Stormvind av Guds nåde

MIN TRO: – Jesu kjærleik gjer meg fri, modig og heit, seier Carola Häggkvist.

Namnet Carola gir assosiasjonar til julesongar – «carols». Det stammar frå norrøne «karl» – fri mann, eventuelt fri kvinne. På spansk tyder namnet «glad». Ei fri og glad kvinne som syng åndelege songar ­­– namnet passar svært så godt på den folkekjære, svenske artisten.

– Det var pappa som fann på at eg skulle heite Carola, fortel ho.

– Eg veit ikkje kvar han hadde det frå. Så gav mamma meg namnet Maria.

Carolas fulle namn er altså Carola Maria Häggkvist. Men heller ikkje i dette intervjuet brukar vi meir enn Carolas første fornamn. Det er moglegvis noko kongeleg over det. Det finst berre ei Sonja og ei Silvia. Og det finst berre ei Carola. Popdronninga.

Litt Maria skal vi likevel snakke om her. I august hadde Carola nemleg urpremiere på eit syngespel om Maria Magdalena, på Olavsfest i Trondheim, ein festival den svenske artisten omtaler som ein «spydspiss for heile Norden».

– I kva grad kan du identifisere deg med Maria Magdalena?

– På eitt vis kjenner eg meg att i forvandlinga hennar. Eg er også blitt rørt ved av Jesus, seier Carola.

Maria Magdalena var den første som fekk sjå den oppstadne Jesus. Carola kjenner seg att i at Jesus såg henne og sa namnet hennar utanfor den tomme grava. Sjølv har ho opplevd det same, at Jesus såg henne og kom til henne.

– Eg opplevde det som at alt anna bleikna. Eg ville følgje han, seier artisten som frå gjennombrotet i 16-årsalderen har vore ein av Skandinavias mest omtalte personar.

---

Carola Häggkvist

  • Svensk artist
  • 56 år
  • Slo igjennom i Melodi Grand Prix med låten «Främling» som 16-åring, og har sidan vore ein av Skandinavias største popstjerner
  • Har sonen Amadeus og adoptivdottera Zoe
  • Aktuell med syngespelet «Maria Magdalena», som hadde urpremiere på Olavfest i august

---

Har Jesus som sin frelsar

For Carola er det nye syngespelet det viktigaste ho har gjort. Songane kom til henne mens ho var i Jerusalem. Så har Erik Hillestad «kledd» songane med sine tekstar i etterkant.

– Det er godt for meg som artist, og som eit kjent namn, å gå inn i rolla som forteljar. Eg kan ta på meg Maria Magdalenas klede, slik eg tidlegare har tatt på meg kleda til Maria, Jesu mor, seier Carola, med referanse til dei to juleplatene ho spelte inn i Betlehem (Jul i Betlehem I og II).

31.07.22 Olavsfest, Trondheim. Bilder av Carola tatt ved Olavshallen under prøve av forestilling Maria Magdalena.

Carola trur Maria Magdalena er ein person vi alle kan identifisere oss med, både menn og kvinner. Sjølv er ho, som Maria, «drabbad» av Jesu kjærleik.

– Ein treng ikkje å vere «storsyndar» for å møte Jesus. Det handlar om å lære å kjenne kjærleiken, seier den svenske artisten.

– Maria Magdalenas vitnesbyrd er: «Eg har sett Herren!» Det same har du sagt gjennom karrieren din; du har peika oppover. Som ein av Skandinavias største kjendisar har du alltid peika på Jesus. Også syngespelet handlar eigentleg om Jesus. Kven er Jesus for deg?

– Jesus er først og fremst frelsaren min. Eg trur på ein himmel, og at Jesus er vegen til himmelen. Eg trur at Gud sendte Jesus så det skulle bli mogleg for oss å komme til Gud, seier Carola.

Ho trekker fram lengten etter Messias som vi kan lese om i Det gamle testamentet.

– Når Jesus kjem attende igjen, kjem alle til å forstå at han er Messias, at han er verdas frelsar.

Blei kristen som 13-åring

Carola har alltid hatt ei gudstru, men gjekk ikkje i kyrkja som barn. Ho kjem ikkje frå ein kyrkjeleg familie, sjølv om det fanst element av tru blant familiemedlemmane. Så møtte ho Jesus på ein leir då ho var 13 år. Ho omtaler hendinga som at ho blei frelst.

– Eg høyrde ei lita røyst, men eg våga nesten ikkje å høyre etter, for eg visste at ho ville endre livet mitt. Men så reiste eg meg opp. Det var min tur, i ei lita fjellkyrkje i Transtrand. Eg gjekk fram og takka for at eg hadde fått lære Jesus å kjenne. Tårene rann. Og eg sa ja til Jesus. Då eg sette meg, opplevde eg korleis Gud opna auga mine. Eg såg himmelen, fortel Carola.

Eitt år seinare, som 14-åring, konfirmerte ho seg og sa ja til Jesus og den kristne trua også på den måten.

Ho smiler. Carola smiler generelt mykje. Ho var ein glad person allereie før ho blei ein kristen, men blei endå gladare etterpå.

Som ho seier det:

– Eg fekk evig liv! Eg fekk Guds flamme endå sterkare på innsida.

Tårene rann. Og eg sa ja til Jesus.

—  Carola Häggkvist

Førebudd av Gud

Som 14-åring fekk Carola eit profetisk ord om at Gud skulle bruke henne – og det snart. Dette hjelpte henne, fortel ho i dag. To år seinare slo ho nemleg igjennom som artist med låten «Främling». Ho gjekk ned på kne og takka Gud då låtskrivaren Lasse Holm ringte henne og sa at låten var blitt tatt ut til musikkonkurransen.

– Gud hadde førebudd meg. Eg visste at noko var på gang, seier Carola.

Ho er fullt innforstått med at ikkje alle kjenner på slike meldingar frå Gud. Og ho understrekar at kvart enkelt menneske er sett av Gud, anten ein har sterke åndelege opplevingar eller ikkje.

Sjølv har ho høyrt Guds og Jesu stemme fleire gonger. Det kan skje når ho minst ventar det.

– Ein gong var då eg var 16 år og stod på kjøkkenet, rundt ein månad før Melodi Grand Prix. Då høyrte eg Guds stemme som sa: Du skal begynne på bibelskule til hausten, fortel Carola.

Allereie i MGP-finalen hadde ho med seg Bibelen, noko programleiaren fanga opp og spurte henne om. Det vekte stor merksemd.

– Eg elskar Bibelen. Det er så mykje å lære, og han duftar så godt. Så eg hadde jo med Bibelen backstage. Eg lukta på han og bad til Gud om å få eit bibelvers. Så slo eg opp i Salomos ordtak, kapittel 3, og las om å skrive Guds ord på hjartetavla mi. Det er «jättestärkt»!

Carola fortel at ho var oppglødd. Ho skulle gå på bibelskule. Ho hadde vunne Melodi Grand Prix. Og ho takka Gud for sigeren på direkten.

– Eg kjende meg som ein dynamitt, seier ho og slår ut med armane.

31.07.22 Olavsfest, Trondheim. Bilder av Carola tatt ved Olavshallen under prøve av forestilling Maria Magdalena.

Kjente seg brukt av media

Så ser ho samtidig at ho blei brukt i ettertid. Ho snakkar om «ulvar» som ville ha ein bit av henne. Ho måtte posere med Bibelen. Stå slik og slik.

– Eg blei dratt hit og hit. Det blei vanskeleg å vere meg sjølv. Plutseleg fanst det ein heilt ny matematikk og logistikk, seier ho.

– Opplevde du at bransjefolka rundt deg prøvde å bremse det religiøse engasjementet ditt?

– Ja, men det var fordi avisene skreiv så mykje. Det personlege engasjementet mitt fekk eg ha. Men det var vanskeleg å seie det som låg på hjartet mitt, fordi eg visste at det ville bli forvrengt. Det må journalistane sjølve stå til ansvar for.

Gjennom alt klarte ho likevel å halde på gleda i Gud. Vere glad i Gud.

– Gud vil at vi skal få vere glade. Han kjem med fred, og han kjem med glede, seier Carola.

Eg elskar Bibelen. Det er så mykje å lære, og han duftar så godt.

—  Carola Häggkvist

For henne er det samtidig viktig å vere Gud til glede, som blant anna juleevangeliet fortel om – «menneske som Gud har glede i». Det var viktig for henne også då ho framførte «Främling». Men så fanst det ein jury der som gav henne full poengscore – for første gong i svensk Grand Prix-historie.

Ho har vunne den svenske Melodi Grand Prix-finalen tre gonger. Den internasjonale finalen har ho vunne éin gong, med «Fångad av en stormvind» i 1991. Carola har likevel ein annan bodskap å framføre enn at ho sjølv har lukkast på den store scenen. Den bodskapen handlar om at Gud ser oss.

– Han ser når du er einsam. Han ser oss i det vesle. Eg trur at det er der det skjer. Eg har bede om at Gud må få æra, uansett korleis det går. Det er der hjartet mitt har vore, seier Carola.

Fleire gonger i intervjuet kjem ho attende til Jesu kjærleik.

­– Jesu kjærleik gjer meg fri, modig og «heit» – frimodigheit, seier ho.

– Kva har vi å frykte om Jesus har stått opp frå dei døde? Han som kjenner oss ved namn, og som har ein himmel som er mykje betre enn det beste og vakraste vi veit om. Det gjer meg fri. Det er der eg hentar styrken min til å gå vidare når media har skrive noko urettferdig. Då kan eg gjere det Jesus seier: Tilgi dei, og samtidig våge å vere menneske. Våge å gråte ut hos venninner, seier Carola.

Då kan ho også reise seg igjen.

– Om vi held oss nær Gud, vil han gi oss det vi behøver. Det er ikkje alltid eg kjenner at det kjem til meg. Men eg veit at om eg er tolmodig, kjem han til å møte meg. Eg har gått igjennom mykje som ... ingen veit. Men Gud veit!

Tenkte på å slutte med musikk

På eit tidspunkt i livet tenkte Carola på å legge borte heile karrieren og slutte med synginga.

– Det var etter skilsmissa mi. Då sa eg til Gud at eg ikkje trong å synge meir. Men Gud sa til meg: «Eg er ikkje ferdig med deg!»

Carolas giftarmål med og seinare skilsmisse frå norske Runar Søgaard var blant dei store føljetongane i skandinavisk presse på 1990- og tidleg 2000-tal. Vi skal ikkje inn i den tematikken – heller ikkje Carolas seinare kjærasteforhold – i dette intervjuet.

Men Carola, sjølv om ho trur på likestilling, var i den ovanfornemnte situasjonen budd på å ofre sin eigen karriere til fordel for å støtte mannen sin og vere ei god «fru». Dette sette altså Gud ein stoppar for, fortel ho.

Eit nytt giftarmål er likevel ikkje utenkeleg for henne, potensielt sett.

– Eg trur på nåden. På ein barmhjertig Gud, også når det kjem til gjengifte.

Carola stoppar der. Ho vil heller snakke om Gud som ei lysande sol, som ein «diamant».

– Eg vil ha meir av Gud. Dess meir vi lærer å kjenne han, ser vi nye sider som i eit prisme. Nye ord og tankar blir openberra for oss gjennom Guds skrivne ord, seier ho.

– Eg sit ikkje berre heime og målar neglene. Eg er svolten på Gud.

For artisten heng denne svolten også saman med at ho får brukt talentet sitt. Ho går ut og gjer, som ho seier. I motsett fall ville ho blitt «tjukk og trøytt». Men ho synest ho kan sjå at det noko som skjer i tida: Gud vil openberre seg berre meir og meir for dei som lengtar og tørstar.

Eg er svolten på Gud.

—  Carola Häggkvist

Har varme hender

Svolten på og tørsten etter Gud gjer Carola open. Ho er standby for ein profeti om at Gud vil bruke henne som dronning Ester. Og ho fortel at ho har varme hender.

