Trua som forsvann

Dei første tjue åra av livet var Joanna Rzadkowska kristen. Så sa det stopp på pilegrimstur.

Min tro

Eg er vegen, sa Jesus. Dei første kristne la vekt på denne metaforen. Før nokon fann på å kalla dei for kristne i det heile, var dei medlemmar av Vegen. Og dei brukte i stor grad apostlanes hestar når dei tok seg fram.

Framleis likar mange truande å gå til fots. Gjerne langs ei pilegrimslei. Å gå pilegrim er ein måte å finne fotfeste på. Kjenne nærleik til eige liv, nærleik til Gud.

Det var utgangspunktet også for Joanna Rzadkowska. Ho var tjue år, hadde droppa ut av medisinstudiet og hadde ingen plan B. Tid, derimot, det hadde ho. Ho bestemte seg for å gå dei åtte hundre kilometrane frå Saint-Jean-Pied-de-Port til Santiago de Compostela. Til denne mektige katedralen har truande vandra i tusen år, etter katolsk tenking for å gjere bot for syndene sine og forkorte tida i skjærselden. Pilegrimsturen var like populær på 1100-talet som i dag.

Kven var denne unge kvinna som la ut på reise mot eit heilagt mål? Ho hadde enno ikkje debutert som lyrikar. Debuten Gjentagelsestvang kom fem år seinare, i 2012. Derimot var ho kommen i sin første konflikt med den katolske kyrkja. Ho hadde fått seg kjærast, og hadde begynt å tenke på sex. Dette var skitne tankar, sa den polske presten ho var til skrifte hos. Ikkje nok med det. Heile ho var skitten. Skuldkjensla melde seg sterkt.

Harmonisk tru

Vi skal spole nokre år bakover i tid. Då finn vi eit trusliv hos Joanna Rzadkowska som i stor grad er prega av harmoni. Fram til åtteårsalderen budde ho i Polen. Faren, som var lege, tok henne regelmessig med til katolske messer. Den viktigaste personen i trusopplæringa var likevel farmor.

– Farmor var ein utruleg viktig person for meg. Ho var ein god forteljar og las alltid mykje. Ho inspirerte meg med det litterære. Samtidig var ho djupt truande. Ho hadde ei stor ro, som om trua gav henne sjelefred, seier Rzadkowska.

Farmora pressa på for at resten av familien også skulle halde seg til den kristne trua. Ho var særleg opptatt av ein prest som var både sjølvoppofrande, hjartegod og hadde talent med barn. Hos denne presten gjekk vesle Joanna på barnemesser, kvar søndag kl. 10.

– Eg hugsar at han ein gong spurte alle kva vi blei kalla heime. Då turen kom til meg, syntest eg alle kjælenamna var oppbrukt, så eg svarte i staden «den vesle månen».

– Det var der diktinga starta?

– Ja, for det var ikkje eit ordentleg kjælenamn. Men så begynte familien min å kalle meg det, ler ho.

Regelbunden

Forfattaren og psykologen hugsar at ho begynte å lese i barnebibelen. Ho tenkte på Gud som ein instans som kunne sjå alt, og som løna gode gjerningar og straffa vonde gjerningar

– Ved å gjere dei rette tinga ville eg få eit godt liv, og i tillegg komme til himmelen etter døden, seier ho.

– Du var opptatt av reglar?

– Eg ville gjere alt rett. Gjere det ein måtte gjere.

Ho har merka seg ein forskjell mellom katolisisme og protestantisme når det kjem til religiøs praksis. Ei venninne av henne, som no er blitt prest, kunne gjere opp med Gud på eiga hand. Det høyrtest frigjerande ut for katolikken.

– Som barn skrifta du både at du hadde gløymt kveldsbøna eit par kveldar og at du hadde krangla med søster di om oppvasken?

– Ja, då sa til og med prestane at eg kunne slappe av. Dei syntest nok det blei litt i meste laget.

Ville bli nonne

Ho begynner å snakke om helvete. Ho las Dantes visjonar av helvete i Den guddommelege komedie første gong som 16-åring, og likte dei svært godt. Det finst grenser for kor seriøst ein kan ta Dantes helvetesskildringar når ein finn ut at han plasserte sine personlege fiendar der nede. Som truande var ho uansett ikkje redd for helvete som Guds straff.

– Eg likar ideen om helvete som det aller verste vi kan førestille oss. Men eg tenkte at eg trur på Gud og gjer så godt eg kan, og at eg sikkert kom til å hamne i himmelen.

Rzadkowska hadde ei stund tankar om å bli nonne. Ho var femten år og katolsk konfirmantleiar då det kom over henne at klosterlivet var eit reelt alternativ. Ho snakka med nokre inspirerande nonner i Oslo, særleg ei som ho syntest var skikkeleg kul. Og ho tenkte at den konstante grublinga hennar for å finne sanninga, ville få gode vilkår om ho gjekk i kloster.

– Å vere nonne er verkeleg å gruble. Då kan du bruke resten av livet på å tenke, lese og kontemplere. For meg verka det som eit frirom, seier ho.

---

Joanna Rzadkowska

  • Forfattar og psykolog
  • 33 år
  • Kjem opphavleg frå Polen. Har budd i Noreg sidan ho var 8 år.
  • Jobbar på Familieavdelingen, Modum Bad
  • Aktuell med boka En flyktig frihet. Veien til Santiago de Compostela (Flamme forlag)

---

Gud i naturen

Det blei likevel med tanken. Kanskje kom ho på undervisinga ho hadde fått frå klosterhald då ho var åtte år og skulle ta nattverden, kommunionen, for første gong: Dei nonnene var opptatt av at ho skulle ha ei heilt rein sjel. Rzadkowska meiner det er eit sympatisk trekk ved protestantismen at ei rein sjel ikkje er naudsynt for å gå til nattverd.

Sjølv om ho ikkje landa på å bli nonne, var den kristne trua likevel ein stor del av kvardagen hennar. Messer, konfirmantarbeid, leirar og kveldsbøn.

– I periodar såg eg også mykje etter Guds skaparverk i naturen. Då handla det om å avlese gudsbevis i oppbygginga av den fysiske verda. Eg las filosofen Baruch Spinoza på den tida og trudde ein periode på panteisme. Men det er kanskje blasfemi?

– Å sjå Gud i skaparverket, er ikkje blasfemi. Panteisme går det an å vere kritisk til. Men det verkar elles ikkje som om du utfordra grunndogma i katolisismen i ungdommen?

– Nei, eg gjorde ikkje det. På vidaregåande begynte likevel tvilen å dukke opp til overflata.

Rzadkowska engasjerte seg i politikk og miljøvern, og var mellom anna aktivt med i Natur og Ungdom og Ungdom mot krig. Ho arrangerte demonstrasjonar, hadde aksjonar og delte ut bollar på bussen med eit «takk for at du køyrer kollektivt». Ho kjøpte brukte klede.

Ho begynte også å lese eksistensialistisk litteratur. Jean-Paul Sartre og Simone de Beauvoir blei viktige følgjesvenner.

Enorm sorg

Ei anna hending som prega denne delen av livet hennar sterkt, var at farmor hennar døydde.

– Ho fekk kreft. Det var ei enorm sorg. Og eg fekk sjølv mykje dødsangst i etterkant, seier ho.

Farmora hadde vore som ei reservemor for henne. Rzadkowska minnest både korleis ho kunne fortelje frå oppveksten, då ho var på flukt under krigen, og korleis ho kunne skøye ved å kle seg ut og leike rollespel når dei kom på besøk.

– Ein gong hadde ho kledd seg ut som ei kvit jomfru Maria med flomlys bak seg. Ho skremte vettet av søskenbarnet mitt. Ein annan gong kledde ho seg ut som ein mann, som ingen ante kvifor var der.

Dømt til helvete

Alle desse hendingane leia fram til pilegrimsturen som Joanna Rzadkowska la ut på som tjueåring. Og det er her trushistoria hennar går igjennom eit massivt skifte. Då ho begynte å gå mot Santiago de Compostela, var ho framleis ein truande katolikk som knapt hadde skofta ei messe. Då ho kom fram, var ho ateist.

– Kva var det eigentleg som skjedde?

– Det var nok eit opprør mot den skamma og skuldkjensla som eg følte at kyrkja hadde lagt på meg. Eg syntest det var urettferdig å bli dømt fordi eg hadde fått ein ungdomskjæraste.

Dømt, seier Rzadkowska. Det var slik ho opplevde det. Med reine ord: Dømt til helvete fordi ho ikkje ønskte å leve seksuelt avhaldande med kjærasten.

– Eg hadde jo ikkje gjort noko gale før. Og så plutseleg begynte eg å gjere ting som var gale. Eg blei redd for den evige fortapinga, samtidig som det kjentest så urimeleg.

