Min tro

«Hype man» for Jesus

Musikar Eric Tryland er så trygg på trua si at han kan sitte på pub og fortelje om Sakkeus klokka 02.00. Sjølv om han skulle ende opp som superstjerne, er han like overtydd om at han skal plante ei kyrkje.

Det kriblar i 20 år gamle Eric Tryland idet han entrar backstageområdet på Coachella, ein av verdas største og mest prestisjefylte musikkfestivalar.

Du har kanskje sett bilde frå California-utmarka før, i viktige motemagasin eller høgtståande musikkblekker – bilde som visar meterhøge palmetre ruve om kapp med blinkande pariserhjul, og superstjerner med gummistøvlar som ein sjølvsagt del av publikum.

Keyboardist og «hype man» Eric Tryland er på høgda av karrieren si. Bandet hans, Boy Pablo, som starta på den kristne internatskulen Kongshaug, har blitt kjende blant unge over heile verda.

Men det er ikkje berre dei hundretusenvis av potensielle publikummarane Eric er spent på denne glovarme California-dagen. Han veit nemleg at hans store idol, Justin Bieber, også skal spele der.

Eric Tryland Min Tro

Resten av bandet har erta Eric for engelsken hans i forkant. «Viss du treff Justin Bieber må du ha øvd på ei setning. Viss ikkje kjem du til å «choke», har dei spøkt.

På notat-appen på iPhonen har den unge musikaren tasta ned ei setning. Den har i seg den viktigaste bodskapen han vil formidle til superstjerna om dei sjåast.

Men sjansane for å sagt dei 12 orda er minimale. Er alt mogleg for den som trur?

Fann ein heim

Eric Tryland, som reiser verda rundt med dei bergenske bestekompisane i Boy Pablo, er allereie van med å flytte på seg. Den litt knotete austlandsdialekta hans ber preg av å høyre til ein pastorfamilie som har flytta frå Austlandet til Sørlandet til Nord-Noreg og til Sørlandet igjen.

Den første veka familien Tryland budde i Kristiansand, som han no kallar «heim», la Eric tvert om talemålet. Inne på vaskerommet, medan han bretta sokkar, fekk åtteåringen ein dialektisk kalddusj av mora.

– Eric, dette fungerer’ke så bra, imiterer han på Vennesla-dialekt.

Det var brutalt, men naudsynleg, å ta bort tonefallet han aldri kom til å meistre, erkjenner han i dag, og lever godt med hybriddialekta ingen heilt forstår kor kjem frå.

Uansett kor mange geografiske stader musikarlivet og familien har tatt han, har Eric alltid vore trygg på éin ting: Sanninga i Jesus – og forteljingane om han.

I sin nye heimby har Eric funne seg ein fredfull fristad, kor han kjem i kontakt med denne sanninga. Nesten kvar kveld ruslar 22-åringen opp til Oslo sentrums høgste punkt, toppen av parken på St. Hanshaugen. På dei mørkegrøne trebenkene med svart smijern brer han det same lodne teppet utover. Opp av tøynettet kan han trekke ein termos med kaffi, eit glas vin, eller ein Statoil-kopp med O’boy, det beste han veit.

Med Oslofjorden framfor seg kan nattugla legge livet sitt framfor Gud. Nokre gonger lyttar han til demoar av sin eigen musikk, drøymer om den dagen han skal skrive ein superhit for Ed Sheeran, tenker tilbake på gode samtalar, eller berre ser ut over hovudstaden. No har han sett Oslo gå frå vinter til vår til sommar.

Eric Tryland Min Tro, detalj

Den alltid så energiske musikaren har funne noko spesielt i desse stundene heilt åleine. Dei liksom fangar kva han opplever at å ha Jesus i livet handlar om, det han trur han gir oss når me koplar oss på: tryggleik, ro og fred. (Og nei, den ordrekkja er ikkje smør-på-flesk, ifølge han sjølv).

I det skarpe dagslyset og fuglekvitteret denne måndagen drar han igjen fram den gigantiske ståltermosen som ofte følger hans nattlege turar hit. Lyden av væska som treff porselenet kling umiskjenneleg idet presskannekaffien treff den kvite Figgjo-koppen med blåklokkemønster. Den har han fått av mormora. Koppane har til og med vore med på fest.

– Det sterkaste møtet eg har hatt med Den heilage ande nokon gong, var faktisk på fest – på ein pub etter eit par pils, seier Eric og ler.

– Nokon ville kanskje sagt at det ikkje er Den heilage ande. Men det er eg heilt sikker på at det var. Eg trur til og med at Gud synest det var litt ekstra gøy at eg skulle få oppleve det møtet der eg trivst best, fortel han.

---

Eric Tryland

  • 22 år, fødd desember 1998.
  • Kallar Kristiansand «heim», men er òg oppvaksen i Oslo, Alta og Bergen.
  • Jobbar som keyboardist i Boy Pablo, solomusikar som Eric Tryland og i Skjærgårds-festivalen.
  • Var tidlegare med i boybandet The Main Level.
  • Studerer teologi ved MF vitenskapelig høyskole.

---

Kan du vise deg?

Det er ganske nøyaktig eitt år sidan det heile spelte seg ut på den brune Ocean Pub i Oslo. Kvelden før hendinga hadde Eric hatt ein diskusjon med nokre kompisar som var litt meir på «den-heilage-ande-køyret» enn han sjølv. Med erfaringane frå vennskap med ikkje-kristne, hadde Eric enda opp med å ta ein slags negativ ståstad til Anden.

– Etterpå fekk eg ikkje sove. For eg trur jo eigentleg på dette, og vil jo ikkje vere han negative fyren. Eg måtte gå i meg sjølv, seier 22-åringen.

Eric sette seg på sengekanten, og retta tankane oppover. Klokka var rundt tre på natta.

– Ja vel, Gud. Eg stolar jo på at Anden finst. Kan eg ikkje berre bli fylt av han? seier han inni seg sjølv, utan eigentleg med intensjon om å sette Gud på prøve.

I mørket strekk han armane ut, til kvar side av overkroppen, i ei gryande spenning. «Plutseleg skjer det», tenker han. Det går eit kvarters tid.

– Så skjer det jo ikkje ein drit, då, seier Eric og ler.

– Eg enda opp med å seie: Okei, kanskje skjedde det ikkje no. Men eg ber om at det skjer, at eg skal få eit møte med Den heilage ande snart.

Eric Tryland Min Tro

Den travle musikaren sovnar omsider. Alarmen ringer neste morgon, på eit tidspunkt for tidleg for det B-mennesket han er. Eric må opp for å fly frå Bergen til Oslo, kor han skal på eit møte med Skjærgårds-festivalen.

Tidenes gjeng, seier han ekstra høgt, og bøygd ned mot lydopptakaren, for å understreke gleda over kollegaene.

Utanfor kontoret til tidenes gjeng går ein kjenning tilfeldigvis forbi vindauget. Eric spring ut, må snakke litt med han, og blir invitert til ein bursdag seinare den kvelden.

På Ocean Pub, ein slik plass kor under-20-åringar og eldre stamgjestar drikk side om side, fortel han i ei bi-setning til bursdagsgjengen at han studerer teologi. Det rører noko i ein av dei andre gjestene.

Enten eller

– Du, det va du så sko bli prest? Du e kristen, ‘kje sant? imiterer Eric på forsøksvis stavangersk.

Rogalendingen han aldri har møtt før tar med seg ølen og set seg ned ved sida av han.

– Eg e på ein måde … Eg e litt kristen, ellår ikkje så veldig, ellår eg kan ‘kje kalla meg kristen, ellår eg ber liksom av og te …

Den unge fyren stotrar. Eric er trygg.

– Kvifor så usikker? spør han.

– For det høyrest ut som om det er ei tru her, held teologistudenten fram.

Eric Tryland Min Tro

Eric har lett for å minnast kva han spurte om vidare. Hendinga har sett spor.

«Er du frå ein plass kor du følte du måtte ta eit val, kor enten så var du ‘superkristen’ eller ikkje kristen?» lurer artisten.

Det trefte. Guten frå Stavanger hadde vore innom kristne samanhengar, men sidan han enda opp med å ikkje leve eit «kristent liv», hadde han konkludert med at han ikkje hadde ei tru.

– Har du høyrt om Sakkeus? spør Eric vidare, men får nei til svar.

– Ahhh, då skal du få høyre. Då har du gått glipp av ei ganske bra historie, seier Eric, også denne junidagen i parken med glødande auge. Han gnir seg i hendene.

Bursdagsbarnet kjem ut frå toalettet. «Snakkar de om Bibelen?» spør han overraska. Fleire og fleire frå selskapet kjem til. Til slutt sit alle dei åtte rundt Eric, midt i ein brun pub, og høyrer historia om Sakkeus i treet.

– Det var feitt. Det var ikkje sånn: «Alle saman, no kjem Sakkeus-historia!» Det berre fløyt naturleg.

Kokt ned, høyrdest historia omtrent slik ut:

– Sakkeus var «duden» som hadde ei lita tru, men ikkje fekk til nokon ting. Mange tenkte at han ikkje var «kristen nok», og det er det kanskje fleire av dykk som har høyrt? Det har eg og.

– Men kva er det for noko «bull»? Her sa du nettopp at du ber til Gud om kveldane av og til? seier Eric og rettar seg mot siddisen.

– Er ikkje det det største beviset på at det finst ei tru der?

---

4 kjappe

  • Gud er: Meir til stades enn me trur.
  • Eg klarar meg ikkje utan: O’boy og musikk.
  • På gravsteinen min skal det stå: Gledesspreiar, håpar eg.
  • Boka alle må lese: «Kunsten å forme livet» av Stian Kilde Aarebrot. (Tryland er på tredje runde).

---

Det Jesus leitar etter

Neste morgon, på eit tidspunkt framleis for tidleg for eit B-menneske, sit Eric på flyet som tar han tilbake til Bergen igjen.

– Shit, tenker han, idet han innser noko stort.

– Dette er det sterkaste møtet eg har hatt med Den heilage ande nokon gong. På ein pub. Etter to-tre pils.

Den korthåra pastorsonen ler litt når han tenker på korleis det må høyrast ut. Enkelte vil nok nekte for kva som skjedde den kvelden.

– Men der sit eg, litt over eit døgn etter at eg bad om å bli fylt av Den heilage ande snart … Og så har den finaste augneblinken eg nokon gong har hatt med tru, skjedd.

Det er «den kisen» han har lyst til å vere. Den som ser sennepsfrøet.

Eric Tryland Min Tro

– Der me så ofte trur at Jesus ser etter gjerningar – og kor kristen du er eller kor mykje du tvilar – så gjekk lyset opp for meg ved Sakkeus i treet. Idet Jesus kjem nærmare, ser han ikkje ein sliten «noob». Jesus spottar tru. Med éin gong.

– Det er mitt største driv: Å bli betre på å sjå tru hos folk.

Null kristenskam

Ein kveld på fest utan å ha fortalt nokon om Jesus er på ingen måte mislykka, skyndtar Eric seg å seie. Dersom den riktige, naturlege samtalen kjem kvar tiande pubkveld, er han nøgd.

– Eg er heldig, på mange måtar. For eg er så lite redd for kva folk vil seie når dei høyrer at eg er kristen.

Det er ingen grunn til å skamme seg over noko så godt, slik Eric ser det.

– Eg trur ikkje på ein Jesus som står med kjepp og stav og seier: Vurderer de å gifte dykk homofilt? Det er ikkje kampsaka til Jesus, meiner han.

– Han står der med kikkert og spør: Er det tru her? Det er det som er så kult.

Tryggleiken og frimodet, som Eric havdar å alltid ha hatt, gir han pastorfar Lloyd Tryland mykje av æra for. Han hugsar godt nettene i tenåra, kanskje litt over midnatt, då han hårfager og blond slentra inn i stua etter ein kveld på kristen ungdomsklubb.

– Æ du heime så himla tidlig? Va de’kke no gøy? kunne faren seie frå sofaen.

