær, svenske Cecilia Malmström.

Samstundes som marinefartøy frå Malta og Italia plukkar opp levande og døde frå havet strammar EU grenseovervakinga monaleg til. Dagen før det siste båtforliset godkjente EU-parlamentet European Border Surveillance System (Eurosur), EUs nye system for grenseovervaking – som også Norge blir ein del av.

Auka overvaking. Ved å bruke satellittar, dronar og sensorar på plattformer, skal EU overvake Europas yttergrenser. Det skal bli vanskelegare å ta seg ulovleg over grensene og drive smugling og menneskehandel til det passfrie Schengen-området, som inkluderer Norge.

EU vonar også at systemet kan hindre katastrofar som dei utanfor den italienske øya Lampedusa 3. og 11. oktober. Innanrikskommissær Malmström seier Eurosur skal hjelpe EU med å redde liv.

Kritikarane er sterkt usamde. Mellom dei er den tyske EU-parlamentarikaren Franziska Keller frå partiet Dei grøne. Ho meiner Eurosur primært er ei verktøykasse som skal brukast til å byggje høgare grenser som stengjer fleire ute:

– Eurosur tek sikte på å hindre flyktningar å ta seg frå Nord-Afrika til Europa med hjelp av samarbeidsavtaler med land i regionen. I praksis betyr dette at EU effektivt flyttar yttergrensene til land som manglar asylpolitikk og som ikkje ein gong har signert Geneve-konvensjonen.

Nå skal EU-landa setje sine stempel på Eurosur. Overvakinga skal starte i desember. Prislappen på prosjektet er på over 2,5 milliardar kroner fram til 2020.

Seglar «down under». Tusental flyktningar frå land i Afrika, Midtausten og Asia vel å stemne sørover i verda for å få asyl. Alle har eitt land i sikte, Australia. Men også her druknar mange båtflyktningar innan dei når land.

I slutten av september drukna minst 20 personar etter at ein båt sokk utanfor kysten av Indonesia. Ein libanesar overlevde og kunne fortelje at det var rundt 100 menneske ombord på båten som skulle til Australia. Framleis er vel 70 sakna. I fjor forliste to båtar som var på veg frå Indonesia. Av totalt 350 flyktningar blei berre 50 redda.

Akkurat som EU, trappar Australia opp kampen mot illegal innvandring. Regjeringa til Australias nyvalde statsminister, konservative Tony Abbot, skal sjøsetje operasjonen Sovereign Borders som byr på tiltak som å taue indonesiske asylbåtar tilbake til Indonesia, kjøpe opp fiskebåtar i Indonesia for å stoppe smugling, utplassere australske politimenn i kystlandsbyar i Indonesia og betale informantar i Indonesia for å få kunnskap om komande smuglarturar.

Dumpa i naboland. Målet er å stoppe den sterke tilstrøyminga. Sidan september i fjor har det kome 400 båtar med asylsøkjarar til Australia, totalt 45.000 menneske, sidan 2007.

Under valkampen i september innførte det regjerande arbeidarpartiet innstrammingar i asylpolitikken. Asylsøkjarar som får ja på søknaden skal ikkje bli busette i Australia, dei skal dumpast i Papua Ny-Guinea. Australia betalar det fattige landet raust for å ta i mot folk dei ikkje vil ha sjølve.

– Australia har vendt ryggen til nokre av verdas mest sårbare menneske, refsar Graeme McGregor i Amnesty International Australia.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter