Då han kom heim frå barnehagen, song han bordverset for den ateistiske familien sin

Det var tidleg på 2000-talet i den sjellause, triste høgblokka med studentleilegheiter på Fantoft i Bergen. Lars Petter Sveen hadde byrja å studere.

No låg han på golvet i den tronge hybelen full av tomme vinflasker i sterk bakrus. Han hadde kutta seg sjølv på armane.

«Dette gjorde så vondt at det gidd eg ikkje», tenkte han som over tjue år seinare omtalar seg sjølv som tidenes mest mislukka sjølvskadar. Han tok opp den store mobiltelefonen for å ringe dei sterkt ateistiske foreldra, og sei at han hadde bestemt seg for å bli kristen.

– Pappa hånlo og mamma gret. Eg vart letta over at det eg sa var så sinnssjukt dramatisk for foreldra mine, seier Sveen.

Berre trøyst i trua

Å ringe foreldra var eit opprør frå den unge forfattarspiren som studerte ex.phil., hadde ei barnetru og var fascinert av eksistensialistiske filosofar. Korleis sameine trua på Gud med skremmande tankar om eksistensen? Det var då han fann Søren Kierkegaard og boka Grepet av angst, om Kierkegaards sprang inn i kristentrua.

Lars Petter Sveen

I dag trur Sveen det handlar om at han hadde nådd botn.

Det var ikkje lenger noko å tape. Eg trong å sjå at det ikkje var noko anna veg å komme. At det stoppa litt opp. Eg kjende på behov for trøyst, og eg fann berre trøyst i trua. Eg måtte berre høyre om det held vatn. Det å ringe mamma og pappa var ein test.

Vart vaksen i fjor

Lars Petter Sveen har foreslått den vidgjetne kaffibaren Tim Wendelboe som åstad for intervjuet. Det har samanheng med noko som skjedde i fjor: Han vart førti, byrja å drikke kaffi, å barbere seg og han svima av på ei scene.

Midt i resonnementet om at han endeleg kjende seg vaksen i fjor, vert Sveen avbroten av baristaen som kjem ut med handbrygga espressokaffi, rykande varm på eit fancy serveringsbrett med kopp og ei lita mugge.

– Jøss, seier han og peikar mot kaffikoppen.

– Kor mange gradar brukar de når de lagar kaffi med sånn aeropress?

– 96 eller 97, svarar den unge baristaen.

– Og vel bekomme.

Han måtte altså byrje å drikke kaffi og bli vaksen, før han skulle ta eit oppgjer med noko som hadde plaga han heile livet: Stamminga. No er Lars Petter Sveen ute med ny bok om kunsten å stamme sånn at ingen merkar det.

Svima av ståande på talarstolen

– Eg er alltid nervøs når eg skal på scena, det trur eg alle er.

Han fortel om det som skjedde på Litteraturhuset for eit knapt år sidan. Heile livet har Sveen slite med å stamme, og halde det skjult for alle utanom den aller næraste familien – der dei har stamma gjennom fire generasjonar.

Han svima av midt i manuset, medan han stod på talarstolen og snakka.

Lars Petter Sveen

– Det er så flautt, fordi eg stod og snakka då eg høyrde det byrja å pipe så sjukt sterkt i øyret, fortel han.

Han tenkte det var noko feil på anlegget, men så var det plutseleg som ei bølgje skylte over han. Då han opna munnen, høyrde ikkje forfattaren lenger si eiga stemme. Han vart ståande der i om lag tjue sekund utan å sei eit ord, før nokon sprang opp og tok tak i han. Dei leidde han av scena. Heile tida var han ståande, med augo opne, sjølv om han hadde besvimt. Ingen fekk kontakt med han, fleire av dei rundt frykta det var hjerneslag.

– Då eg vakna etterpå, var det første eg tenkte: Stamma eg?

«No døyr eg»

Han ler av historia, sjølv om den var aldri så dramatisk. Likevel var den største frykta at nokon skulle sjå han stamme, for då ville dei le av han. Det er derfor han har vore så streng med seg sjølv og kroppen sin for å halde det i sjakk. Han ville ikkje at nokon skulle sjå at det var noko feil med han.

Korleis snakke om panikkanfallet på ein måte som viser at eg meistra det?

