Bilde 1 av 2

Trøysterøysta

Songen til Ingebjørg Bratland er til å grine av. 


Min tro

Historia kjem til å fylgje henne heile livet: Då kong Harald fylte 70 år, avduka han ei statue av Märtha, mor si. Bratland, som då var 16 år, song «Den fyrste song eg høyra fekk».

Då gret kongen.

Eg kan sjølv døyve sorg med song, men ikkje med min eigen.

Tårene renn

Men det er ikkje berre kongen som tek til tårene. Folk gret på konsertane hennar.

– Det er relativt vanleg, seier ho.

Hjå enkelte som kjem til henne etter konserten, renn tårene så kraftig at dei ikkje får fram eit ord og må ta seg ein pause.

– Det er snodig, men eg forstår at det rører ved folk, og det gjer meg glad, for det er det eg har lyst til med songen. Det er songar som rører ved meg også. Eg syng talenært, det er nedpå, jordnært. Og i dette landet er folk opptatt av røter og dei nære ting. Eg har ein forsiktig syngemåte, som ei mor syng til borna sine.

– Kan du «døyve sorg med din song», slik du 
syng?

– Eg har i alle fall høyrd at eg kan dempe sorg med min song, og det tyder vel det same. Det er fantastisk om nokon finn trøyst i songen min. Eg kan sjølv døyve sorg med song, men ikkje med min eigen. Eg finn trøyst i musikk og dikt.

LES OGSÅ: Petter Stordalen om da alt stoppet opp

40 år inni

Akkurat no går det fort i svingane for songaren frå Vinje i Telemark. Det er ho vant med, som dotter av ein bussjåfør.

Konsertar over heile Noreg. To plater på to år, den siste kom for ei veke sidan.

Der har artisten skrive både tekst og melodi til dei fleste songane.

Dette er ikkje klassiske popsongar, men tekstar som formidlar livserfaring og at livet ikkje alltid er like lett.

– Kva har du sjølv opplevd sidan du syng slik?

– Eg har få vener og ingen på min eigen alder. Dei fleste er rundt 40, og det er vel slik eg kjenner meg, i sjela mi. Sjølv om eg berre er 25 år har eg ein del livserfaring og har opplevd ulike ting som eg ikkje vil snakke om offentleg. Ein kan også kjenne seg einsam i ein bransje som er tøff. Der skal ein vere vellukka, personleg, og alle skal ha ein del av deg. Det har også sett sitt preg på songane.

Songaren har foreslått at vi møter henne på ein roleg kafé på Grünerløkka i Oslo, ein stad der det går an å føre ein samtale, lytte til kvarandre.

Når kaffikverna bak disken durar i veg, seier ho i frå.

Snart roar det seg att.

Tidlegare på dagen har ho møtt Jarle Bernhoft, som ho skal leie Spelemannpris-utdelinga saman med i januar. På bileta som VG tok, hadde ho på seg ei gul jakke. No har ho bytta til ei svart.

Eg kjem ikkje frå nokon stad på bibelbeltet, for å seie det slik.

Grandtanta

Ingebjørg Bratland er ein vinbyggje, ein som kjem frå Vinje, øvst i Telemark. Der ligg bygda Edland. Det næraste gudshuset er Grunge kyrkje.

– Snakkar ein om Gud andre stader enn i kyrkja?

– Mine besteforeldre på farsida var svært kristne. Eg fekk berre møte bestefar. Men eg hadde­ ei grandtante som budde attmed vegen. Ho var slik ei streng kristen. Eg var super Odd Nord­stoga-fan og hadde lært meg ein av songane hans der refrenget slutta med «…og jaggu var det akkurat det'n va». Ho held på å stupe. Eg visste ikkje at «jaggu» var eit banneord. Så eg måtte sensurere teksten og synge «jammen».

LES OGSÅ: Ole Jørgen Anfindsen er islamkritikeren som bøyer seg mot Mekka

Når grandtanta serverte vaflar, måtte alle lese bordbøn.

