Festival med stor telthøgde
Ein gjeng med smågutar har funne ei raud kjerre som dei brukar alle kreftene på å dra med seg gjennom eit stort festivalområde. Nokon av gutane sit oppi kjerra og ser rundt på telt i ulike fargar og campingvogner fordelt i ulike tun. Alle tuna har eit farga flagg, eit tal og ein tunhøvding. Rundt 1.200 deltakarar i alle aldrar har slått leir i dei mange tuna på Korsveifestivalen. Her skal dei bu, lage og dele måltid og samtale saman i seks dagar.
– Her er det lett å komme åleine. Eg er her for første gong og kjem åleine og det kjennast så fint og trygt. Det er rigga så fint for fellesskap, fortel Ingvild Søyland Berg (58).
På eit tun lengre borte står ei presskanne klar på eit lite rundt bord utanfor ein liten lavvo. Her har styreleiar og musikar Tore Thomassen slått leir. Saman med Ådne Svalastog (55) og Anders Rønningen (48) sit han og planlegg musikken til neste møte. Dei spelar i husbandet, men skal også ha eigen konsert. Her spelast mykje av Thomassen sin musikk, men også nokre folketonar; både gassiske og norske.