Som liten låste Jeffrey Huseby seg inne på rommet sitt for å legge kabal

– Eg kunne godt klart meg utan noko av forkynninga i barndomen, seier Sjømannskyrkjas nye sjef.

Min tro

Det bles liten kuling på Mosterøy, litt nord for Stavanger. Jeffrey Huseby står ute ved havet. Han er trøytt, har jobba mykje over lang tid. Derfor er han på retreat.

Dei andre har gått vidare for å finne ly. Plutselig merkar Huseby noko i augekroken, noko som rører seg. Han snur seg og ser ei stor ørn rett over havflata.

Ho flaksar med vingane tre gongar og så flyr ho over hovudet på han. Deretter forsvinn ho opp i skyene.

Huseby og dei andre har nettopp meditert over to skriftstadar i Bibelen – eitt frå Jesajas bok og eitt frå Salmane. Felles for dei to, er biletet av ørna.

– Sjølv om det kan vere heilt tilfeldig at det var ei ørn der, så var det litt merkelig for meg å lese to bibeltekstar om ørna og så skulle det vere ei akkurat der, seier Huseby.

Han sit i aulaen ved VID Vitenskapelige høgskole i Oslo. Det er høgt under taket. Rundt oss sit studentar i små grupper, no og då skrapar stolbein mot golvet.

Huseby verkar brydd når han fortel om det han kallar «åndelege opplevingar», og han måtte tenke seg godt om før han valde å fortelje om den gongen på retreat.

Han mumlar noko om korleis dette vil ta seg ut på trykk. Så tek han sats:
– For meg var dette ei sterk oppleving. Det styrka trua mi å kjenne at Gud ser meg og har omsorg for meg.

Ikkje bitter

Sidan 2011 har Huseby vore generalsekretær for Det norske misjonsselskap (NMS). I fjor sommar vart det klart at Huseby ikkje vart tilbode eit nytt åremål som leiar. Landsstyret viste til krevjande år og slitasje.

Huseby sjølv vart både skuffa og overraska.

– Eg vart overraska fordi landsstyreleiaren innstilte på at eg skulle halde fram, seier han.

– Og eg vart skuffa fordi eg opplevde å ha fått gode tilbakemeldingar. Det er eit plaster på såret at landsstyret seier dei ikkje har vore misnøgde med meg. Men ja, eg...

Han sukkar.

– Eg tykte det var tøft i fjor sommar. Men eg bestemte meg for å ikkje bli bitter.

I mars tiltrer han i jobben som generalsekretær i Sjømannskyrkja.

Sliten

Denne tysdagen er Oslo dekt av eit tynt snølag. Det er så godt som vindstilt. Huseby har kome rett frå Gardermoen til høgskulen, skal delta på innsetjing av ny rektor seinare på dagen.

Dei som kjenner 61-åringen godt, skildrar han som tvers gjennom kvardagskristen. Han brukar gjerne tid på å pleie trua, som han uttrykker det.

– Det betyr at eg ikkje legg skjul på at eg er ein kristen, og at eg er open for å dele trua mi med andre menneske.

Det har ikkje alltid vore slik. Som barn var han éin av få i klassa som var aktiv kristen. Då han skulle byrja på realskulen i Farsund som 14-åring, tenkte han: Dette vil eg ikkje meir.

– Eg tok på ein måte eit standpunkt om å ikkje ville praktisere trua, seier han.

Det var ikkje det at han trudde kristentrua var «feil». Han opplevde heller ikkje sterk tvil eller å bli mobba av klassekameratar. 14-åringen var berre sliten av det heile.

Så gjekk det nokre månadar. Ein dag tok ein eldre ungdom kontakt med han og inviterte han til bedehuset. Etter å ha tenkt nøye over det, vart Huseby med.

– Då vart eg liksom hanka tilbake i det kristne miljøet igjen, fortel han.

Han kunne framleis vere flau over trua si. Om det kom nokon på bedehuset som han kjende frå før, prøvde han å unngå dei.

– Kvifor?

– Dette var nok i ei tid der eg var litt på leiting. Og kristen tru i Noreg er ei privat sak. Eg trur den generasjonen som veks opp i dag er meir open.

Noko av den forkynninga tykkjer eg nok var for sterk, når eg ser tilbake

—   Jeffrey Huseby

Pølse og tilgjeving

Huseby vart fødd i USA i 1958. Derfor fekk han eit amerikansk namn. Foreldra hadde emigrert frå Lista i Sør-Noreg til Brooklyn i New York nokre år tidlegare. Det same hadde alle syskena til mora gjort, og farens bror.

Men hans foreldre var dei einaste som reiste tilbake til Noreg. Mora ville heim for å ta seg av foreldra sine.

Huseby var ni år. Det var litt stas å kome frå USA. Han kunne litt norsk, men ikkje flytande. På barneskulen måtte han ha ekstraundervisning i norsk.

Han hugsar fridomen – til å kunne sykle til skulen eller gå til aktivitetar, som søndagsskulen og barnekor. I USA måtte dei halde seg nær huset, eller køyre bil om dei skulle nokon stad.

Heime snakka dei lite om kristen tru. Men kvar kveld kom mora og sette seg på sengekanten for å be kveldsbøn saman med sonen. Dei ba også bordbøn før alle måltid.

– Korleis opplevde du dette?

– Det var trygt og godt. Eit godt ritual. Ja.

Han avsluttar ofte svara sine slik, med eit «ja» eller eit «mm». Så er han klar for neste spørsmål.

– Når byrja du å ta eigne standpunkt rundt tru?

– Eg hugsar spesielt ein gong eg var på leir, eg var 12-13 år. Det var ein som forkynte at alle menneske treng Guds nåde, at Gud er glad i oss og at Jesus døydde på korset for det gale vi har gjort. Og så var det noko eg hadde gjort, som eg kom til å angre på...
Han let det henge litt i lufta.

– Kva hadde du gjort?

– Eg hadde lånt litt pengar for å kjøpe ei pølse og så hadde eg ikkje betalt tilbake dei pengane. Det er ein banal liten ting, men for meg var det noko som stengde i gudsrelasjonen. Og då måtte eg gjere noko med det.

Han ba om tilgjeving og kjende ei slags fridomskjensle i kroppen. Han fekk ei sterk oppleving av at han ikkje kunne leve på foreldras tru lenger.

Frå linje til rom

Han skildrar trua si som noko som har utvikla seg frå ein snever bedehuskristendom til noko meir vidsynt. I barndomen høyrde han forkynning som sa at kristendomen var som å gå på ei linje.

– Og gjorde du noko feil, trakka du utanfor linja. Då hadde du noko å gjere opp.

I ungdomstida diskuterte dei kortspel, kino, musikk, sex før ekteskap. Som 10-åring brukte han å låse døra til rommet sitt, slik at mora ikkje skulle sjå at han la kabal.

– I vaksen alder spurde eg mamma: Er du imot kort og kortspel? For eg hadde lurt på kvar eg hadde det frå. Og ho sa ho aldri hadde vore imot det. Så det må eg ha plukka opp frå forkynninga.

Han kan ikkje hugse å ha opplevd helvetesforkynning som barn, men det var mykje snakk om synd. Om å ta eit oppgjer og vedkjenne trua si, og gjerne stå fram.

– Noko av den forkynninga tykkjer eg nok var for sterk, når eg ser tilbake.

– Ville du vore den forutan?

– Eg ville nok hatt ei litt anna form på det. Og ja, eg kunne godt klart meg utan den. Det er noko med måten ein legg det fram på og styrken i det som vert sagt.

I dag føler han ikkje at han balanserer på ei linje, men at han kan røre seg i eit rom. Der han får vere kristen med heile seg.

– Så får eg leve i Guds nåde. Og det er mykje kjekkare. For då vert det ikkje slik at eg ikkje kan vere kristen fordi eg har lånt pølsepengar som eg ikkje har gitt tilbake.

Eit kall

Som generalsekretær i NMS, leia Huseby organisasjonen gjennom mykje omstilling. Ei rekke misjonærbustadar måtte leggast ut for sal, og omfattande nedbemanningsprosessar førte til frustrasjon og motløyse blant tilsette og frivillige.

Huseby sjølv kallar tida spanande, lærerik og krevjande. Trua motiverte til innsats.

– Samtidig krev det meir å leie ein trusbasert organisasjon. Når det er snakk om at vi ikkje har råd til å ha så mange misjonærar, går det på trua laus. Fordi somme tilsette opplever at dei har eit kall til å jobbe der.

– Har du sjølv kjent på eit kall?

– Ja.

Han fortel at han eigentleg skulle bli ingeniør, men at kristenrusstida fekk han til å vurdere teologistudiet. Som student ved Menighetsfakultetet opplevde han eit kall til å bli prest.

– Kva ligg i det å ha eit kall, for deg?

– I det ytre, handlar det om at der er eit behov. At eg ser der er behov for arbeidskraft. Men i det indre kan det handle om ei subjektiv oppleving av at det er noko eg skal gjere. Anten det er å bety noko for andre eller ta ei utdanning eg kan bruke i ein bestemt samanheng, forklarar han.

– Når det er samsvar mellom dei to, kan det skje noko.

Nåden held

I studietida vart han med ein gjeng som gjekk ut, to og to, og ringde på hybelklokker. Dei presenterte seg og spurde om dei kunne ta ein prat om kristen tru og livssyn.

– Eg veit ikkje om nokon av dei vi møtte vart kristne, men eg opplevde det å gjere dette som veldig utviklande for mi eiga tru. Eg fekk trening i å setje ord på det eg sjølv trudde på.

For Huseby er Gud ein kjærleg far. Eit av dei sterkaste bileta han har av Gud, er forteljinga om den bortkomne sonen. Han som kasta vekk halve arva til faren, men som likevel vert omfamna då han kjem heim igjen.

– Den skulle eigentleg heitt forteljinga om den kjærlege far, meiner han.

Når livet har vore utfordrande, har trua vore viktig. Men han er oppteken av å ha ei kristen tru elles òg.

– Kristentrua er ikkje meint å vere berre ei naudløysing eller terapi når livet er vanskeleg. Trua må lærast på dei gode dagane for at ho skal vere slitesterk i dei vanskelege.

– Men når er det vanskeleg å vere kristen?

Han nøler, byrjar på fleire setningar før han seier:

– Eg tykkjer det er leitt når vi ikkje finn ut av ting, når vi er veldig ueinige. Og så er det litt vanskeleg når andre ikkje vel å tru, for eg opplever at Gud er kjærleik og at han har ei god vilje for livet, seier han og legg fort til:

– Men eg respekterer sjølvsagt kvar enkelts rett til å tru på det ein vil.

Sjølv har han ikkje tvila mykje på trua eller Gud, men på seg sjølv.

– Eg har lurt på om trua mi er god nok, eller sterk nok. Det kan skape tvil når eg vert skuffa over mi eiga tru.

– Når har du blitt det?

– Det er når eg ikkje er den eg ynskjer å vere. Når eg opplever å kome til kort. Mm.

– Når har du opplevd det slik?

– Eg veit ikkje om eg kan fortelje om enkelthendingar.

Han gjentek det om å kome til kort overfor andre menneske.

– Stiller du høge krav til deg sjølv?

– Både ja og nei. Eg har ideal, men samtidig veit eg at nåden held. Gud tilgir og han vil oss vel.

Vidsyn

Det som har betydd mest, er å oppsøke det engelskmennene kallar thin places – der det er lite i skylaget mellom menneska og Gud, fortel han. Som på retreaten på Mosterøy. Som ved Hillsong i London, eller i bønefellesskapet Taizé sør for Paris.

I sin nye jobb, håper han å bidra til at Sjømannskyrkja er «ei tenande kyrkje i verdas kvardag». Han meiner både misjon og Sjømannskyrkja har ein felles positiv eigenskap – å vere utanskjers.

– Der får ein andre impulsar, frå andre land og menneske. Slik kan vi få større vidsyn, seier han, før han avsluttar tankerekka som så ofte før:

– Ja.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro