Inger Marie Lid er professor ved VID vitenskapelige høgskole. Ho ynskjer ein revisjon av trusopplæringsplanen.

Meiner kyrkja treng meir kunnskap

– Kyrkja er oppteken av eit godt menneskesyn og å vere inkluderande, men så har den ikkje klart å sjå kva det betyr i praksis, meiner professor Inger Marie Lid.

Publisert Sist oppdatert

Ho har sett på konfirmasjon i kyrkja og kor vidt det er mogleg for alle, uavhengig av funksjonsevne, å bli konfirmert. Lid har snakka med tilsette i fire kyrkjelydar, der tema har vore inkludering og tilrettelegging i konfirmasjonsundervisninga.

– Det er ei mindre studie, finansiert av trusopplæringsreformen. Men eg trur den seier noko om korleis det er, seier Lid, som er teolog og professor ved VID vitenskapelige høgskole.

Ho har forska på funksjonshemming og inkludering over fleire år.

LES HOVUDSAKA: Korleis er det å lære om tru når det abstrakte ikkje gir så mykje meining?

Meir kunnskap

Ifølgje Lid kan mange unge oppleve ei taus forventning i somme kyrkjelydar om at dei skal vere som alle andre.

– Dermed kan konfirmantar med funksjonsnedsetjing oppleve at det ikkje er rom for deira deltaking, noko som kan hindre mangfald, meiner ho.

I rapporten hennar kjem det fram at ikkje alle kyrkjelydar klarer å legge til rette for likeverdig deltaking i konfirmantopplegget. Lid skriv: «Som det er nå, gis konfirmantene det signalet at diskriminering på grunnlag av funksjonsevne ikke er så alvorlig».

– Ja. Det er både overraskande og uheldig at kyrkjelydane ikkje har betre kunnskap om inkludering og tilrettelegging. Barn og unge i dag er vande til inkludering på alle arenaer.

Ho trekk fram konfirmasjonsleir som eit døme. Fleire kan ha vanskeleg for å delta på denne av ulike årsaker. Det sender eit dårleg signal, meiner Lid.

– Kyrkja må vise at det er viktig for dei å inkludere alle, meiner ho, og stiller spørsmåla:

– Må ein reise langt til leir? Kan ein arrangere det nærare heime, slik at dei som må bu heime også får ta del i det som skjer der?

Store variasjonar

I dag må kyrkja ha eit funksjonshemmingsperspektiv i alt den gjer, og det krev meir enn god vilje og eldsjeler, meiner Lid.

Ho trur samtidig det er mykje god vilje blant dei som arbeider i kyrkja.

– Men så har ikkje kyrkja klart å sjå kva det betyr i praksis. Det ville kanskje vore lettare om det var fleire prestar, andre tilsette og frivillige i kyrkja som hadde erfaring med funksjonsnedsetjing sjølve, trur Lid.

Ho understrekar at variasjonane innan funksjonsevne kan vere store. Kyrkja treng derfor meir målretta kunnskap.

– Og då meiner eg ikkje meir medisinsk kunnskap om diagnosar, men kunnskap om kva det er å vere inkluderande.

Utfordrar

Spesialprest i Borg bispedømme, Tor Ivar Torgauten, meiner det er større mangfald i kyrkja enn det som kjem fram i studien til Lid. Han har jobba som spesialprest i 19 år, der han har kjempa for at menneske med nedsett funksjonsevne skal ha sin rettmessige plass i kyrkja. Og han har mange med seg, seier han.

– Problemet er at desse mange ofte føler seg som spesielt interesserte. Kyrkjelege dokument seier klar og tydeleg at alle skal med i eit stort vi, utifrå sine føresetnadar. Det skjer mykje bra mange stadar, men vi er ikkje i hamn.

Han utfordrar utdanningsinstitusjonane til å gi temaet ein mykje større plass i undervisninga.

– Kyrkjas praksis er også ei følgje av den utdanning studentane får. Lids undersøking tilseier at utdanningsinstitusjonane må kome på banen i mykje sterkare grad, meiner han.

LES MEIR:

Knut Vollebæk er koronasmittet: – Viruset vil forandre verden, forhåpentligvis til det bedre.

Lei karantenelivet allerede? Les om Tyfus-Mary som satt i karantene i 26 år.

Kristne organisasjoner når unge gjennom gaming.

Plan for trusopplæring

  • Vedteken på Kyrkjemøtet i 2009.
  • Den gjeld for alle døypte i alderen 0 til 18 år, uavhengig av funksjonsevne.
  • Ifølgje planen, skal kyrkja medverke til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som:
  • – Vekkjer og styrker kristen tru
  • – Gir kjennskap til den treeinige Gud
  • – Medverkar til kristen livstolking og livsmeistring
  • – Utfordrar til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv
  • Kjelde: Plan for trusopplæring