Nyheter

Danmark: Vil sikre flagget med kross

Dansk Folkeparti uroleg over juss-åtvaring om framtida til flagget.

Dansk Folkeparti som i Danmark har posisjonen til Frp her heime, vil ha utanriksministeren si vurdering av om det danske flagget, Dannebrog, kan bli forbode.

Spørsmålet er om dommen i Menneskerettsdomstolen i fjor i kampen om krusifiks i italienske skular kan få følgjer for flagg med krossteikn.

Vårt Land skriv i dag om det norske flagget i lys av Menneskerettsdomstolen sin dom mot krusifiks.

LES OGSÅ: Jusprofessorar: Krusifiksdom trugar flagg med kross

Kristeligt Dagblad skreiv i går om dei 37 jussprofessorane som åtvarar mot følgjene for flagga dersom dommen vert ståande. Dommen er anka.

LES OGSÅ: VÅRT LANDS NETTLEIAR: Kristenkorset

I Danmark vil Pia Adelsteen, Dansk Folkepartis EU-ordførar, at utanriksminister Lene Esperson (V) snarast avklarar om flagget står i fare. Adelsteen har bede om eit møte med statsråden, skriv Kristeligt Dagblad.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter