Ein gjeng med smågutar har funne ei raud kjerre som dei brukar alle kreftene på å dra med seg gjennom eit stort festivalområde. Nokon av gutane sit oppi kjerra og ser rundt på telt i ulike fargar og campingvogner fordelt i ulike tun. Alle tuna har eit farga flagg, eit tal og ein tunhøvding. Rundt 1.200 deltakarar i alle aldrar har slått leir i dei mange tuna på Korsveifestivalen. Her skal dei bu, lage og dele måltid og samtale saman i seks dagar.
– Her er det lett å komme åleine. Eg er her for første gong og kjem åleine og det kjennast så fint og trygt. Det er rigga så fint for fellesskap, fortel Ingvild Søyland Berg (58).
Gud er såpass stor at vi berre kan oppleve Han når vi opplever Han saman. Eg trur på fellesskapet på den måten.
— Tore Thomassen
På eit tun lengre borte står ei presskanne klar på eit lite rundt bord utanfor ein liten lavvo. Her har styreleiar og musikar Tore Thomassen slått leir. Saman med Ådne Svalastog (55) og Anders Rønningen (48) sit han og planlegg musikken til neste møte. Dei spelar i husbandet, men skal også ha eigen konsert. Her spelast mykje av Thomassen sin musikk, men også nokre folketonar; både gassiske og norske.
– Eg har budd og jobba på Madagaskar før, så eg spelar eit slikt gassisk instrument som kan vere med å skape litt variasjon, ei bambusharpe, som Thore sa at eg kunne ta med, fortel Rønningen.
– Det er kanskje ikkje alle festivalar som har slik musikk?
– Gassisk harpe, nei. Men vi var ganske nær for to festivalar sidan, for då hadde vi eit heilt gassisk militærkor her, så det hjelpte, seier Rønningen.
– Det var full gass, legg Svalastog til.
---
Korsvei
- Korsvei er eit økumenisk dugnadsfellesskap som er bygd rundt ein stor festival som arrangerast på annakvart år.
- Årets tema: Veve saman – byggje fellesskap i ei splitta verd.
- Arrangerast 18.–23. juli på Dyrskuplassen i Seljord.
- Samlar om lag 1200 deltakarar.
---
Breitt kulturuttrykk
Med syklar og til fots vandrar folk i alle aldrar mot eit stort sirkustelt. På innsida av teltet heng det lyslenker oppover fire tribunar som står rundt eit alter i midten. Over alteret heng ein vev og i ein sirkel rundt ligg marmorsand frakta frå ei strand på Sunnmøre. På bakarste benk er det duka plass til tenåringar og fremst ved alteret set borna seg. Etter kvart som folk har komme på plass er det klart for Alle rundt alteret. Dette er den daglege gudstenesta på festivalen. Med etnoinspirert musikk, salmar, call and response, tekstlesing, moderne dans og drama formidlast ulike bibelforteljingar og ei fortsettelsesforteljing skrive av Thomassen.
– Korsvei er ein mangfaldig festival med eit breitt kulturuttrykk. Korsvei tek kaka når det kjem til mangfaldige uttrykk. Det er litt uføreseieleg. På Korsvei kan du vere trygg på at du får noko, men du veit ikkje kva du får.
– Det er rom for at folk kjem frampå, legg Svalastog til.
– Kjem frampå, det er eit godt uttrykk, seier Thomassen og ler medan han skjenker kaffi i den brune trekoppen til Rønningen.
Rønningen fortel at det er Thomassen som er premissleverandør for det han skildrar som «låge-skuldrer-stemning» på scena. Han seier det er rom for å prøve nye ting og legg til at det er god kontakt med publikum, og at han ikkje føler at dei viser fram noko, men at det er eit fellesskap i musikken.
– Det er jo tema for heile greia, å veve saman. Gud er såpass stor at vi berre kan oppleve Han når vi opplever Han saman. Eg trur på fellesskapet på den måten.
– Vi gjer det ordentleg
På eit barnefritt tun nokre hundre meter lengre borte sit Sunniva Gylver med hunden sin i ei campingvogn ho har leid for anledninga. Vogna er pynta med rosa plastblomar og gardiner. Her bur ho for å unngå å verte vekkja av treåringar klokka 06.00. Ho har eit travelt program, så søvn er viktig.
– For min eigen del, som teolog, så er det Korsvei gjer å ta både festen og alvoret på til de grader på alvor. Det vert ikkje berre det eine eller berre det andre, eller noko utvatna greier. Når det er fest så er det skikkeleg fest. Når vi har basar og samlar inn pengar, så får vi inn ein halv million. Når vi har kunst og konsertar så gjerast det skikkeleg. Og når vi snakkar om sorg og livets utfordringar så gjer vi det ordentleg.
Gylver har vore med sidan start og utvikla festivalen. Ho fortel om dei fire vegvisarane; søke Jesus Kristus, byggje fellesskap, leve enklare og framme rettferd.
– Vi har skrive i vedtektene at Korsvei skal inspirere til disippelskap og ein skal foreinast med Jesus i kampen for livet i vår verd. Og det kan er liksom sei at ja, det er jobbar vår, på alle vis, forel Gylver.
– Vi treng å utfordrast
På andre sida av det vesle bordet i vogna sit festivalsjef Hilda Kristine Hanssen.
– Vi treng å utfordrast. Det er også målet her. Vi seier «kom som du er og gå ut som noko anna».
Hanssen fortel at det ikkje berre skal vere hygge på Korsvei, men at dei også vil ha ein brodd:
– Vi stiller jo spørsmål om kva det vil seie å vere Jesu Kristi disippel. Biskop Thomas var her i 2011 og sa «veldig hyggeleg atmosfære her, men vi er ikkje kalla til å leve i ei koseleg atmosfære, vi er kalla til å ta opp korset og bere det.»
– Viss ikkje eg har blitt utfordra på mine praksisar og mitt liv, så syns eg ikkje det har vore ein vellykka festival.