12. desember på Fiskå i Strand er det stort sett barn i raud julenissedrakt som går frå dør til dør. Mange har på seg ein romsleg gul refleksvest som lyser opp langs vegen når bilar køyrer forbi. To nissar på el-sparkesykkel ruller inn på gardstunet, slenger frå seg syklane og ringer på. Døra går opp og «Eit barn er født i Betlehem» vert framført a capella i byte mot snop og mandarinar.
Denne natta er Lossi ute og rir. Det kan gå ut over både hus og dyr, mat og øl dersom ho blir sinna. Lossi var rekna som eit skremmeleg juletroll i gamle dagar som tok hestar og reid dei til dei vart dyvåte av sveitte. Det gjeld å halde seg inne med denne trollkjerringa som går frå dør til dør og tiggar. Det kan gå ille med folk som ikkje gir, fortel tradisjonen.
Matauk
Bestill abonnement her
KJØP