—  Lars Petter Sveen, forfattar

Tidlegare den sommaren hadde hjartet til den danske fotballspelaren Christian Eriksen stoppa på bana, midt under fotball-EM i København. Etter at han hadde svima av – tilsynelatande utan grunn – var det nærliggande å tenke at også Sveen burde sjekke hjartet etter besviminga.

Så, ei veke etter, skjedde det noko nytt.

Han sat på kontoret på biblioteket der han jobbar då han kjende at hjartet byrja å banke veldig hardt og tett. Han kjende det som om nokon stod på brystet. Alt rundt vart uklart, det svimla.

– No døyr eg, tenkte eg.

Strauk på heltemots-testen

To minutt seinare var det over. Ikkje livet, men livets første panikkanfall.

– Kva var du redd for då du kjende at du skulle døy?

I ettertid kjennest det veldig pompøst. Eg var redd både for døden sjølv og for at borna ikkje lenger skulle ha ein pappa.

Lars Petter Sveen

Han seier han strauk på testen i å døy på ein heltemodig måte. Han var nemleg veldig oppteken av om nokon hadde sett han. Frykta for korleis det ville gå med dei næraste viss han døydde, vart raskt erstatta av ei frykt for han sjølv: Viss nokon hadde sett han, korleis kunne han då snakke om hendinga og komme godt ut av den? Korleis snakke om panikkanfallet på ein måte som viser at eg meistra det?

Akkurat slik det ikkje kunne ramle Peter inn at han skulle svikte Jesus, kan det ikkje ramle oss inn at også vi vil svikte. Det er ingen som går inn for å gjere noko skikkeleg vondskapsfullt. Dei fleste av oss er i stand til å krysse den grensa.

—  Lars Petter Sveen, forfattar

Då han kom heim den dagen sende kona Tale han til legen. Lars Petter Sveen vart ikkje vist vidare til hjartespesialist derifrå, men til logoped og eit kurs i å handtere panikk. Han ville ikkje til logoped, håpa berre at det skulle eksistere ein medisin. No har han gått til logoped annakvar veke det siste året.

Ateistisk familie

– Etter kvart forstod eg at eg måtte snakke om det.

Stamminga er ein av dei to tinga i livet som Sveen syns det er flautt å snakke om, der han manglar eit svar eller ein respons som fungerer.

– Det andre er kristentrua. Når eg seier at eg er kristen, byrjar folk ofte å humre og le.

Han fortel at på Bærum bibliotek, der han jobbar, kjem det ofte inn kristne bøker. Då kan det fort komme ein kommentar om at «den kan Lars Petter som er kristen ta». Derfor snakkar han sjeldan om kristentrua.

Heime i Fræna er Lars Petter Sveen vaksen opp ein ateistisk familie, med ein far som var engasjert i Human-Etisk Forbund. Derfor er Sveen verken døypt eller konfirmert i kyrkja. Då han vart fødd budde foreldra i Oslo, og dei feira sonen med namnefest i Universitetsaulaen.

– Likevel tenkte eg alltid på meg sjølv som kristen, sjølv om eg visste at mamma, pappa og brørne mine var noko heilt anna.

---

Lars Petter Sveen

  • Forfattar
  • 40 år
  • Forfattar og bibliotekar
  • Gift med Tale Hungnes, tre born på femten, elleve og åtte år
  • Kom ut med boka Kunsten å stamme: utan at noen merker det denne veka

---

Sneik seg til kristendom på skulen

Då han skulle byrje i barnehagen, var det einaste alternativet i den vesle bedehusbygda på Nordvestlandet ein kristen barnehage. I ettertid har Sveen sett for seg korleis det må ha vore for faren å sende sonen i den barnehagen, der det var så mykje bordvers og kristendom.

– Han var jo beinhard ateist, seier Sveen og ler.

Ikkje lenge etter at familien kom til Fræna, banka presten på døra for å ønske familien velkommen. Ifølgje foreldra sa presten «velkommen, vi høyrer at de ikkje er medlemer i statskyrkja». Det var andre tider, den gongen tidleg på 80-talet.

I familien Sveen lærte dei ikkje om kristendom i heimen. Sjølv om Lars Petter Sveen vart tatt ut av kristendomsundervisninga på skulen av faren, sneik han seg til å delta likevel.

– Første gongen eg høyrde historiene frå Bibelen var på skulen og i barnehagen, frå dei offentlege instansane. Medan borna rundt meg okka seg, syns eg det var veldig spennande.