Ho snakka også med andre truande, høyrde på ulike syn. Men noko hadde sett seg i henne. I etterkant av at farmora døydde, jobba ho allereie med å forsone seg med døden. I lys av døden blei valet endå tydelegare for henne, at vala vi gjer på jorda blir ekstra viktige. Ho tenkte mykje på korleis vi grunngir våre eigne val, og skaper meining gjennom dei, som Simone de Beauvoir skriv om.

– Kanskje var den kristne trua mi eigentleg ein frykt for døden, seier ho.

---

4 raske

  • GUD ER: ein fiksjon blant mange.
  • EG KLARER MEG IKKJE UTAN: Bøker og gåturar.
  • PÅ GRAVSTEINEN MIN SKAL DET STÅ: Kva var det eg sa?
  • BOKA ALLE MÅ LESE: Rebecca Solnits Wanderlust og Simone de Beauvoirs Tvetydighetens etikk

---

Gjekk pilegrim på nytt

For trua hennar forsvann ut på den pilegrimsturen. Og ho er ikkje komen tilbake, ikkje eingong som ein lengsel. Rzadkowska gjekk pilegrimsturen på nytt for tre år sidan, og skreiv deretter boka En flyktig frihet. Veien til Santiago de Compostela, som kom ut nyleg. Men saknet etter Gud kjenner ho ikkje på, sjølv om ho framleis elskar store og vakre katedralar. Ho ser dei som det fysiske uttrykket for dei religiøse lengslene i mennesket.

– Eg har forsona meg med at det ikkje er noko liv etter døden. Og eg har ikkje hatt noko tilbakefall, seier ho.

Derimot har ho definitivt planar om gå fleire pilegrimsreiser. Å gå pilegrim til Nidarosdomen er det neste prosjektet hennar.

– Kva er inntrykket ditt: Er pilegrimar flest fromme eller mindre fromme?

– Det er vel slik det alltid har vore: Både og! Nokre er fromme, men du har også dei som flørtar og drikk seg full kvar einaste dag. Det heng kanskje igjen frå mellomalderen: Då var pilegrimsreise kanskje den einaste gongen i livet du fekk ein skikkeleg ferie. Ein skikkeleg fest!

LES OGSÅ: Kjetil Røeds melding av Joanna Rzadkowskas bok

Unner folk trua

Då ho merka at ho verkeleg hadde svært lyst til å gå pilegrimsleia til Santiago de Compostela ein gong til, lurte ho på om lengten kunne vere uttrykk for ei dragning tilbake i trua. Ho var open for det, sjølv om det i så fall hadde overraska henne. Dei religiøse kjenslene hennar er erstatta av estetiske opplevingar. Ho kallar seg for ateist, men seier det ikkje alltid, for ho vil ikkje «skremme kristne». Og ho vil ikkje vere bastant og seie: Det finst ingen Gud. Punktum.

– Eg unner folk å ha det bra. Dersom folk har det bra med trua si, så unner eg dei det. Eg har ingen grunn til å stille spørsmålsteikn ved trua i det heile. Som menneske er vi då også avgrensa erkjenningsmessig. Det er mykje eg ikkje veit, seier forfattaren og psykologen.

Trur på mennesket

Rzadkowska føler ikkje at ho treng Gud som ein garantist for menneskeverdet. Og sjølv om Gud er blitt borte, har mennesket tredd endå klarare fram for henne. Som ho skriv ein stad i den nye boka si: «Jeg tror ikke på Gud, men jeg tror på mennesket som tror på Gud.»

Det er spesielt naudsynt i ei tid som vår. Når ho sjølv ein gong går bort, håper ho at ho har gjort noko godt for dei rundt henne, meir godt enn vondt – eigentleg det same som ho var opptatt av då ho trudde på Gud. Ho blir opprørt når ho opplever hat i retorikken mot svake grupper i samfunnet. Motsett synest ho at ho ser mange kristne gå i front når det kjem til å forsvare menneskeverdet og ta vare på andre menneske.

– For kristne er menneske viktigare enn pengar. Dei verdiane kjenner eg meg i slekt med.

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Muhammad Rafiq

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Anne Hege Grung

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Solfrid Molland

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Olav Fykse Tveit

LES MEIR: Min tro-intervjuet med Tord Gustavsen

Eg har forsona meg med at det ikkje er noko liv etter døden.

—   Joanna Rzadkowska

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro