Ber bak låste dører
Fengselsprestane Terje Auli og Harald Kjær legg ut bønetepper og inviterer muslimar til samtale. Klarar fengsel å gjera fangar mindre radikale?
Terje Auli og Harald Kjær tek tak i kvar sin ende av bøneteppet og legg det forsiktig ned på bakken. Vårsola skin inn mellom persiennene som dekkjer dei smale, gamle vindauga i Oslo fengsel. I eine hjørnet av rommet står eit biljardbord.
– Det er plass til 25 personar. Til no har det vore alt frå åtte til 20 som har delteke, fortel fengselsprest Kjær, idet han og kollegaen legg på plass eit teppe til.
Det er klart for fredagsbøn i fengselet. Endeleg har dei fått på plass ein fast avtale med ein imam som kjem innom kvar veke. Det set dei muslimske fangane pris på, ifølgje prestane.
Bestill abonnement her
KJØP