Song bordverset heime

Ein gong kom han heim frå barnehagen, full av ny kristendomskunnskap – mellom anna om barnesongar. Han spurte rundt middagsbordet om han kunne få synge eit bordvers. Det vart heilt stille. Så sa faren at vesle Lars Petter berre kunne synge i veg. Barnehageguten song Min båt er så liten a capella for den ateistiske familien.

Lars Petter Sveen

– Det vart heilt stille rundt bordet etterpå. Så braut storebroren min ut: «Faen, er du heilt dum, eller? Trur du det sit ein mann der oppe i himmelen?» Det går jo ikkje an, tenkte eg. Etter det forsvann dette med bordvers og kyrkja for meg, men trua var der framleis, seier Sveen.

Det var først på golvet i studentleilegheita på Fantoft i Bergen nesten to tiår seinare at Sveen fann tilbake til fellesskapet i trua.

---

4 raske

  • Gud er: Trøyst og tvil
  • Eg klarar meg ikkje utan: Bøker og det å skrive, fordi det er større enn meg sjølv
  • På gravsteinen min skal det stå: Det gir eg fullstendig blanke i. Når eg er død så er eg død
  • Boka alle må lese: Bøkene Yoga og Riket av Emmanuel Carrère

---

Tå til tå med alle

– Eg fekk forståinga for at trua var større enn meg. Eg byrja å gå i kyrkja og til nattverd. Det fellesskapet er så spesielt med trua, og noko dei som ikkje er kristne kanskje ikkje veit om, seier han.

Bibliotekaren og forfattaren samanliknar det kristne fellesskapet med biblioteket som institusjon, der over femti prosent av alle i samfunnet brukar den som ein låg-intensiv møtestad. Dei som er der, har ingenting felles utover at dei nyttar biblioteket.

– Så breitt opplever eg at det er i kyrkja òg.

Han kjende det spesielt godt då han var engasjert i Changemaker i ungdommen.

– Då kunne eg stå tå til tå med ein frå Sosialistisk Ungdom, Natur og Ungdom og Unge Høgre. Det å kunne sjå trua bli uttrykt på så mange vis, var veldig frigjerande for meg.

Svikaren Peter som prosjekt

Seinare har han brukt Bibelen og trua i sitt litterære prosjekt som forfattar. Mellom anna då han gav ut suksessboka Guds barn i 2014. Boka som sentrerer rundt apostelen Peter, menneske som sviktar og kampen mellom det gode og vonde i oss. Guds barn sette Sveens namn høgt på den litterære stjernehimmelen.

Som vaksen er Sveen blitt meir oppteken av Peter, han irriterande disippelen som alltid skal rekke opp handa og stille spørsmål ved Jesus. Han er den som alltid tvilar, stiller spørsmål og samstundes er klippa som tar leiarrolla. Likevel er det Peter som sviktar.

– Vi tenkjer alltid på Judas som svikaren, men Peter knakk jo fullstendig sjølv om han sa at han ikkje skulle gjere det. Eg kjenner meg så sterkt igjen i det. Vi kan vere så sikre på at «det her skal vi aldri gjere», og likevel knekk vi når situasjonen kjem, seier Sveen.

Forstår vondskapen i Ukraina

Heile livet har han vore samfunnsengasjert, og trua har også vore politisk. No brukar han apostelen Peter til å forstå noko djupare med menneskesinnet. Han forklarar at vi aldri kan sjå for oss at vi kan gjere det tyskarane gjorde mot jødane, det serbarane gjorde i Bosnia og Kosovo eller det russarane gjer i Ukraina no.

Lars Petter Sveen

– Akkurat slik det ikkje kunne ramle Peter inn at han skulle svikte Jesus, kan det ikkje ramle oss inn at også vi vil svikte. Det er ingen som går inn for å gjere noko skikkeleg vondskapsfullt. Dei fleste av oss er i stand til å krysse den grensa.

Han prøvar å bruke krisa han gjekk gjennom etter besviminga i fjor, slik han tenkjer om trua. Det handlar ikkje om å gå gjennom ei krise og så blir alt bra, men heller om å stå i noko, prøve å leve med det og sjå korleis det går.

– Eg skulle gjerne hatt meir slike forrykande trusopplevingar, men det er jo ikkje der trua mi er. I kvardagen er det dei små rituala som er trua, som å be.

Han ler av seg sjølv.

– No er eg førti, og då kan eg sei slike ting.