FREDAGSBØN: Det har vore fredagsbøn i Oslo fengsel dei siste 10-15 åra, men ikkje fast. Men no har dei endeleg fått på plass ein avtale med ein imam som kjem var veke. Fengselsprestane Harald Kjær (t.v) og Terje Auli gjer rommet klart.

TILTAK: Eit prioritert tiltak for å hindre radikalisering mellom muslimar i fengsel er å tilsetje mentorar.

MEININGA MED LIVET: – Det viktig å gå i dialog med dei som står i fare for å bli radikalisert. Vi må finne ut kva dei meiner er meininga med livet, seier direktør i Oslo fengsel, Øyvind Alnæs

SIT INNE: «Akil» og «Malik» reknar seg ikkje som spesielt religiøse, men dei trur mange blir lett hjernevaska i fengselet.

VAR KYRKJE FØR: I 1884 vart det bygd ein ekstra fløy med fengselskyrkje i Oslo fengsel. I dag heng mosaikkane framleis på veggen.

Ber bak låste dører

Fengselsprestane Terje Auli og Harald Kjær legg ut ­bønetepper og inviterer­ muslimar til samtale. Klarar­ fengsel å gjera fangar ­mindre radikale?

Terje Auli og Harald Kjær tek tak i kvar sin ende av bøneteppet og legg det forsiktig ned på bakken. Vårsola skin inn mellom persiennene som dekkjer dei smale, gamle vindauga i Oslo fengsel. I eine hjørnet av rommet står eit biljardbord.

– Det er plass til 25 personar. Til no har det vore alt frå åtte til 20 som har delteke, fortel fengselsprest Kjær, idet han og kollegaen legg på plass eit teppe til.

Det er klart for fredagsbøn i fengselet. Endeleg har dei fått på plass ein fast avtale med ein imam som kjem innom kvar veke. Det set dei muslimske fangane pris på, ifølgje prestane.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP