Instagram-profil Espen PA Lervaag har eitt viktig spørsmål å konfrontere Gud med

MI TRU: Komikar Espen PA Lervaag er viss på at verken død eller liv, verken alkoholproblem eller vennesvik, verken ein knekt ankel eller knuste draumar, skil han frå Guds kjærleik i Jesus Kristus. Og viss han er «på bærtur», er trua verdt det likevel.

Denne reportasjen vart publisert for fyrste gong 16. januar 2022. Då var Espen PA Lervaag aktuell med Kompani Lauritzen.

Ei musikalsk, summande lyd nedi den asfaltlagde gata som berre ligg nokre steinkast frå Drammensfjordens austside. Skritt for skritt, ettersom ein nærmar seg det lysebrune huset, blir tonane klarare og klarare. Konturane av eit «trekkspell» aukar, og etter kvart kjem klimpringa frå ein «gittarr» også til. Både barnespede og eldre stemmer hyllar Jesus gjennom Børud-gjengens lystige «Livet er herleg».

– Det var ofte teltmøtestemning i stua vår, seier Espen PA Lervaag og ler.

Komikaren og Instagram-humoristen har pinsekarismatikk i DNA-et, og i «alle bævver og kantar» av slekta. I Hurum på nittitalet krydde det av instrument og menneske i bustaden som i utgangspunktet husa «muttern», «fattern» og deira fire barn.

28 år gammal, skal Espen komme heim igjen, men berre til «fattern». Då opplever han å ha to val i livet.

Eitt av dei: Å ikkje lenger leve.

Espen PA Lervaag. Min Tro.

Gratis brus og pene jenter

Umiddelbart, allereie før 44-åringen rekk å skildre hallelujastemninga frå barndommens «full-fres»-pinsekyrkje, slår ein refleks inn.

– Eg har ingen negative opplevingar frå dei samanhengane. Det finst mange brente barn, men eg har vore heldig med både foreldra mine og miljøet.

Espen er parat. Kanskje har han møtt så mange motførestellingar, så mange spørsmål om Knutby, pengefokuserte predikantar og alt vondt som skjer i verda, at han nærmast tek for gitt at folk tenkjer at ein pinseoppvekst fører med seg hjernevask og traume. Det finst nok av folk i hans bransje, og i offentlegheita, som fortel om slike opplevingar.

«PA» er ikkje ein av dei. For han har desse ungdomsåra utelukkande vore styrkjande. Kristentrua har kanskje til og med sikra han livet. Men trua har òg gitt han store mengder glede av den meir lettbeinte sorten.

– Vi har gjort mykje gøy under pinserørslas fane, fortel Lervaag, som allereie i ungdomstida fekk stå på scenar og vere artigkar, og som song i kor og drog på europaturar med «gjengen».

– Fleire ikkjekristne venner syntest det var veldig artig å vere med i kyrkja. Godt miljø, gratis mat og brus og pene jenter ... Klart ein vil det! bryt Lervaag ut, og eit «hihihi» høyrest.

Det er nesten så ein ikkje skjønar kor denne latteren kjem frå. Idet magemusklane til 44-åringen spontant reagerer på det morosame som nettopp blei sagt, er det som om ein spak blir dradd opp. Den gjennomsnittleg mannemørke, litt ru, stemma hans stig plutseleg til eit toneleie minst ein oktav opp.

Hadde ein ikkje sett at komikarens skuldrer rista lett, og at munnen hans opna seg, kunne ein nesten trudd det var Disney-Langbeins karakteristiske latter som høyrdest frå ein film baki loftsstua.

Espen PA Lervaag. Min Tro.

---

Espen PA Lervaag

  • 44 år, frå Hurum i tidlegare Buskerud.
  • Komikar, manusforfattar og skodespelar. Skapar av serien Maniac på Netflix.
  • Tekstforfattar for blant andre Raske menn og Torsdag kveld frå Nydalen, og sjølv å sjå i blant anna I kveld med Espen Lervaag.
  • Instagram-humorist på kontoen @espenpalervaag, kor han lagar memes og videoar rundt aktuelle hendingar. Har 149.000 følgere.
  • Gift og har to barn. Bur på Sørumsand i Viken.
  • Er aktuell som deltaker i TV-programmet Kompani Lauritzen.

---

– Kjære Gud, la meg sleppe å lese til prøve!

«Orderud gard ligg 700 meter der borte», fortel ein stadig lattermild Lervaag idet han løftar Mac-skjermen og gir ei digital omvising i den moderne og minimalistisk innreia loftsetasjen.

For to år sidan – og forhåpentlegvis ein gong i framtida – ville premissane for dette intervjuet virke lett absurde. Men akkurat no, i starten av januar 20-og-pandemi, veit vi alle alt for godt kva det betyr at Lervaag ventar på svar på PCR-test.

Webkameraet synleggjer ein grå skandinavisk sofa, kor 44-åringen har tatt plass, og eit tørkestativ i bakgrunnen kor ei kone med mørk pannelugg innimellom dukkar opp. Lyden av barn som ler og romsterer, og etter kvart to nysgjerrige ansikt, blandar seg òg i historiene om korleis det å tvile på Gud er eit ukjent konsept for familiefaren.

– Trua mi har eg alltid hatt. Eg har jo sett kva former og praksisar tru har tatt hos andre, og tenkt at dette passar ikkje for meg. Men eg har aldri følt at eg har måtta leggje bort mi eiga tru på grunn av det.

På barneskulen trudde Espen at Jesus kunne hjelpe til med alt. Absolutt alt.

– Mamma fortalde meg ein gong at eg ikkje kunne be om at eg fekk sleppe å lese på prøver.

– Men eg hadde ei klokkeklar tru på at det fanst nokon som ville meg vel. Det gjorde at eg hadde eit ganske avslappa forhold til ganske mykje. Uansett kva som skjedde, tenkte eg at eg blei passa på.

– Gjorde det deg ekstra dristig?

– Ja, eg var litt fryktlaus. Eg hadde både dårleg impulskontroll og dårleg konsekvenstankegang og det har eg framleis. Det har kanskje vist seg sterkast i det sosiale. Eg har følt meg ganske trygg på at ‘sjølvsagt skal alle like meg’.

– Handlar det om personlegdommen din, eller kor trygg du har vore i trua på at du er elska?

– Eg trur sjølvtillit kjem av opplevinga av å vere elska. Viss du føler oppriktig at du er akseptert for den du er, uansett kva som skjer, så trur eg sjølvtilliten kjem deretter. Så kan det bikke over til å bli ein ufordrageleg sjølvtillit. Men då har du ikkje lese heile boka, seier Lervaag, og Langbein-spaken dras opp igjen.

Espen PA Lervaag. Min Tro.

Smaken av Syden – og alkohol

Alle i klassen og på fotballaget visste at Espen var kristen. Og utanom den store sjølvtilliten, som Jesus næra han med, levde han aldri eit særleg annleis liv frå vennene rundt seg. Kyrkja og ungdomskvardagen gjekk saumlaust i hop.

– Og eg var heldigvis god i fotball, så eg hevda meg på andre måtar òg.

15 år gammal var han allereie så dyktig at kvardagslivet i Salem Åros måtte vike. Det var fotballspelar han skulle bli, og han var godt på veg. Tre år seinare blei han henta til Mjøndalen. Etter eit år knakk han ankelen tvers av.

– Etter operasjonen trudde dei det gjekk bra, og at eg kunne trene meg tilbake. Men etter kvart blei eg erklært 35 prosent «fotballinvalid». Eg forstod at eg aldri ville komme på same nivå som før. Og eg forstod at det var over – og at eg hadde ingenting å falle tilbake på.

– Då flytta eg til Tenerife. Og drakk alkohol for første gong.

– Korleis får ein det for seg?

– Folk seier jo at det funkar. Eg tok for god fisk at det var ein fin rømmingsveg. Og det var det jo. Eg hadde det kjempefint i seks månadar, og det gjorde jobben det skulle gjere.

– Men det var jo det som var katastrofen, seier han, og bryt ut i ei ny, høgfrekvent latterkule.

Espen PA Lervaag. Min Tro.

Spelte om livet, med menneske som brikker

Tilbake i heimlandet bedøvde Espen identitetskrisa ved å vere sosial og gjere «gøye ting». Alkohol var ofte involvert, noko som eigentleg ikkje var eit problem i seg sjølv – før mor hans døydde av kreft.

– Ho var ein klippe, ankeret i livet mitt. Ho var den som tok tak i meg og sende meg på rett kurs. Ho var ei sånn mor som er litt plagsam, men som du veit at alltid har rett. Ho var tryggleiken sjølv.

«Eit evig kaos». «Ein bratt nedoverbakke». Det er slik Lervaag ser for seg perioden som følgde. 25-åringen hadde ingen haldepunkt lenger, og alt handla om å komme seg vekk frå nettopp det faktumet. Vekk frå kjenslene han frykta korleis eigentleg kjendest ut, vekk frå jobbane han ikkje klarte halde på, vekk frå vennene som forstod at noko alvorleg var i ferd med å skje.

At han ikkje hadde det bra, det klarte Espen å fornemme. Men resten av nyansane blei borte i ølboksane. Han «medisinerte» seg til tilstanden kor tankane blei så lamma at det blei behageleg å vere til.

– Det eg nok frykta mest, var at eg skulle føle meg veldig åleine. Det var jo til mamma eg gjekk med det som var vondt eller vanskeleg. Då ho var borte – kor skulle eg vende meg? Eg tenkte at fattern hadde nok med sitt, syskena mine og. Så eg blei sittande åleine med dei tinga. Då var det lettaste å rømme vekk frå alt saman.

Så byrja spelet. Målet, å komme seg gjennom dagen, nådde Espen ved å bruke personane rundt seg som brikker.

– Ein blir ekstremt egoistisk. Ein må skjule kor mykje ein drikk, og skaffe seg pengar, og då utnyttar ein menneska i livet sitt i staden for å ha dei som ressursar. Ein blir uetande, faktisk.


Dei to fatale vala

Espen, no 28, har blitt kasta ut av leilegheita si. Han har ikkje jobb, heller ikkje pengar, og må flytte heim til fattern i Hurum.

– Då eg sat der, var eg så langt nede at eg visste at eg hadde to vegar: Enten så måtte eg gjere noko med det, eller så måtte eg gjere slutt på det.

– Og då, heldigvis, valde eg riktig.

15 minutt etter det riktige valet sat han i framsetet ved sida av «fattern» som køyrde i retning Evangeliesenteret i Oslo.

Hadde Lervaag visst kor mykje jobb det ville krevje å komme tilbake til den verkelege verda, hadde kanskje ikkje det rette valet stått fram så freistande, trur han.

– Eg hadde kanskje aldri tatt det valet då. Heldigvis visste eg ikkje.

– Men då du sat der, med det du opplevde som berre to vegar, kva fekk deg til å gå i denne retninga?

– Eg er ein grunnleggjande gladgut, som har trua på at ting blir bra. Kjensla av at det var ei moglegheit å gripe, bikka meg nok i riktig retning. Eg har jo òg denne grunnleggjande tanken om at eg er verdt noko.

Draumen om normalitet

«Her passar eg ikkje inn», var ein av dei første tankane som slo den flidde og ganske fint kledde alkoholmisbrukaren inne på Evangeliesenterets avrusingssenter.

– Men fort gjekk kjensla av å komme dit over til å bli skikkeleg frigjerande. Det var så utruleg deilig å vite at no skulle eg blokke ut resten av verda, lenge.

– Men sidan alt blei så roleg – blei ikkje alt du flykta frå veldig påtrengande?

– Det tok faktisk nokre veker før alt det kom over meg. Men då var samtalepartnarane og saksbehandlarane allereie klare. Eg visste at eg fekk hjelp.

Kort tid før hadde Espens mål vore å klare seg igjennom nok ein dag. Ganske raskt blei målet å klare å leve i desse dagane. Aller helst så ordinære dagar som mogleg.

– Det første eg måtte jobbe med, var å få tilbake kjenslene mine, å tore å føle på vanskelege kjensler utan at eg følte at eg måtte drikke. Eg lærte metodar og teknikkar og alt sånt – men til sjuande og sist handla det om å rydde opp i huet.

– Menneske som har det bra, og er i vater, vil ikkje ha behov for å starte dagen med eit par øl, trur eg, seier Lervaag og løftar stemma til neste oktav før han bryt ut i «hihihi».

Med jamne mellomrom i løpet av dei 1:45:00 denne Teams-praten går føre seg, vekslar manusforfattarens personlege forteljingar mellom djupt mørke og godskarpe vitsar. I kontrasten står alvoret kanskje enno tydelegare fram.

---

4 raske

  • Gud er: Game («gem»).
  • Eg klarar meg ikkje utan: Telefonen.
  • Boka alle må lese: Eg er jo freista til å seie Bibelen. Men Mio, min Mio av Astrid Lindgren burde vere obligatorisk for alle menneske.
  • På gravsteinen min skal det stå: Nedst på den vil eg integrere ein skjerm, kor Instagram-feeden min skal gå i loop for alltid.

---

Espen PA Lervaag. Min Tro.

Heile boka, ikkje brotstykke

For nokon på Evangeliesenteret kan kristentrua bli ein ny rus. Men trua til mannen frå teltstemning-stova i Hurum låg like grunnleggjande, verken frå eller til.

– Under opphaldet byrja eg likevel å tenkje at det kanskje var på tide å gjere trua enno meir personleg. Eg ville forankre ho i meir enn det eg hadde blitt fortalt – og finne ut kva som faktisk står.

Etter ti månadar med beinhard jobbing og gryande framtidshåp, byrja Lervaag på bibelskulen til Oslo kristne senter, som første stasjon «ute i verda». Der gjekk han i to år.

– Kva oppdaga du då?

– At du må lese heile historia, seier komikaren og ler.

– Med det meiner eg at du må prøve å forstå den lange linja. Det handlar om å ikkje berre ta ut brotstykke eller bytte ut kontekstar eller gløyme historiske forhold.

Det er ein stor jobb, veit Lervaag no. Derfor kvilar det eit tungt ansvar på dei som skal forkynne frå denne boka.

– Ved å lese heile historia ender iallfall eg opp med å sjå ein nådefull Gud som ikkje vil menneske vondt. Les du berre Det gamle testamentet, blir du gærn. Les du berre Det nye testamentet, blir du gærn, då òg. Å lese Bibelen handlar om å forstå bodskapen i kva dette eigentleg handlar om, totalt sett.

Veldig personleg og veldig enkelt

Jo meir kunnskap, jo enklare tru, verkar konklusjonen å ha blitt for komikaren.

– Det er kjærleiken som står igjen. Eg har enda opp på ein plass kor trua er veldig personleg og veldig enkel.

Side etter side, litt etter litt, fall ting på plass på bibelskulen. Plutseleg gav Galaterbrevet meining.

– Du får ikkje gjort noko særleg med kva forhold Gud har til deg – så kvifor stresse med dei tinga? Det handlar om trua, og så er det eigentleg ikkje meir eller mindre enn det. Då blir det òg ganske irrelevant kva form vi presenterer denne bodskapen i.

Espen blei aldri skremt av tungetalen og halleluja-utbrota og «trøkket-i-teltet» i barndommen. Men med åra tenkjer han at ein del av desse uttrykka kanskje er suggesjon.

– Eg trur mange føler dei må løfte henda i vêret og rope halleluja for å vere ein del av fellesskapet. Og så trur eg ikkje fullt så mange kjenner på det behovet når dei er heime, seier han lattermildt.

Kanskje har tobarnsfaren blitt gammal, spør han seg sjølv, men no trur Lervaag at roa og stilla i ei kyrkje kan vere den beste plassen å finne ut av kva ei tru på – i staden for å leite bakom gimmick.

– Men igjen: Det er umogleg for meg å fortelje eit menneske korleis ho eller han skal forvalte eller utarte trua si. Det kjem innanfrå.

– Verdt det

Kontakten med den guddommelege tryggleiken Lervaag trur at finst, er ikkje avhengig av visse tidspunkt eller spesielle situasjonar. Den tryggleiken berre ligg der, under alt, alltid. Den lét seg ikkje rokke av alt tragisk som skjer, verken i verda eller i det vesle livet. Blandar ein Gud og hans meiningsfulle inngriping oppi alt, får ein fort problem med trua, meiner komikaren.

– Som eg alltid seier: Viss det viser seg at det ikkje finst noko likevel, at eg er på den berømte bærturen, så er det verdt det uansett.

– Går det drit i livet, har eg trua på at eg kjem til ein betre stad. Eg trur vi menneske er avhengige av eit håp – uansett om det håpet for nokon er å tru at det berre blir mørkt etterpå.

I periodar har komikaren interessert seg for apologetisk, trusforsvar; at trua gir logisk meining. Likevel har Lervaag ingen problem med å forstå at det han trur på kan stå fram umogleg å tru på for andre.

– Tru er ei gåve. Den gåva må prøvast – og opplevast. Ein klarar ikkje å forstå dette berre med vitskap eller intellektet.

Espen PA Lervaag. Min Tro.

– Kor fysisk er himmelen?

– Trur du – i det store, universelle bildet – at det finst éi sanning?

– Ja. Men viss du trur på ein Gud som er nådig, og god mot menneske, måtte han gitt oss betre IQ for å klare å forstå den sanninga! Den dagen du føler at du har «naila» sanninga, då er det livsfarleg, seier Lervaag, ler, og held fram:

– Eg trur vi leitar etter sanninga heile tida, og at mange vegar kan føre oss inn på ho, men at vi ikkje forstår ho fullt ut før vi er vekke her ifrå. Vi ser stykkevis og delt, som det står.

Lervaag ser føre seg eit bittelite sandkorn på ei tidslinje han kallar æva.

– Viss du vel å tru på denne æva, eit liv etter døden, så er det som skjer her og no, dette sandkornet, litt irrelevant. Vi trur at alt dreier seg om desse 80-90 åra. Men ein del av mi tru handlar om å forstå at det ikkje er noko nederlag når vi ikkje lenger er på jorda.

– Av alt du ikkje veit, kva lurer du mest på?

– Kor fysisk ein eventuell himmel er. Det klarar eg ikkje førestilla meg, sånn i hovudet.

– Eg trur jo at vi skal møtast igjen, på ein eller annan måte. Men eg klarar ikkje tru at vi berre er ånder som svever rundt. Eg trur det er meir fysisk. Men kor fysisk, det ser eg på med undring.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Min tro