Står i livet

Sjølv om det er vanskeleg for Hilma Nikolaisen å skildre kva Gud er, er han framleis med henne i alt ho gjer.

Min tro

– Alt vi gjorde, var knytt til at vi trudde. At Jesus var med på det. At Gud var med. Sånn har eg det framleis, men på ein heilt ny måte.

Hilma Nikolaisen sit i leilegheita ho deler med sambuar og sonen Miika. Den lyse panneluggen heng over auga hennar. Håret står i kontrast til den svarte, høghalsa genseren. På platespelaren bak henne snurrar ei plate av Curtis Mayfield.

Ho har nettopp blitt spurt om korleis tru kom til uttrykk i barndomsheimen hennar, der ho vaks opp saman med foreldre og seks sysken – tre yngre og tre eldre enn henne. Du kan heller spørje på kva måte den ikkje kom til uttrykk, svarar ho.

– Eg hugsar at vi vakna til at mamma hadde vore ute og jogga og sat og las i Bibelen. Ved frukosten vart det lese andakt og vi ba, kvar dag. Trua gjennomsyra alt.

På mange måtar er ho glad for det. Ho vart lært opp til at ingenting er umogleg. Gud styrte alt. Uansett kva som skjedde, var det ikkje Hilma som bestemte det. Men det utløyste også ei frykt: Tenk om eg ikkje er bra nok? Tenk om Jesus kjem i dag og eg ikkje får vere med?

– Eg tykkjer vi gjerne kan snakke meir om kva ansvar det er å oppdra barn innan kristen forsaking og tru. Det må følgjast opp på ein respektfull måte. Og det trur eg er veldig vanskeleg, seier ho og er stille nokre sekund.

– Om Jesus kjem att no, plutseleg, og eg er på ein stad der han vel å ikkje ta meg med, så synest eg det er ganske dårleg gjort, seier ho og ler.

Mjusic

34 år gammal ga Hilma Nikolaisen ut sitt første album. Då hadde ho allereie, over fleire år, spelt bass i broren Emils band Serena Maneesh. Ho lurte lenge på om hennar eigen musikk var viktig nok.
– Den første plata vart tatt på alvor, og det var alt eg trengde. At nokon sa: Vi trur på det du driv på med.

Ein gitar ligg i sofaen, to til står oppstilt ved vindauget. Utsikta har fått eit ekstra lag med snø i løpet av natta, men skodda gjer at alt flyt saman i eit stort, grått ingenmannsland.

Nyleg kom hennar andre plate, Mjusic. Namnet kjem frå bandet ho starta med broren Ivar i barndomen. Når ho ser tilbake på det, skildrar ho låtane dei skreiv som barn som «kjempedrøye».

– Vi skulle melde sanninga, for vi hadde jo rett. Dei som ikkje trudde på Gud, var idiotar som ikkje hadde skjøna meininga med livet, seier ho og himlar raskt med auga.

Ho skulle ynskje ho kunne banke på døra til seg sjølv som 13-åring og seie: Hallo, no må de skjerpe dykk, dette går ikkje an. Men det at ho alltid vil stå for noko, aldri gjere noko halvvegs, trur ho kjem frå åra som heilhjarta kristenpønkar i barndomen.

– Det å skape for meg, er åndeleg. Det høyrest veldig svulstig ut, men eg har ein sterk bullshitdetektor i meg når eg lagar låtar som seier: Er dette sant, eller er dette skvip?

Det åndelege fekk ein oppsving då ho byrja lage musikk som vaksen og ga ut debutplata. Ho kjenner seg heldig som har inspirasjon til å skape noko nytt.

– Det kan ingen ta frå meg. Og då gir krafta, eller det du kan kalle Gud, ein legitimitet til det eg gjer. Eg har eit varmt og takksamt forhold til den krafta. Når eg skal lage noko eller spele noko, føler eg at vi gjer det.

---

Hilma Nilkolaisen

  • Fødd 1. juli 1982.
  • Har ein son.
  • Vaks opp på Moi i Rogaland.
  • Har seks sysken, tre eldre og tre yngre.
  • Utdanna sosionom.
  • Debuterte som soloartist i 2016 med albumet Puzzler. Kom nyleg med andrealbumet Mjusic og er no ute på noregsturné. 1. mars spelar ho på Bylarm i Oslo.

---

Når du veks opp som vi gjorde, kan det vere vanskeleg å skilje kva som er foreldre og kva som er Gud.

—   Hilma Nilkolaisen

Foreldra og Gud

Fire av dei sju syskena som vaks opp på Moi på 1980-talet, enda opp som musikarar. Då systera Elvira tok avstand frå barndomstrua i eit intervju i 2006, tenkte Hilma: Eigentleg burde sikkert eg også ta avstand, men kvifor gjer eg det ikkje?

Ho har aldri opplevd dramatiske bølgjer i sitt indre liv, som ho seier det. Som mellomst i syskenflokken, fekk ho gå stille i dørene. Ho observerte dei andre og grubla mest for seg sjølv.

– Mamma og pappa var veldig tydelege på å la tru kome til uttrykk gjennom kjærleik. Dei var gjestfrie, alt var så ope hjå oss. Men dei var også veldig klare på at Gud sto sentralt.

Mora kjem frå Finland og faren vaks opp med bedehuskultur på Askøy utanfor Bergen. Til saman vart det ein slags versjon av ei fri statskyrkje, ifølgje Nikolaisen. Kvar søndag gjekk dei til gudsteneste, noko barna tykte var ekstremt keisamt.

Først då systera tok avstand, byrja ho å tenke på dei problematiske sidene ved oppveksten. Då var ho 24 år.

– Vi stilte få spørsmål i ung alder, fordi vi fungerte så bra inn i det kristne. Det som har vore problematisk for meg, har vore frykta for å skuffe mamma. Fordi eg veit at eg er ein del av henne og eg vil ikkje skuffe henne gjennom Gud. Eg trur det er vanleg å tenke slik om du veks opp som vi gjorde. At det kan vere litt vanskeleg å skilje kva som er foreldre og kva som er Gud.

Ho veit at foreldra ikkje har hatt slike intensjonar.

– Men får du sju barn, så er det sju ulike internaliseringar av det å skulle vere trygg i dette. Det har gått bra med alle oss barna, men eg hadde skjøna det veldig godt om nokon fekk store problem med oppveksten seinare. For vi har ikkje hatt ein eksistens som har vore lausriven frå trua.

Opne spørsmål

Då ho var 20 år, vart Nikolaisen gravid. Sonen Miika vart fødd året etter. Sidan har ho fokusert på han, eitt hundre prosent.

– Kven hadde eg vore utan Miika? Det blir som å seie kven eg hadde vore utan Gud. Det er heilt umogleg for meg å seie.

Sonen har atypisk autisme. Mange vil nok seie at han fungerer ganske godt, trur mora. Samtidig treng han alltid eit eige opplegg. Miikas syn på verda gjer at ho ofte må tenke heilt nytt.

– Han bryr seg til dømes ikkje om heider eller lovord. Du må vere ekte og sann, viss ikkje gjennomskodar han det med ein gong. Han har nok gjort at eg er blitt endå meir heilhjarta i alt eg gjer.

Då ho vaks opp, var det Ivar Skippervold frå morgon til kveld. I tillegg las dei bibelhistorier. Det adopterte sonen. Men når du lærer opp barn, trur dei ganske blindt, ifølgje Nikolaisen. Og hennar son tok alt bokstavleg.

– Ein dag sa han: Det gjer ingenting om eg døyr no, for då kjem eg berre til Gud. Då tenkte eg: No må vi byrja å rydde litt opp her!

Ho byrja å tenke over kva som var viktigast å vidareføre til sonen – og kva som skulle lukast ut. Det som kunne skape angst, forkasta ho.

– Før var det mykje meir uproblematisk å berre lære opp barna sine enn kva det er no. No er det meir kontroversielt å vere ... eg vil ikkje seie fundamentalistisk, men resolutt, i oppsedinga. Det å skulle gjere seg fortent til Guds nåde, er meir ein kommando enn ei oppfordring.

Ho ynskjer ikkje å framstille foreldra som fordømmande.

– Men dei har kanskje ikkje stilt så mange opne spørsmål. Eg vil kanskje stille fleire opne, imøtekomande spørsmål, seier ho.

Når ho og sonen les bibelhistorier, presiserer ho at andre i nabolaget les i ei anna bok og ber til andre gudar. Uansett kva sonen vel, så er det greitt for henne. Det skal vere eit reelt val.

---

4 raske

  • Gud er: Større enn som så
  • Eg klarar meg ikkje utan: Inspirasjon
  • På min gravstein skal det stå: Into the Music
  • Boka alle må lese: Symptomet som ressurs av Eva Dalsgård Axelsen

---

Ikkje «kristen»

Før var det ofte andre som bestemte kva Gud skulle vere. No har det sloppe taket.

– Trua mi er veldig lite stressa. Eg har ei ro og ein tryggleik på at eg er bra nok og eg lever godt nok. Eg trur at Gud er ei livgivande kraft som inspirerer og som fyller opp med det vi treng som verda ikkje kan gi, seier ho.

– Den guden eg trur på, gjennomsyrer den kjærleiken eg føler for alle rundt meg og det eg føler er livets verdi. Alt eg tek inn som gir meg noko, er Gud ein del av. Nokon vil seie at det er eit ekstremt luftig perspektiv, men samtidig er det veldig sterkt.

Når ho er tett på den krafta Gud er, er det lettare å vere tett på det som skal gjerast eller det ho skal stå i.

– Det er dritvanskeleg å halde på med nisjemusikk. Og det er utfordrande å ha barn med spesielle behov. Men når det er noko der som berre er utelukkande godt, så påverkar det alt det andre også.

Samtidig vegrar ho seg for å kalle seg kristen.

– Om eg skal seie at eg er kristen utifrå kva nokon andre definerer som kristen, så kan eg ikkje seie at eg er det. Trur eg. Det er lettare for meg å seie at eg er søkande.

Ambassadør

Då ho vart gravid med Miika, saman med tidlegare Mayhem-vokalist Sven Erik Kristiansen, var det vanskeleg å skulle fortelje det heime. Mange i nærmiljøet på Moi ville ikkje snakke om det, men ho oppfatta tydeleg kva dei meinte om situasjonen.

– I starten var det verkeleg ein skrekk. Det tok heldigvis kort tid før eg vart vant til tanken og såg på det som ei velsigning. Men eg skulle ynskje eg var flinkare til å ta dei store samtalane då, med både foreldra min og nærmiljøet. Kva er det vi snakkar om no, liksom? Kva er tragisk og kvifor tenker vi slik?

Nikolaisen tenker sjølv at ho absolutt ikkje burde bli gravid så tidleg. Men å møte det på den måten, som synd, vert veldig feil, meiner ho.

– Slike tema må ein snakke om, for det var absolutt skam knytt til det og desse problemstillingane finst framleis. At det skal vere ein del av kristendomen i 2019, tykkjer eg er veldig rart. At ein tør! At det skal vere verdt det for ein kristen å skulle dømme andre på den måten. Eg skjønar ikkje det. Når nokon si tru støyter eller ekskluderer, frys ut nokon eller dømmer nokon, tykkjer eg absolutt ikkje ein skal akseptere den trua i plenum, seier ho og set seg lenger fram på stolen.

Ho trekk fram homofilidebatten i kyrkja som eit døme.

– Det er så mange som ikkje har fått vere den dei er, på grunn av nokon andre si tru. Tanken om at det nærast trengs ei kristen velsigning på noko for at det skal vere verdifullt... Då tykkjer eg ein skal reagere.

Når ho er blant sekulære vener, vil ho gjerne snakke opp oppveksten og bakgrunnen sin. Skape forståing og aksept av det kristne. Når ho er i kristne miljø, vil ho heller kommentere dei tinga ho ser på som problematiske. For det kan vere veldig lett å sitte trygt i det når ein ikkje er i ein veldig sårbar situasjon sjølv, trur ho.

Ho ramsar opp spørsmål ho meiner burde bli spurt: Kvifor må eg dømme nokon for at mitt eige trusliv skal vere fullkome? Og kor progressive kan vi vere samtidig som folk kan få ha det forholdet til Gud som dei sjølve treng?

– Om eg kan vere ein ambassadør på noko felt, føler eg at det er her. At vi kan snakke om ting. Vi treng ikkje kome fram til klare svar, men vi kan snakke og bli einige utan å dømme andre og utan å hevde at nokon sit på ei slags kollektiv sanning, seier ho.

– For det trur eg er vanskeleg for somme, å anerkjenne andre si sanning. Andre sine liv.

Det er så mange som ikkje har fått vere den dei er, på grunn av nokon andre si tru

—   Hilma Nilkolaisen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro