Ho jobbar i Tysklands forhatte kolindustri

KLIMABOMBE: Eigentleg var politikarane i Tyskland i gang med å legga ned arbeidsplassen til Silke Butzlaff. Så kom Ukraina-krigen.

Silke Butzlaff veit godt at ho jobbar i ein kontroversiell bransje i Tyskland.

– I venekretsen er jobben min eit tema. Eg må ofte forklara kvifor eg har den jobben eg har.

55-åringen sit på golvet i stova si i ei enkel bustadblokk i Aust-Tyskland. I gangen er det mørkt, som tyskarar flest er ho oppteken av å spara straum.

Då spytta ho meg i fjeset. Det kjem eg aldri til å gløyma.

—  Kolarbeidar Silke Butzlaff

I pinsehelga 2016 opplevde ho at fleire tusen aktivistar tok seg inn på arbeidsplassen hennar.

Aktivistar frå heile verda kom under klima-markeringa Ende Gelände. Dei okkuperte kolgruver og kraftverk i dei aust-tyske regionen Lausitz.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

Silke og kollegaene svara med å arrangera motdemonstrasjonar.

– Eg møtte ei ung jente som verka veldig sint. Eg heldt opp hjelmen som viste at eg var blant kol-arbeidarane. Då spytta ho meg i fjeset. Det kjem eg aldri til å gløyma.

Elskar jobben og kolet

Heimen til Silke Butzlaff ber preg av at ho på ingen måte skammar seg over å jobba i ein svært forureinande industri.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

På veggen heng innramma bilete av kolkraftverk og gravemaskina ho har styrt i 22 år. I hylla står nips som ein inngravert kolbrikett og små figurar av gruvearbeidarar.

Som 18-åring vart ho lærling i det lokale kolselskapet, som ei av få kvinner i bransjen. Etter sju år vart ho gravemaskinførar. Arbeidsplassen hennar er ei gravemaskin på 1.200 tonn.

– Første gong eg såg dei store maskinene, vart eg redd. Men no elskar eg jobben min. Kolindustrien betyr mykje for meg. Ikkje berre fordi den betalar rekningane mine. Eg ser kva arbeidet vårt gjer for samfunnet.

Ho er med i fleire organisasjonar som taler kolarbeidaranes sak. Dei slost mot det dei meiner er ei for rask utfasing av brunkol i regionen Lausitz, på grensa mellom Tyskland og Polen.

Brunkolindustrien har lange historiske røter i dette området, og fekk ein kraftig oppsving under DDR-regimet. Framleis er regionen ein viktig kolprodusent.

Målet er kol-stopp innan 2038

Sjølv om DDR har bukka under, består kolet i Tyskland.

Kol er Tysklands skitne hemmelegheit. Medan landet har investert stort i vindmøller og solceller, står likevel det svært forureinande kolet for nesten ein tredel av straumforsyninga.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

Styresmaktene har laga ein skrittvis plan for å kutta kol innan 2038. I november i fjor kom den nye regjeringa med eit mål om at dette «ideelt» skal skje innan 2030.

Tyskland skal avvennast kol, men den siste tida har det gått feil veg. Dei første tre månadane i år auka bruken av kolkraft med 12,5 prosent. Kol var den største energikjelda i denne perioden.

Krigen kan gjera det vanskelegare for Tyskland om å nå målet om kol-stopp.

—  Cicero-forskar Jan Ivar Korsbakken

Og meir skal det bli. Sist søndag varsla den tyske regjeringa at dei vil auke bruken av kolkraftverk. Målet er å bli mindre avhengig av russisk gass.

– Det er bittert, men heilt nødvendig for å redusera forbruket av gass, sa den tyske nærings- og klimaministeren Robert Habeck frå partiet Dei grøne.

Også Nederland opnar for meir kol. Denne veka fjerna regjeringa reguleringar slik at nederlandske kolkraftverk no kan levera på full kapasitet.

Trugar målet om kol-stopp

Cicero-forskar Jan Ivar Korsbakken peiker på to grunnar til at Tyskland bruker meir kol no enn før:

  • Tyskland fasar ut kjernekrafta. I år skal dei siste tre reaktorane stenga. Dette må kompenserast av andre energiformer.
  • Høge gassprisar gjer kol til ein relativt meir billig energiform. Dette blir forsterka av Ukraina-krigen.
Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

– Fram til krigen var russisk gass med på å bidra til å gjera Tyskland mindre avhengig av kol. Bruken av kol i Tyskland vil nok gå opp i tida framover. Forhåpentlegvis vil dette vera midlertidig, seier Korsbakken.

Forskaren meiner det er for tidleg å seia om krigen vil hindra planane om kolstopp innan 2038, ideelt 2030. Men han understrekar:

– Krigen kan gjera det vanskelegare for Tyskland å nå målet om kol-stopp.

Han seier at for å nå målet, må landet bygga ut mykje meir fornybar energi.

– Det er krevjande, for krigen gjer at materialar blir dyrare og fører til mangel på råvarer.

Kol i grenseland

Deler av Tysklands skitne kolhemmelegheit ligg gravlagt i jorda ikkje langt frå blokka der Silke Butzlaff bur.

d

I regionen Lausitz heilt aust i Tyskland er det funne knoklar etter både neandertalarar og steppebison. Men det som dagens menneske vier mest merksemd, er planterestane som ligg i jorda. Gjennom millionar av år har planterestane blitt omdanna til brunkol.

Tyskland får straum frå to typar kol: Brunkol og steinkol. Brunkol har lågare kvalitet enn steinkol, og slepp ut meir CO2 ved forbrenning. I Tyskland kjem to tredeler av kol-energien frå brunkol, resten frå steinkol.

Tyskland har dei største førekomstane av brunkol i verda. Dette gjev landet tilgang på relativt billig energi. Brunkolet i Lausitz ligg lett tilgjengeleg, rundt 100 meter under overflata.

Silke Butzlaff og kollegaene hennar grev ut kolet i opne dagbrot. Kolet blir frakta på det lokale jernbanenettet som går på kryss og tvers av Lausitz. Det ender si ferd i eit av dei tre kolkraftverka i området.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

I fjor produserte dei tre kraftverka 38 milliardar kilowattimar straum, viser tal frå produsenten LEAG. Det utgjer om lag 15 prosent av Tysklands samla energiproduksjon.

Arr i landskapet

Namnet Lausitz tyder ironisk nok «sump» på sorbisk, eit minoritetsspråk som blir brukt av mange i området.

Det er lite som tyder på sump i dei tørre månelandskapa som utgjer dei opne dagbrota. Det tek over ein time å køyra rundt det største dagbrotet, to steinkast unna den polske grensa.

Her står gigantiske anleggsmaskiner og grev ut kol heile døgnet. Grunnvatnet blir senka så anleggsmaskinene kan stå stødig.

Koldrifta skapar store skadar for naturen, noko som kjem til synes i den kjende elva Spree. Deler av elva er heilt brun og blotta for liv, etter åresvise utslepp av jern og sulfat.

Miljøorganisasjonar har lenge ropt varsku om situasjonen, sidan elva Spree også er drikkevasskjelda til hovudstaden Berlin.

Organisasjonen NABU har åtvara mot at sulfat-utslepp kan føra til at berlinarar får diare og oppkast.

Fleire hundre spøkelsesbyar

Kolindustrien i Lausitz har ikkje berre skapa arr i landskapet. Familiar har blitt rivne opp frå heimane sine for å gjera plass til dei ekspanderande dagbrota.

– Eg budde i ein by som ikkje finst lenger. Huset eg budde i, klarer eg ikkje kjenna igjen.

Det fortel tidlegare landsbyprest Georg Thimme. På 1990-talet budde han i landsbyen Haidemühl, med røter tilbake til 1300-talet.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

I dag er staden ein spøkelsesby. På ein gardsplass står ein forlaten barnestol. Setetrekket er sprokke opp etter år ute i sol og regn. Nesten alle vindauga på husa er blitt knust. Taka har kollapsa på fleire bygg.

Ein gong budde det rundt 700 menneske her. I dag finn du ikkje landsbyen lenger på kartet. I 2006 flytta den siste bebuaren til «nye Haidemühl», ein liten nybygd forstad knappe 20 kilometer unna.

– Flyttinga av landsbyar har skapa mykje smerte. Identiteten blir teken frå folk, dei må flytta frå husa der familien har budd i generasjonar, fortel Georg Thimme.

Til saman 130 landsbyar har blitt flytta i Lausitz for å gjera plass til kolindustrien.

Haidemühl er den siste landsbyen som vart flytta i Lausitz. For nokre år sidan prøvde gruveselskapet å flytte tre landsbyar. Då mobiliserte lokalsamfunnet og kyrkja. Etter store protestar er flytteplanane lagt vekk.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

Slik er det ikkje overalt i Tyskland. I Nordrhein-Westphalen, vest i Tyskland, går det føre seg fleire konfliktar mellom gruveselskap og lokalsamfunn som ikkje vil flytta.

Kol er eit teologisk tema

– Dei massive inngrepa i naturen som følgje av koldrifta, er ein katastrofe. Det er eit teologisk tema. Gud har gjeve menneska ansvar å ta vare på verda. Me har ikkje rett til å utnytta naturen på denne måten, seier Georg Thimme.

Han står under ein kvitmalt stjernehvelv i mellomalderkyrkja St. Nikolai i byen Cottbus.

Thimme har gått frå å vera landsbyprest til å ha leiar-tittelen superintendant i den evangeliske kyrkja i Cottbus, regionhovudstaden i Lausitz.

Han fortel om ein vanskeleg balansegang for kyrkja i regionen i synet på klima og natur.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

– Eg meiner sjølv at desse naturinngrepa ikkje kan rettferdiggjerast. Men andre er redde for jobben sin og for framtida. Det er eit kyrkjeleg spørsmål, for kyrkja skal også vera sjelesørgjar for dei som har angst for dette.

Heftig hestekur

Frykta kan vera ein arv frå 1990-talet, fortel han. Etter at Berlinmuren fall, mista mange tidlegare DDR-borgarar jobbane sine.

I Lausitz vart mange mindre dagbrot lagt ned. Arbeidarar i kolindustrien måtte søke om sin eigen jobb. Mange nådde ikkje opp, og vart arbeidsledige.

– For dei som levde her, var det heftig. Det må ein vite når ein i dag ser at det er stor motstand mot kolstans i deler av befolkninga.

Georg Thimme støttar regjeringas kompromiss om ei gradvis nedbygging av kolindustrien.

– Eg synes kompromisset går langsamt, men det går ikkje å gjera det fortare. Ikkje minst no på grunn av krigen i Ukraina.

Ei av få kvinner i kolindustrien

Silke Butzraff låser døra bak seg. Ho er klar for ettermiddagsskiftet på dagbrotet, der ho skal få opplæring i å køyra ei ny type gravemaskin.

Som ung drøymde ho om ein heilt annan jobb.

– Eg er glad i barn og hadde lyst å jobba i barnehage. Men i DDR-tida var det ikkje så lett å få til.

Halve livet har 55-åringen vore innbyggjar i ein stat som ikkje lenger eksisterer: Den tyske demokratiske republikk DDR.

Den sokalla demokratiske republikken passa best på sine eigne kameratar. Det fekk Silke merka. Berre ungdom med foreldre i kommunistpartiet fekk lærlingplass i barnehage.

Tyskland har ein plan om å kutta avhengigheita til kol. Krig og krise gjer avrusinga vanskelegare.

Sidan foreldra ikkje hadde partiboka i orden, måtte Silke måtte sjå seg om etter anna arbeid. Ho enda opp som ein av få kvinner i kolindustrien.

– Det var ikkje lett i starten. Det var ein rå tone, men eg kom meg gjennom det. No elskar eg jobben min.

Kol ringjer jula inn

Sjølv kjem Silke Butzlaff til å vera 62 år når Tyskland ideelt sett skal ha lagt ned arbeidsplassen hennar.

– Eg trur ikkje at kolproduksjonen tek slutt i 2030. Om du vurderer dagens energiutvikling, er også 2038 ganske knapp tid.

Ho veit godt kva kol-motstandarane tenker om industrien ho jobbar i.

– Deira argument er at det øydelegg klima, det fordriv menneske og øydelegg naturen. Eg kan forstå at dei er mot kol.

Ho rettferdiggjer jobben sin med å tenka på kva kolet gjev folk, fortel ho.

Ofte jobbar ho i jula. Når klokka slår fire på ettermiddagen og Silke sit i gravemaskina, tenker ho på julegranene som blir tent over heile landet.

– Det er ein fin følelse, å tenka at arbeidet vårt er verdifullt. Alle vil ha straum i kontakten, alle vil kunne skru på lyset, alle vil ha varme i huset når det er kaldt ute.

---

Tyskland og kol

  • Tyskland har dei største førekomstane av brunkol i verda.
  • Brunkol er den mest forureinande energiforma. Den fører også til større CO₂-utslepp enn andre koltypar, som steinkol.
  • Tyskland har laga ein skrittvis plan for å kutta kol innan 2038. I november i fjor kom den nye regjeringa med eit mål om at dette skal skje «ideelt» innan 2030.
  • Samstundes varslar no den tyske regjeringa at kolbruken skal opp for å kompensera for tapet av russisk gass.

---

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Reportasje