Ny leiar i Etter Kristus meiner kristne snakkar seg vekk, og heller må fylgje Jesus i praksis

Gudstenesta i Vineyard Oslo er akkurat ferdig. 26 år gamle Ruth Burch Skree blir tatt til sides av kveldens hovudtalar for ei samtale.

Pulsen hennar aukar, skuldrene blir høgare. Ho kjenner seg dårleg.

Det er juni 2007 og dei siste månadane har vore dei svartaste i livet hennar. Svarte som i at ho ikkje ser nokon ting. Minst av alt ei framtid.

Ein gryande kjærleik det ikkje blei noko av, foreldra som har gått frå kvarandre, og Gud, som har vore kjelda til eit enormt engasjement og stor glede dei siste ti åra er brått heilt fråverande.

Ho har tatt på seg å ha ansvaret for Vineyardrørsla i Norden sin ungdomsleir den sommaren. Det er juni alt, og depresjon og mørke har konsumert tida og tankane til Skree. Ingenting er gjort, og det er kort tid til sommarleiren skal gå av stabelen.

Leiaren for Vineyard i Norden ber ho slå seg ned ved eit bord i kafeteriaen. Ho har hjartet i halsen.

– Eg har høyrt korleis du har det, byrjar han.

– Me tek det herifrå. Du skal få sleppe.

Eit møte med nåde

---

Ruth Burch Skree

  • Ny leiar for nettverket Etter Kristus, som er ein del av organisasjonen Areopagos.
  • 41 år.
  • Kjem frå Drammen.
  • Gift med Ryan, to små barn.
  • Har master i teologi og i tverrkulturelle studiar frå Fuller teologiske seminar i USA.

---

– Det var som ein ljosglimt av Guds nåde som trengde gjennom det svarte. Måten eg blei møtt på står framleis for meg som eit heilt konkret møte med nåde. Kjensla av byrdene som med eitt fall av. Den sit i magen endå.

Skree sit på ein benk på Ammerudsletta, eit steinkast frå lågblokka der ho, mannen og dei to barna bur. Ho har nyleg starta i ny jobb som leiar for det kristne nettverket Etter Kristus.

Me er i Groruddalen i Oslo, og ein av dei nærmaste naboane er den øvste av dei fire kjente høgblokkane på Ammerud, som har stått der som eit landemerke for drabantbyen sidan tidleg 60-tal.

Det er lite som tilseier at me alt er i slutten av august. Sola steiker og lauva på dei mange trea i nabolaget kappast med graset om å strutte i sommarleg, grøn drakt.

Skree fortel om den tøffe tida med ein viss effektivitet. Ein anar at ho har fortalt historia fleire gonger før, men ei nesten umerkeleg dirring i stemma avslører at det framleis framkallar kjensler.

Ruth Burch Skree

Gud forsvann

Over fleire år hadde ho eit stort frivillig engasjement i kyrkja. Dei andre kunne le av alt ho trudde ho skulle rekke. Når då? På den åttande dagen i veka?

– Eg stod sånn på. Det er slik eg er, og det gav meg veldig mykje, men saman med turbulensen på heimebane blei det for mykje.

Sakte men sikkert blei ho meir og meir utbrent, og ho kom djupare inn i ei truskrise, der Gud til slutt ikkje lenger fanst.

Haldepunktet som heldt ho oppe var gresk-studiet på MF vitenskapelig høyskole.

Skree ler godt av seg sjølv.

– Det er kanskje ikkje så vanleg? Men eg elska det. Både faget og gjengen eg studerte med.

Eg opplevde at du kan ha forsteina pinsekyrkjelydar og fullt levande DNK-kyrkjelydar, og omvendt. Det er verkeleg ingen samanheng.

—  Ruth Burch Skree.

Manglande lojalitet

Ho trivst med å lære språk. Og i tillegg til å ha vore innom fem-seks framandspråk opp gjennom, snakkar ho «flytande NLM, Areopagos, karismatisk, retreat og alt derimellom».

Trua kom sakte men sikkert tilbake etter sommaren 2007, saman med energien og engasjementet. Om enn ikkje heilt likt som før.

Og viss du googlar Ruth Burch Skree vil du ha problem med å finne søkeresultat som ikkje handlar om kristen tru, med unntak av ei telefonkatalogoppføring og ei etterlysing på Facebook om den lokale Meny-butikken kan ta inn ein miljøvennleg grill.

Til gjengjeld er talet på dei ulike kristne samanhengane som blir nemnt i google-lista imponerande. Heilt frå barnsbein av har det vore lite lojalitet til ei kyrkje eller ein organisasjon å spore. Eller kanskje det heller er lojalitet til mange?

– Eg er den fyrste til å trekke ein kritisert samanheng i forsvar, og identifisere meg med dei. Om det er nokon i Den norske kyrkja som kritiserer Vineyard, eller nokon i Ungdom i Oppdrag som kritiserer Misjonskirken så kjenner eg på det.

---

Etter Kristus

  • Eit nettverk for kristen truspraksis.
  • Trur på kroppen som eins fremste læringsverktøy.
  • «Vi blir det vi gjør, derfor vil vi omsette Jesu liv og lære til konkret handling.»
  • Er ein del av stiftinga Areopagos, som arbeider med religionsdialog, samtidsreligiøsitet og kristen spiritualitet.

Kjelde: Etter Kristus

---

Og sjølv om Skree synest det er «kleint å vera proff kristen», vitnar CV-en om stor evne til å trasse kleinheten. Teologistudie, leiarutvikling, kyrkjeplanting og kyrkjelydsutviklar er berre nokon av oppføringane.

Som stab hjå Ungdom i Oppdrag sin base i Skien gjennom to år reiste ho land og strand til alle mogelege typar kyrkjelydar.

– Eg opplevde at du kan ha forsteina pinsekyrkjelydar og fullt levande DNK-kyrkjelydar, og omvendt. Det er verkeleg ingen samanheng. Likevel meiner me så veldig mykje om kvarandre.

Å snu kappa etter vinden

Trass i stor språkmakt har Skree kjent på maktesløyse når ho har prøva å nå inn i ulike samanhengar.

– Språket held ikkje. Det blir fort platt eller feil, noko som er rart med tanke på kor homogene me eigentleg er i denne vesle lutherske avkroken som Noreg er. Sjølvsagt kan ein utsetje noko på alle, men me er kalla til å høyre saman som ei verdsvid kyrkje.

Eg hadde store, kreative draumar som ikkje innebar så mykje barn. Eg har aldri kjent på at å bli mamma er eit livskall.

—  Ruth Burch Skree.

På spørsmål om kva som er hennar kyrkjelege morsmål må ho tenkje på det.

– Eg trur eg har blitt litt som eit misjonærbarn, seier ho til slutt, og trekkjer tankane mot austlandsk med skarre-r og rogalandstonefall.

– Eg kjenner meg heime over alt. Slik sett står eg i fare for å snu kappa etter vinden.

Litt for kvite

Me har flytta oss til tunet ved Ammerud aktivitetshus. Ein nyanlagt frukthage skjermar uteområdet der fleire småtassar leikar i regi av den opne barnehagen.

---

4 raske

  • Gud er: ! Større enn me trur og nærare enn me trur.
  • Eg klarar meg ikkje utan: Familien og ei notatbok.
  • På gravsteinen min skal det stå: Overgjeven til den miskunnsame Gud.
  • Boka alle må lese: Kjære Herr Gud, det er Anna. Skriven av Fynn.

---

På vegen bort fortel Skree små fakta om Ammerud, med tydeleg kjærleik i stemma. Nærleiken til marka, mangfaldet, dei positive tiltaka i regi av Groruddalssatsinga.

Det var her ho og makkeren Bård Rebbestad Løkken saman med ektefellane bestemte seg for å plante ei kyrkje fleire år tilbake.

Draumen er eit mangfaldig fellesskap der det skal vera lett å møte Jesus, der det er rom for opp- og nedturar og heile menneske. Skree held fram i jobben med kyrkjeplantinga på deltid ved sidan av den nye leiarjobben.

Fleire som ikkje er kristne har kome innom, og arbeidet går framover sjølv om småbarnsmora erkjenner at kyrkjelyden er «litt for kvit», med tanke på både draumen og tverrsnittet av nabolaget.

Dei fleste er etnisk norske småbarnsfamiliar, slett ikkje Skree hadde sett for seg då ideen om kyrkjeplantinga dukka opp.

Ruth Burch Skree

– Eg hadde store, kreative draumar som ikkje innebar så mykje barn. Eg har aldri kjent på at å bli mamma er eit livskall. Eg hadde så mange andre ting eg hadde lyst til å gjera.

Men til slutt landa ho og ektemannen på at det var eit for stort val å seie nei til barn. Og plutseleg stod dei i ei ny livsfase.

Likevel tok det lang tid for Skree å forsone seg med at ho var mor. Ho hadde så lenge tenkt at ho ikkje var «ein slik person».

Ammetåke og jetlag

Noko av det fyrste tobarnsmora seier då intervjuforespørselen frå Vårt Land kjem er: «men eg har ikkje ord».

Eitt nyleg avslutta år i foreldrepermisjon har gjort orda mindre tilgjengelege.

Men når ammetåke, ulike morsmål eller teologisk bakgrunn gjer at språkbarrierane blir for høge, eller når Gud rett og slett verkar for stor til å rommast i ord, så har Skree funne ein veg vidare.

– Det er då praksisen kjem inn.

For då teologen etter fire år i USA flytta tilbake til Noreg, ein ektemann rikare, var noko av det fyrste ho gjorde å «snuble inn» på ein Jesusdojo i regi av Etter Kristus, framleis forvirra av tidsforskjellen.

Dojo er eit japansk ord for treningsstudio, og Jesusdojoane som Etter Kristus arrangerer er meint å trene menneske i bli likare Jesus gjennom konkrete øvingar, refleksjon og teoretisk fordjuping. Med å treffast ein gong i veka i seks til åtte veker og forplikte seg på auka fokus og praktiske heimelekser skal deltakarane lære seg sjølv og Gud betre å kjenne.

Konkret tru

Alt etter det fyrste møtet var Skree hekta. Denne dojoen handla om stille.

– Å fylgje etter Gud har så mange aspekt. Men no skulle eg få la det ligge og berre ta for meg ein ting, og få hjelp av fellesskapet til å gå den vegen. Me skulle alle sitje i stille i 15 minutt kvar dag. Så enkelt, så vanskeleg.

I gruppa var det unge og gamle, alle med ulik motivasjon før å søkje stilla.

– Samtalene var så rå, og me var ærlege på kva me ikkje fekk til. Medan nokon stiller spørsmål ved om ei slik praktisk tilnærming til tru ikkje blir lovisk, opplever dei fleste i praksis det omvende, det blir eit nådefellesskap.

Og det som knyt dei saman er ynsket om å ikkje stå stille, men strekke seg, utforske og vekse.

Ruth Burch Skree.

Var svoltne i solidaritet

Skree trur kristne i større grad må gjera, leike, prøve. Ikkje vera så redde for å bomme.

– Me har så innmari lett for å snakke oss vekk. Det er ein fin fluktstrategi. Eller som ei venninne av meg sa: «eg er lei av å sjå bakhovuda til folk». Me bør heller hjelpe kvarandre til å fylgje Jesus gjennom å kaste oss uti og prøve. Ein lærer mykje av å feile.

Temaa for dojoane har stor breidde. Digital avrusing, personleg økonomi og moderne slaveri er berre nokre.

Skree fortel om ein der dei ville ta for seg korleis ein kunne stille seg til romfolk i Noreg.

– Me er kalla til å møte den framande. Ok, då lærer me litt romani, me går i gatene og ser på korleis dei som tigg blir sett på i bybildet. Korleis opplever dei å sitje der å tigge?

Inn mot kvar samling fasta dei i solidaritet og for å kjenne på å vera svoltne, og pengane dei sparte brukte dei til å laga to festar.

– Me laga ein for dei, og dei ein for oss.

Eitt i Kristus

Skree skulle vera med å handle inn til festen, og skulle møte tre damer på Grønland.

I det ho går av T-banen møter ho ei romanijente som tigg. Ho prøvar på gebrokken romani å forklare at ho ikkje har pengar å gje, men om ho ikkje vil bli med på romansk fest i kveld?

Plutseleg dett brikkene på plass for begge to. Dei er der for å møte kvarandre.

– Me går frå å ha veldig ujamne posisjonar, der ho tigg meg om pengar, til å bli jambyrdige som skal laga noko saman. Begge to byrja berre å le.

Desse hendingane utanfor komfortsona har Etter Kristus-leiaren stor tru på at set i gang viktige prosessar.

– Ei slik oppleving gjer noko med deg. Og då dei ynskte velkomen til festen med å be Fadervår og synge for oss blei det så tydeleg at me er eitt i Kristus.