Det var ikkje Ingebjørg Bratland vant til heimanfrå. Men ho gjekk på sundagsskulen – på skulen i bygda.

– Eg kjem ikkje frå nokon stad på bibelbeltet, for å seie det slik. Det er ei bygd der vi held oss til norske tradisjonar – tradisjonar som er kristne. Det er det ikkje alle som tenkjer på.

Då ho byrja på vidaregåande skule i Skien, fekk ho nærkontakt med kristne ungdomar. Nesten alle i klassen hennar kom frå «gospelmiljø». Etter at skulen var ferdig om dagen, skulle alle henge­ rundt i Tabernaklet, ­Betania eller andre forsamlingar, eller dei skulle øve på kristne songar.

– For meg som kom frå eit ungdomsmiljø som ikkje var kristeleg, var dette rart.

Salmar

Likevel syng ho salmar.

– Men mange av dei kan eg ikkje syngje. Eg tykkjer det er mykje formanande… slike dommedagsgreier. Det har eg problem med. Men mange har noko godt i seg, som handlar om nestekjærleik og dei nære ting, om å vere gode med kvarandre, som eg tykkjer er så utruleg flott. Mange er rett og slett tidlause.

– Korleis?

– Når er det vi ikkje treng nestekjærleik? Eg finn mykje trøyst i salmar, og eg likar å formidle dei. Som den siste songen på den fyrste soloplata mi – «Kom Jesus, lys din fred på jord». Litt rart å dra han inn på ei slik plate, som ikkje var noko salmeplate. Men eg er glad i å synge melodien. Dessutan er teksten om Jesus - eller kven det no måtte vera – fin. «Kom Jesus, lys din fred på jord, for verdi fer i ville». To strekar under svaret.

Folk har gjennom alle ­tider hatt trong til noko å tru på, fordi det er så mykje dystert og vanskeleg i denne verda

– «Så hatet bort må brenna», heiter det også i den salmen – kor mykje trur du på det, at Jesus kan ta vekk hatet?

– Det … er eg tvilande til, ja. Det finst mykje tru, von og kjærleik i musikk. Folk har gjennom alle ­tider hatt trong til noko å tru på, vone på, fordi det er så mykje dystert og vanskeleg i denne verda. Les du religiøse folketonar, som eg har drive ­mykje med, er det mange tekstar som handlar om at dette livet snart skal vera slutt, for dei gleder seg til det neste. Det er forståeleg når ein veit kor mykje folk sleit før i tida, i alle fall i slike karrige fjellbygder som Edland. Ein trengte noko større å tru på, om det så er Muhammed, Jesus… eller mannen i månen, ha, ha. Det er noko formildande ved det.

– Kva trur du på?

– Eg er ein skikkeleg tvilar, men eg trur i alle fall på mennesket. Det er berre eg sjølv som kan gjera noko med mitt liv – og noko for andre. Så framfor å sitje på baken og vente på at godaste herr Jesus skal ordne opp i ting, kan ein ta i eit tak sjølv.

– Samtidig syng du i «Klokkene kallar» at «barnet har vist oss menneske i oss»?

– Det er Ingar Hovland og Odd Nordstoga sine ord. Dei seier at barnet som vart fødd, syner oss noko stort, som vi trur på og feirar jul for. Jesus er eit menneske som må ha gjort inntrykk på folk. Så kan ein spørje om mange ting rundt dette, men det handlar om nestekjærleik. Barnet har synt oss å vere gode mot kvarandre. Det er essensielt og utruleg viktig.

Tøyen-kyrkja

Folk trur at ei som syng salmar er kristen.

– Eg forstår det, og eg vil ikkje seie at eg ikkje er kristen. Det der er eit vanskeleg spørsmål. Eg er ofte i Tøyen-kyrkja i Oslo på kvardagsmesser. Ein god ven av meg speler piano der. Eg vart invitert med fyrste gongen for å høyre han spele og for å sjå eit fantastisk rom. Det er berre godt å vere der. Det er noko med folka som går der. I tillegg til heilt vanlege folk tenner rusmisbrukarar og uteliggjarar lys for kompisane sine. Det er folk som slit litt. Når kyrkja kan vera ein open og inkluderande stad, har eg lyst til å kalle meg kristen. Eg likar det rause ved det. Kristen tru som vert ekskluderande og dømmande, har eg problem med. Samhaldet og det medmenneskelege tykkjer eg er flott.

Når eg ser meg rundt i verda, ser eg han heller ikkje.

Mange trur også at ho er kristen fordi ho er i slekt med songaren Sondre Bratland som har gitt ut fleire plater med kristne songar. Han er fetter til far hennar. Ho har snakka med han om salmar.

– Noko eg har lært av han, er dette med tekst. Han er ein einar på å formidle tekst. «Les teksten før du syng han», sa han. Det er han som har gjort meg mest medviten på tekst, utan tvil.

Jorda i familien

På eit tidspunkt ville ho ikkje halde på med musikk.

– For å leve av musikken, må ein vera populær – for at folk skal kome på konsertar og folk skal kjøpe musikken din. Ein må verte likt. Det kan vera eit slit. Eg hadde lyst til å leve eit heilt vanleg liv.

– Men er det ikkje nødvendig å vere sjølvopptatt for å vere artist?

– Jau. Men det er ein vanskeleg balanse å bry seg om andre og samtidig vere sjølvopptatt. Ein vert spalta som person. Men så er det slik at eg er frykteleg glad i å synge, og eg veit ikkje kva eg elles skulle ta meg til. Dessutan kjem eg frå ein familie som er nedpå. Det jordar meg.

Fire raske

Gud er: Fjern – i dobbel forstand.

Eg klarer meg ikkje utan: Hjarta mitt – i dobbel forstand

På min gravstein skal det stå: Eg skal nok ikkje ha gravstein. Då er eg ute av denne verda.

Boka alle bør lese: De elendige av Victor Hugo. Mor leste ho for oss då

Heime på Edland har ho vakse opp med at ein ikkje berre skal tenkje på seg sjølv. Då ho var fire år, tykte ho det var stas å få ­ekstra sysken då foreldra tok to fosterborn inn i familien.

– For ei fantastisk gåve. Eg ser ingen skilnad på nokon av syskena mine. Eg kjem frå ein heim der det ikkje har mangla på noko, og vi fekk innblikk i at ikkje alle er like heldige. Det er sunt.

LES OGSÅ: Espen Ottosen mistet faren som femåring - fikk ikke gå i begravelsen

Flyktningar

I fjor vitja ho, saman med Flyktninghjelpen, leirar med syriske flyktningar i Libanon. Inntrykka var sterke. Folk hadde ikkje flykta frå fattigdom, men frå krig. Det var som om ho skulle flykte med familien frå Edland og søke tilflukt på Svinesund – i ei rønne. Då slo det inn: Ho såg ikkje Gud i nauda.

Difor svarar ho slik på spørsmålet kven Gud er:

– Fjern – i dobbel forstand. Eg ser han ikkje, ­erfarer han ikkje. Og når eg ser meg rundt i verda, ser eg han heller ikkje.

Halde i handa

Ingebjørg Bratland har sine 
vanar. Ein av dei er å falde hendene når ho opplever turbulens på reise i fly. Ber ho?

– Eg heve eit snev av slik flyskrekk, og det er vel ingen som tykkjer at turbulens er behageleg. I slike situasjonar når ein treng noko større å tru på, så er det noko trøystande å falde hendene. Dessutan er det trøyst i å ha ei hand å halde i. Sidan eg ikkje godt kan ta tak i handa til ein framand på sida mi, held eg meg sjølv i handa, seier Ingebjørg Bratland.

Les mer om mer disse temaene:

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro