Det var måndag og det blåste godt på sjøen. Kona merka at han grua seg. På veg til Moss fekk Rune Gokstad vondt i magen.
Han hadde kjøpt ein båt og skulle køyre den heim på sjøen, langs kysten innover Oslofjorden, frå Moss til Bærum.
– Eg har køyrt båt ein del gongar før, men ikkje veldig langt åleine. Så då gjekk eg rundt og engsta meg for det, fortel han og sukkar oppgitt.
Den kjende NRK-komikaren sit i kantina i radiohuset på Marienlyst i Oslo. Nokre få koppar og kar klirrar i bakgrunnen, og lågmælt prat kan høyrast frå dei som held rikskringkastinga i gang på ein slik dag seint i juni. Gokstad er nettopp ferdig med dagens sending av Reiseradioen.
– Eg har brukt mange timar i løpet av livet til å engste meg heilt unødvendig. Og det irriterer meg litt, seier han.
Heilt ordinær
Det var ikkje komikar han skulle bli. Som liten var han forsiktig. Heilt ordinær, som han sjølv seier.
Då han og makkeren Øystein Bache skulle vere med på «Den store klassefesten» på NRK for nokre år sidan, vart favorittlærarinna hans – frøken Frihagen – spurt om kva som var spesielt med Rune som barn. Ho hugsa ingenting.
– Eg trur ikkje eg gjorde inntrykk på nokon under oppveksten, seier han i dag.
Han ville spele revy, men han torde ikkje.
– Du var ikkje bajasen i klassa?
– Nei, der var mange som var meir tydelege enn meg. Men det er fint at noko kan kome litt seint i livet også. Det er mange som svir av krutet for tidleg.
Eksamensangst
På ingeniørstudiet hoppa han av før eksamen.
– Eg kan framleis, den dag i dag, ha mareritt om at det skal vere prøve utan at eg har fått vite om det. Og til neste år er det 40 år sidan eg gjekk ut av skuleverket, seier han og smiler.
Vegen gjekk vidare til jusstudiet, men heller ikkje det fenga. Så fekk han ein ukulele, bastskjørt og eit par lauspuppar til åremålsdagen sin. Og då var det gjort.
– Eg fann ut at eg var ganske mykje flinkare til å tulle enn å studere. Og så var eg heldig og trefte Øystein. Det er alltid mykje lettare å halde balansen på to hjul enn eitt, seier han.
Trøyst i religion
Han tek fram nista og brettar ut matpapiret. Ryggsekken står på stolen ved sidan av. Kvar dag syklar han til arbeid, litt over elleve kilometer kvar veg, frå Høvik til NRKs hovudkvarter på Marienlyst.
I denne firkanten – mellom heim, jobb og to hytter – kunne Gokstad levd eit godt liv. Han likar seg best heime.
Likevel har han og Øystein Bache reist verda rundt dei siste åra, for å lage TV-serien Team Bachstad.
– Før den første turen, då vi skulle køyre til Mongolia, tenkte eg at det ville vere heilt fantastisk, seier han.
Dersom religion kan roe nervane mine, så går eg for det
– Rune Gokstad
Så møtte han på NRK-kollega Nils Wærstad. Han kom inn i rommet, såg på Rune Gostad og Øystein Bache, og ropte ut: «Der står dei som skal dø!» Då sokk det i Gokstad, og han tenkte: «Då er det sant, då. Eg kjem altså til å døy». Wærstad hadde nemleg drøymt at dei hadde køyrt på ei ku i Usbekistan, og deretter blitt dratt ut av bilen og slått i hel.
Gokstad ringde barndomsvenen Rolf og ga han ansvar for å selje båten. Ein annan ven fekk i oppdrag å vise kona Kari korleis ho skrur av vatnet på hytta.
– Eg tøysar ikkje, eg var sikker på eg ville døy. Og det tykte eg var skikkeleg trist. For eg tenkte at det hadde vore fint å bli litt eldre og sjå borna vekse opp.
– Korleis kjennest den otta?
– Den sit berre i hovudet. Det går ein streng mellom hovudet og magen. Hovudet fortel magen at dette er skummelt, og då får eg litt vondt.
– Kva er du redd for?
– Eg har gått gjennom det med meg sjølv mange gongar. Er eg redd for å miste noko? Nei. Er eg redd for å bli banka opp eller drepen? Ja, kanskje. Men kor stor er sjansen for det?
Også på reise tvers over India, kjende Gokstad på ein trong for å bli passa på. I Varanasi fann han svaret i religionen. Då han vitja eit tempel der fekk han eit armband.
– Og då tenkte eg: dette er livsforsikringa mi. No er vi på banehalvdelen til hinduane, og det er ingen som kan ta meg med det bandet på handa.
Han kallar seg sjølv ein shoppar når det gjeld religion.
– Dersom religion kan roe nervane mine, så går eg for det. Så eg er vel ei skjøge som byr meg fram til den som har noko å tilby, seier han og ler.
LES OGSÅ: Striden rundt grunnleggerne av Jesus Revolution øker i styrke
Fascinert
Familien hans var ikkje religiøs, men han er døypt og konfirmert i kyrkja. Kvar kveld las Gokstad og systera kveldsbøn før dei la seg til rette i køysenga. Han lener seg over bordet og syng med låg og stødig stemme:
«Jeg vet en deilig have, hvor roser står i flor. Den skapte Gud som gave til alle barn på jord. Så ber jeg deg å bøye mitt hjerte og mitt sinn, Gud fader i det høye tok meg i haven inn.»
– På eit tidspunkt slutta vi med kveldsbøna, men det sit i framleis, seier han og smiler.
Sjølv om Gokstad ikkje gjekk til kyrkja med familien sin, hadde han stor glede av å bli med på skuleavslutning der som barn. Han sleit i mange år med å hente att den delen av jula som det å gå i kyrkja med skulen ga han.
– No har eg falle til ro med det.
– Kvifor likte du det så godt?
– Eg trur det var kyrkjerommet, og det kan eg bli fascinert av framleis. For nokre år sidan var vi på Mallorca då eg hadde bursdag, og kona mi spurde kva eg ville finne på. Då gjekk vi opp til katedralen i Palma. Det å berre sitje der og ta inn stemninga, det ga meg mykje.
Men endå ein gong kjende han seg som ein tjuv.
– Eg har ikkje så mykje å bidra med. Eg berre syg til meg stemninga utan å legge att noko særleg. Det har eg litt dårleg samvit for.
Heime i Noreg går han ikkje i kyrkja. Då kona foreslo at dei skulle gå i kyrkja ei jul dei var på hytta, protesterte han.
– Då shoppar vi berre. Vi går inn og plukkar ein liten bit her og ein liten bit der. Ingen av oss er truande. Det er ikkje det at eg ikkje vil, men av respekt for dei som har ei gudstru, så tykkjer eg at vi kan halde oss vekke frå kyrkja på julaftan.
Alle foto: Erlend Berge
LES OGSÅ: Kristne Anders dro til Nord-Irak for å krige mot IS
Tryggleik og død
Gokstad likar seg best ved sjøen, på hytta som han arva etter morfaren sin. Han mista faren som 15-åring. To veker seinare døydde mormor.
– Alle saman trudde vi skulle miste morfar også. Men han kvikna til han, gitt!
– Han var svært viktig for deg?
– No er det 30 sidan han døydde. Men no vart eg litt tjukk i halsen, berre fordi du spurte. Eg kan ta meg sjølv i å sakne han framleis. Mor var einebarn, så eg vart kanskje den sonen han aldri fekk, seier Gokstad.
Han fortel om den gongen dei var på biltur og morfaren sa: Det er så fint å vere på tur med deg, for då er eg så trygg.
– Eg valde å ikkje fortelje han at bensintanken var plassert rett over knea hans, og motoren var bak. Så viss det small, så hadde det vore den minst trygge staden å vere på, ler 57-åringen.
– Men det var flott at han sa det. At han ga uttrykk for den kjærleiken, tryggleiken og venskapen mellom oss.
Gokstad er stadig på hytta, og han reiser dit ofte åleine. Det er eit univers han har kontroll på.
– Der kan eg styre med jernhand. Eg har forstått at eg ikkje kan halde på sånn når vi er der saman, men åleine kan eg kontrollere livet der. Og det er litt deilig.
Han kallar seg ein mann for små format. Han er ikkje så glad i forandring, heller ikkje til det betre.
I vater
Komikarkollega Espen Thoresen sa ein gong at Gokstad er ein mann i likevekt. Det trur han er riktig sjølv også.
– Eg er blitt såpass vaksen at eg forstår at eg ikkje har svar på dei store spørsmåla. Eg trur eg har funne ein stad som er ganske komfortabel.
– Korleis er den staden?
Han løftar hendene og legg dei flate, side om side.
– Alt er i vater. Eg er trygg i familien, trygg i arbeidet, eg har mange gode vener. Og eg har funne ut at dei beste opplevingane ligg eit stykke utanfor komfortsona.
Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!
Neste veke skal Gokstad og kona gå pilegrimsvegen til Santiago de Compostela. Dei gjer det for å gå, for å ha ein annleis ferie.
– Og vi vil treffe på folk som gjer det på ramme alvor, og det er folk vi ikkje omgås så mykje til dagleg. Så vi vil vonleg kome i kontakt med nokon som tenker heilt annleis om turen enn det vi gjer, seier han.
Alvoret
Komikaren trur han er meir alvorleg enn folk flest trur.
– Livet er alvorleg. Men det kjem delvis an på kor mykje ein skal ta innover seg. Eg arbeider saman med ein som går rundt med det han kallar «weltschmertz». Det har ikkje eg. Det blir for mykje for ein liten mann som meg om eg skal gå og ta på meg all smerta i verda, seier han.
Han trur likevel det kan vere ein fin eigenskap, dersom det er brukt på riktig måte.
– Men eg er kanskje ikkje flink nok til å ta innover meg alt alvoret. Det er nok fordi eg har vore heldig så langt i livet. Eg har ikkje fått noko kasta på meg.
Han bankar lett i bordet og smiler.
LES SØSKENSERIEN: Pinsevenn-søsteren forsvarer jumanistbroren Jens Brun-Pedersen
Morfar passar på
Då han var liten, ba Gokstad til Gud når han kom i skade for å øydelegge noko. Det gjer han ikkje no lenger. Men noko av den guten er framleis med han.
– Det sit ein liten, engsteleg gut i eit hjørne som treng, om ikkje ein far i himmelen, så ein styrke utanfrå, seier han.
Gokstad har ofte tenkt at morfaren passar på han.
– Er du sjølv redd for døden?
– Nei, eg går ikkje rundt og tenker på den, men eg blir eldre og folk døyr rundt meg. Dirigenten i koret mitt døydde for ei veke sidan, 52 år gammal. Vi var nede og vitja han for eit par veker sidan, og det var rart å sjå ein døyande mann, seier Gokstad.
Dirigenten tulla med kreftsjukdomen på øving, sa han hadde dårleg tid.
– Eg veit ikkje om eg kunne gjort det same om eg var i lik situasjon.
Gokstad skulle gjerne møtt morfaren att, vere saman med han i æva slik at dei kunne ta att alt dei ikkje rakk då han levde.
– Det er litt fælt å ta frå religionar på den måten, for evig liv er vel noko mange religiøse trur på.
– Er det så farleg, då?
– Nei, eg veit ikkje... Det fungerer for meg, iallfall, seier han og smiler.
4 RASKE
Gud er: Ikkje ein eg trur på. Men han kan nok vere fin å ha for dei som trur.
Eg klarar meg ikkje utan: Stemma.
På min gravstein skal det stå: Eg er ikkje sikker på om eg skal ha gravstein. Mor og hennar foreldre ligg i ei urnelund. Det byrja med at mormor ikkje ville ha ein gravstein; «de får elske meg medan eg er i live», sa ho. Så kanskje det ikkje skal stå noko som helst.
Boka alle må lese: Skikk og bruk, den gamle, tjukke utgåva.