Ein bra kveld varar til langt på natt, meiner pastoren, på både spøk og alvor. Faren skrudde likevel alltid av Wallander-krimmen på TV, midt i episoden, og sette seg ned med yngstesonen for å høyre kva han hadde på hjartet.

Eric kunne spør han om kva som helst: Det som skurra i talar, og ting han trong klarleik i ved trua. Med sitt truverdige og rause vesen har Lloyd Tryland blitt eit av Erics største forbilde.

Hype-mannen

Litt kryptisk har Eric så langt blitt presentert som ein såkalla «hype man». Har du ikkje vore på ein hip hop-konsert er det ikkje rart at du stussar.

«Jobben til ein hype man er å få publikum gira før hovudartisten kjem på scenen. Hans eller hennar jobb er òg å halde momentum oppe gjennom showet»

Iallfall er det slik Urban Dictionary forklarar denne rolla, nettsida heile internett klamrar seg til når ein er ukjend med eit populærkulturelt uttrykk.

I tillegg til å spele keyboard, har Eric Tryland vore suksessbandet Boy Pablos definitive hype man. I konsertmeldingar blir han ofte trekt fram som ein stemningsskapar som får frontfiguren og resten av bandet til å skine.

Eric Tryland Min Tro

Ein kan nesten seie at Eric Tryland, i kvardagen, også er ein hype man for Jesus. Sidan åttande klasse har han visst at han ein dag skal gjere det til eit livsprosjekt: Ein gong i framtida plantar han ei kyrkje.

– Det blir så bra, det! Å sitte på pub og kunne seie «join på sundag».

Forsamlinga skal vere ei slik som dei som «ikkje likar» kristne forsamlingar kan trivast i. Dei som kanskje ikkje er vane med hender i vêret og høgtidelege prestekjolar skal finne heimen sin her. Jesu klare tale i Johannes 8:11 er kanskje den viktigaste bodskapen Eric vil møte dei med:

«Så dømmer ikkje eg deg heller».

Sjå sokkane!

Heile livet har han «hypa» andre. Om dagen er det tid for å hype seg sjølv. Éin gong i månaden slepp bandmusikaren nye låtar – men no er det han sjølv som er i framgrunnen.

– Eg lever for popmusikk. Det gøyaste eg veit. Eg drøymer om å skrive ein hit til Justin Bieber! proklamerer den nyslåtte soloartisten.

Det får vere teiknet til å fullføre historia om Erics store idol på Coachella-festivalen: Er alt mogleg for den som trur?

Idet 20-åringen kjem inn på artistområdet etter å ha vandra litt rundt, står han der, berre to meter bortanfor: Justin Bieber med kona Hailey og supermodellen Kendall Jenner. Livvaktene ser kor ivrig den norske keyboardisten blir, og gir beskjed om at kveldens største kjendis ikkje må forstyrrast.

Brått går livvaktene bort. Dette er Erics sjanse. Han sparkar av seg sandalane, tar dei i handa, og spankulerer bort til sin største helt.

«Hey, Justin, I just wanted to show you my socks».

Den blonde nordmannen sitrar av spenning. «Cool, man» svarar ein litt apatisk Bieber i caps og munnbind. Eric ser at Justin ikkje har sett sokkane hans på ordentleg. På dei står det nemleg Zoe Church, namnet på ei kyrkje superstjerna ofte går i.

«Seriously, Justin, you have to see my socks», insisterer Eric. Justin Bieber kviknar til.

Eric Tryland Min Tro

«That’s so cool», svarar artisten med solbriller og munnbind, og strekk ut handa mot Eric, som har den mest euforiske augneblinken i livet sitt. Midt i alle kjenslene klarar han likevel å kome på den nedskrivne setninga han har drøymt om å seie:

«Thank you for being so honest with your faith in social media. It means a lot to me».

Det set Bieber oppriktig set pris på, kan det sjå ut som. «God bless you, man» velsignar ein av verdas største artistar sørlendingen.

– Ja … Enn så lenge studerer eg teologi, fram til dei ringer frå Los Angeles og seier «du må kome hit, du har ein session med Justin Bieber». Då er det «snakkast» til gresken på MF.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Min tro