Sally Kamara blei skoten i ryggen som barn. Rullestolen er trona hennar. Jesus er kongen

Dette intervjuet vart fyrste gong publisert 28. mars 2022.

Ei blid ung kvinne i rullestol tek imot oss på NRK Marienlyst. Salamatu Kamara – eller Sally, som ho oftast blir kalla – er så entusiastisk at ho klappar i hendene. Ho gler seg slik til å snakke om Gud.

– I fox with Jesus, seier ho og smiler breitt.

– Eg elskar å snakke om tru. Det er så herleg at vi er komne dit, at ein kan vere ung og tørre å snakke om slikt. Eg «preacher» Jesus heile tida.

Ho ler høgt.

Sally slår ofte over på engelsk når ho blir gira. Annan aksent har ikkje den nye programleiaren i Supernytt, NRKs nyhendesending for barn. Opphavleg er ho frå Sierra Leone.

Dei første åra av livet sitt budde ho i eit land som var hardt ramma av borgarkrig. Ho var to år gammal då rebellane ein kveld kom køyrande inn i landsbyen hennar med skytevåpen. Sallys mor slengte dotter si på ryggen og sprang. Ho sprang og sprang, sprang for livet, mot eit skogholt der dei kunne gøyme seg.

Då mora endeleg kom seg i skjul og sette Sally ned på bakken, fall den vesle jenta saman.

– Du må reise deg opp, sa mora.

– Vi har ikkje tid til dette her!

Så såg ho blodet. Toåringen var blitt skoten i ryggen på tre stader.

Det tok mange timar før dei fann ein lege som kunne operere kulene ut av kroppen hennar. Ryggmargen var skadd. Sally kom aldri meir til å kunne spring rundt som den livsglade vesle jenta ho var. Ho var lam.

– Eg var likevel heldig som overlevde. Heile livet mitt er Guds plan, altså. Tenk på kroppen til ein toåring, kor liten han er. Og så blir eg skoten tre gonger utan å døy. Berre det i seg sjølv betyr noko. Det er ei velsigning, seier Sally.

---

Salamatu («Sally») Kamara

  • 25 år
  • Fødd i Sierra Leone
  • Blei skoten i ryggen og blei lam som toåring
  • Kom til Rakkestad som treåring
  • Bur i Oslo
  • Singel
  • Aktuell som ny programleiar i NRKs Supernytt

---

Tatt imot av lokalsamfunnet

Etter den fryktelege hendinga begynte ein ny fase i Sallys liv. Mor hennar hadde ein bror som hadde flytta til Noreg nokre år tidlegare. Familien blei raskt einige om at livet for ei funksjonshemma jente ville vere mykje enklare i Noreg enn i Sierra Leone. I landbrukskommunen Rakkestad i Viken, der onkelen budde, engasjerte innbyggarane og den lokale pressa seg i saka. Eitt år seinare, då Sally var tre år gammal, kom den ryggskadde jenta til Rakkestad. Her vaks ho opp med eit heilt lokalsamfunn i ryggen.

– Alle visste om meg då eg kom. Det var så fantastisk. Det var som å komme inn i ein diger familie, seier Sally, som sjølv var den yngste av ni søsken i Sierra Leone.

Ho fekk til og med eit nytt sett med besteforeldre då ho kom, eit ektepar som også hadde tatt seg av onkelen hennar.

Den afrikanske jenta i rullestol visste at ho var annleis enn dei andre i lokalsamfunnet, men det blei aldri vanskeleg for henne.

– Eg blei tatt så godt imot. Det var som om alle var innstilte på å vere kjempesnille, det var ingen diskusjon om det ein gong, smiler Sally.

Salamatu Kamara

Var redd for Gud

Onkelen, som Sally kallar for pappa, fostra henne opp. Han var komen til Noreg som stipendiat via koranskulen, men konverterte frå islam til kristendom og jobba også som vaktmeister i ei lokal kyrkje.

– Kva sa resten av den muslimske familien til det?

– Religion har aldri vore noko problem i familien vår. Vi samlar oss til ramadan, id og jul – vi feirar høgtidene til kvarandre. Det er jo éin Gud vi prisar, seier Sally.

Sally blei tidleg med pappaen sin på gudstenestene til pinsekyrkjelyden Betania. Ho hugsar at ho var sjalu på dei andre barna som sprang rundt og leika, mens ho måtte sitte og høyre på dei som talte.

– Då eg blei litt eldre, flytta vi til Bjørndal i Oslo. Der blei vi med i den afrikanske pinsekyrkja Redeemed Christian Church of God (RCCG). Frå 11-årsalderen var eg også med på bibelgrupper, fortel Sally.

– Kva bilete fekk du av Gud som barn?

– Då eg var yngre, var Gud ein kjempesvær skapning som følgde med på meg og såg om eg var snill eller slem. Eg kjente på ei frykt for Gud. Eg tenkte at oi, skitt, no må eg ikkje banne, for då står han klar! Men etter kvart gjekk frykta meir over i respekt.

Sally fortel at ho og Gud har hatt ein langvarig opp-og-ned-prosess, med mykje glede, men også med mykje frustrasjon. Ho har mange gonger vore lei av å slite seg gjennom ting for å oppleve velsigningar i etterkant.

– Han har sjølv sagt at om vi ber, så skal vi få. Vi har alltid hatt eit forhold, men vi har ikkje alltid vore bestevenner. Eg har mange gonger tenkt at dersom Gud hadde vore eit menneske på jorda akkurat no, så ville vi ha hamna i slåsskamp, seier ho.

Har aldri vore bitter

Ein ting Sally ikkje har bedd om, er å bli kvitt rullestolen. Ho har ingen noko ønske om å reise seg opp og gå, som den lamme mannen i Det nye testamentet.

– Vi er alle skapte i Guds bilete. Han gjer ingen feil. At nokon skulle ønske å be meg frisk fordi eg ser ut på ein bestemt måte, er eg heilt imot!

– Du har aldri vore bitter på Gud for at nettopp du blei skoten i ryggen og måtte leve livet ditt i rullestolen?

– Eg har absolutt hatt spørsmål. Kvifor meg? Men eg har ikkje vore bitter. Den verste med å sitte i rullestol, er det beste med å sitte i rullestol – og motsett. Verda er ikkje laga for meg. Ofte strekk eg ikkje til, fordi samfunnet ikkje er lagt opp kring meg. Det er framleis for lite tilrettelegging. Og det er mykje stigma. Likevel: Eg elskar å sitte i rullestol! Han er elsklingen min, som får meg dit eg skal! Rullestolen er trona mi!

Salamatu Kamara

Majestetisk i NRK

Sally kan kjenne seg som ei dronning når alt går bra. Når ho har klart å gjere noko bra for unge mørkhuda kvinner og for rullestolbrukarar.

– Då er eg rojal. Som det å bli programleiar i NRK Supernytt. For meg er det majestetisk! No er eg dronning Sally!

Ho har fått svært mange tilbakemeldingar etter den første veka si på skjermen. Ho stemmer i ein høgstemt A.

– It’s just crazy! Men for ei velsigning. I love it! Det er jo derfor eg gjer dette, at det finst små jenter og små gutar der ute som aldri har sett nokon som seg sjølv på TV. Eg har fått mange meldingar frå barn som sjølve sit i rullestol. Det er ikkje mange av oss på skjermen. Eg er veldig glad for å vere ein av dei.

No er eg dronning Sally!

—  Sally Kamara, om å få jobb som programleiar i NRK Supernytt.

Motsett kjenner ho seg som ei ikkje-dronning når ho mister engasjementet sitt av syne. Då er det tungt. For Sally er engasjementet det drivande i livet.

– Dersom Marvel Studios hadde gitt meg jobb, men kravd at eg måtte slutte å engasjere meg i Norges Handikapforbund, hadde eg ikkje takka ja til jobben. I’m not taking this job! This is my life! Eg kjempar for at eg, når eg ein gong får barn, skal kunne trille ungen min rundt i heile Oslo. Det betyr alt!

Det same gjeld den kristne trua: For sin eigen del kan ikkje Sally sjå for seg eit liv utan Gud. Også i periodane der ho har tatt avstand, har ho merka at Gud har halde handa si over henne. Ho viser fram ei tatovering ho har på venstre skulder: «Pie Jesu». Gode, trufaste Jesus. For Sally er Jesus «the man». Kongen.

– Med ditt perspektiv: Kva er meininga med livet?

– Livet for meg er å nyte, i Kristus. Vi er på jorda for å elske kvarandre og spegle kvarandre. Hjelpe kvarandre så godt vi kan. Det er det eg meiner vi er her for: Å leve og å elske, seier ho.

---

4 raske

  • Gud er: Miskunn.
  • Jeg klarer meg ikke uten: Indre ro.
  • På gravsteinen min skal det stå: Kos dykk vidare! Vi sest!
  • Boka alle må lese: Bibelen, nei då. Sjølvsagt boka mi, Hva har du under klærne?

---

La ifrå seg skam

Etter kvart som ho er blitt eldre, er ho blitt meir spirituell. Ho bestemte seg for eit par år sidan for verkeleg å bli kjent med Gud, og gjennom dette har ho funne fram til ein indre styrke og fred.

– Om det er Gud som har fått meg gjennom alt det vonde, om det er Gud som har vegleia meg, så må eg jo bli betre kjent med han! I needed to get to know him!

– Korleis gjekk du fram då?

– Eg måtte legge ifrå meg skamma over å vere menneske. Eg måtte innsjå at eg er menneske først, med mine synder og mitt begjær. Etter kvart klarte eg å sjå på meg sjølv slik Gud ser på oss. Vi treng ikkje alle å vere like. Vi følgjer den raude linja, men langs denne kan vi vere så mykje forskjellig.

– Kva er den raude linja?

– Christ! Kristus! Men det finst så mange måtar å komme dit på, og det finst så mange måtar å prise han på. Vi kan komme til han med alt.

– Hadde du mykje skam du måtte gi slepp på?

– Eg hadde masse, masse skam. Første gongen eg såg på porno, tenkte eg at «fy faen, dette kan eg ikkje gjere, no kjem eg til helvete med ein gong!» Skamma sit i så lenge. Du tenker: No har eg synda, kva skal eg gjere no? Eg kan ikkje fortelje det til nokon, eg kan ikkje be om tilgiving, og så held du kanskje fram på den same måten.

– Gud vil ikkje ha ferdige prosjekt

Etter kvart forstod Sally at skamma ho kjente på kom av frykta ho hadde for Gud.

– Omsider klarte eg heller å tenke: Go to your dad and talk to him! I fucked up, eg beklagar!

Då ho klarte dette, fann den indre roa fram til henne. Sjølv om 25-åringen framleis bannar som ein ... ja, kanskje ein ikkje bør seie sjømann, men likevel.

– Oh Lord! Å ja! Og så snusar eg! Men vi er jo menneske!

Dette har ho reflektert meir rundt.

– Det er menneske Gud vil ha. Han vil ikkje ha ferdige prosjekt. Då Jesus kom til jorda, hang han ikkje med dei religiøse som stod og prisa han. Han hang med prostituerte og syndarar. Ofte når ein snakkar om religion, så blir det litt «du skal vere slik som dette!». Kjempefint, men eg er jo ikkje sånn. Så korleis kan eg prise Herren der eg er? Eg trur at ein kan elske Jesus og likevel twerke på laurdagskvelden. Det er mykje betre enn å lure seg sjølv til å tru at ein er guddommeleg. Viss du er det, då treng du ikkje Gud.

Eg trur at ein kan elske Jesus og likevel twerke på laurdagskvelden.

—  Sally Kamara

Viktig å snakke om sex

Sally dreg fram dei kristne kusinene sine som sin personlege «grunnmur» når det kjem til kristen tru. Dei har vore viktige for henne heile livet.

– Eg har ikkje så mange unge kristne venner, så det er ofte kusinene mine eg tek kontakt med når eg treng noko å snakke med, be saman med og takke saman med, seier ho.

Ho var med eit par år i eit kristent ungdomsmiljø i tenåra, men fann seg ikkje heilt til rette med andre kristne ungdommar.

– Ikkje kunne ein snakke om sex, til dømes, det blei for betent. Det låste seg veldig. Når sex og begjær er så viktig, kvifor snakkar vi ikkje meir om det? Og når vi snakkar om det, kan vi knapt seie at sex er godt. MEN DET ER DET JO! Det er så avgrensa kva kristne kan snakke om og korleis ein kan snakke om det.

– Saknar du fleire kristne venner?

– Nei, eg kan ikkje seie det. Haha!

Salamatu Kamara

Sally har aldri opplevd det som vanskeleg å ha eit kristent livssyn sjølv. Og ho snakkar gjerne om Jesus til alle ho møter, om dei er truande eller ikkje.

– Eg snakkar om Jesus ute på byen også, eg! God in the club! Eg kan ikkje berre sitte på alt dette sjølv, utan å dele det med folk.

Ho ler igjen.

– Kva er det viktigaste i den kristne trua di?

– Fred. Å vere i fred med seg sjølv og andre. Når du ikkje lenger er uroleg for om du er attraktiv. Når du begynner å tru på det Jesus snakkar om. Når sjølvtilliten din kjem frå Gud. Over livet ditt, over måten du ser ut på, over kva du skal gjere. Eg har ein lagnad som er kjempefantastisk, for Gud er den som ser alt, den som veit. Det har gitt meg fred.

Ropar på Jesus i trøbbel

Det har tatt henne lang tid å komme dit, men ho har hatt fleire sterke erfaringar med på vegen. For nokre år sidan var ho svært deprimert, og sat berre inne i leilegheita si.

– Men der, i leilegheita, kjente eg Gud. Vi lo, vi gråt, vi slost. Det var meg og Gud i leilegheita frå morgon til kveld.

Ho har også opplevd vonde draumar, der ho følte at det var ting i rommet hennar som ikkje var frå Gud. Også desse blei ho løyst frå.

– Eg ropar alltid på Jesus når eg er i trøbbel. Jesu namn. Det funkar for meg. Og det gjorde det også den gongen. Eg ropte Jesus i søvne, og då eg vakna, såg eg eit kvitt lys.

Jesu namn. Det funkar for meg.

—  Sally Kamara

No er det snart påske, den kristne høgtida som feirar Jesu død og oppstode. For Sally er dette sanning.

– That’s what I believe! Det som skjedde i påska, er ei sanning for meg. Eg høyrer folk som kallar trua for ei krykke, fordi ein ikkje klarer å gjere ting sjølv. Men vi er menneske. Det er berre så og så mykje vi kan gjere. Vi treng hjelp av nokon! Tenk at vi får ha ein far som alltid stiller opp for oss, som viser oss vegen når vi ikkje finn vegen sjølv!

Sally ber mykje. Ho ber for ting som skal skje, og ho er opptatt av å takke.

– Eg har mykje takksemd i meg, også for ting som enno ikkje har skjedd, ler Sally.

– Eg takkar ofte Gud litt på førehand.