– Når eg bed for sjuke, og når det kjem læking, kjem det varme i den venstre handa mi. Det er ikkje noko hokuspokus, men handlar om at vi stiller oss opne for Gud så Den heilage ande får bruke oss.

Ho har ei lita oppfordring til oss alle.

– Vi som vil følgje Jesus må vere litt snillare mot kvarandre. Vi må ikkje vere så dømmande mot kvarandre. Og når vi hjelper kvarandre, må vi gjere det i kjærleik.

31.07.22 Olavsfest, Trondheim. Bilder av Carola tatt ved Olavshallen under prøve av forestilling Maria Magdalena.

Det aller viktigaste i Carolas kristne tru er krossen og oppstoda.

– Kva betyr Jesu oppstode for deg personleg?

– Oppstoda betyr alt. Utan den kunne eg ikkje kalle meg ein kristen. Gjennom oppstoda får vi gå saman med Jesus frå død til liv. Det er mektig, seier Carola.

Difor er også det nye syngespelet hennar om påske så viktig for henne: Det handlar nettopp om Jesu død på krossen. Om Jesu oppstode.

Ho kjem inn på filmen Ben-Hur, som ho såg då ho var tolv år.

– Filmen var som ei førebuing til at eg sa ja til Jesus. Når eg tenker på filmen, hugsar eg korleis Jesus døyr på krossen – det blir mørkt, folk reiser seg frå gravene. Dei romerske vaktene blir livredde og innser: Han må ha vore Guds son! Kva har vi gjort? Det var eit mirakel som skjedde. Og eg trur på dette store mirakelet, seier Carola.

Carola ber ofte bøna som Jesus lærte oss, Fadervår. Ho trur på ein nådefull Gud. Og oppstoda, som er så viktig for henne, ser ho på som ein «stormvind» som set oss fri.

– Å være «fångad av ein stormvind» er å tru på Gud, rett og slett?

– Ja! Stormvinden er Den heilage ande. Men Anden kan også komme som ein stille vind, som eit teppe.

Oppstoda betyr alt. Utan den kunne eg ikkje kalle meg ein kristen.

—  Carola Häggkvist

Vil vere modig og fri

For Carola er musikken noko anna enn underhaldning. Musikken er ei kraft – ei urkraft. Den krafta kan skape tru, håp og kjærleik.

– Det merkar også dei som ikkje trur på Jesus, krafta i musikken. Men utan å avgrense for mykje merkar eg forskjellen når musikken er av ånd eller ikkje, seier Carola.

Då kan musikken opne vegen til Gud.

– Kva tenker du om at nettopp du fekk ei stor plattform til å peike på Gud gjennom musikken?

– Eg tenker på Maria, Jesu mor, som sa i møte med det uforståelege: Eg er Herrens tenestekvinne, lat det gå meg som du har sagt! For meg var det flaks at Gud fann meg då eg var så ung. Elles hadde eg kanskje vore ein annan stad, seier Carola.

Karrieren hennar har tatt henne langt. Samtidig er det Gud som har vore på førsteplassen hennar sidan ho blei ein kristen som 13-åring. Ikkje karrieren.

– Hadde eg vore mest opptatt av karriere, hadde eg ikkje begynt på Livets ord bibelskule, til dømes. Det er å myrde ein karriere. Men Gud er «underbar». Poff, så var eg med i Melodi Grand Prix igjen – og vann!

Sjølv når ho gjer ting som ser profant ut, er det viktig for Carola å vite at ho går med Gud. Ho syng gjerne i kyrkja. Ho syng gjerne i Melodi Grand Prix. Det viktige for henne er å vere relevant og ekte. Derfor er ho alltid seg sjølv.

– Så får Den heilage ande opne dørene, seier Carola.

Ho vil gjerne bli hugsa for at ho var modig – ei modig, fri kvinne, som namnet Carola signaliserer.

– Men for å vere modige må vi ta imot kjærleiken frå Jesus, seier Carola.

– Den fullkomne kjærleiken driv all redsla ut.

Intervjuet med Carola blei gjort under Olavsfest i Trondheim i august og kan sjåast på TVL. Dette er ein skriftleg og lett redigert versjon.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Min tro