Nokon skal halde dette huset varmt

FISKARHEIMEN: I 55 år har Ragnhild og Trond Hellemo halde fiskarheimen i Senjahopen varm for fiskarar og flyktningar. Dei ville ikke gi opp tanken på at nokon kan føre historia vidare. Fortvila sende dei e-post til Vårt Land.

Reportasje

«Eg vil prøve å få ut ei orientering til folk i Noreg om det som har vore, det vi har vore med på, og det som vi held på å tape.»

Trond Hellemo sende ein e-post til Vårt Land for eitt år sidan fordi han var fortvila. Huset som han i 55 år hadde vore med på å halde levande, skulle seljast på den private marknaden.

Han gjekk rundt og lytta når potensielle kjøparar var på visning.

– Det dei fleste snakka om var å rive ut det meste som var av inventar, og berre la skalet stå igjen. Og ein har jo sine tankar om kva som vil skje. Det sit jo ting i veggane frå alle tiåra vi har vore her.

Det sit jo ting i veggane frå alle tiåra vi har vore her

—  Trond Hellemo

Ei trygg hamn

Vi sit i det litt kalde forsamlingslokalet som Trond og Ragnhild Hellemo har lagt ned så mykje arbeid i. Minna deira går tilbake til dei gongane det var fullt av folk og liv og varme her. Det er vanskeleg å heilt ta inn over seg kor mykje som har skjedd i dette rommet.

Fiskarane som kom inn frå vinterhavet for å finne varm mat og eit bad. Kanskje for å ta ein telefonsamtale til ei kone eller ein kjærast som har vandra kvilelaust rundt og venta på livsteikn, nokre hundre mil lengre sør.

Vekkingsmøte, gudstenester, bryllaupsfestar og minnestunder.

Seinare, familiane som hadde flykta for livet frå Somalia, Eritrea og Sudan, som kom til det vesle samfunnet i Senjahopen for å starte livet på nytt. Men no er også denne delen av historia over.

To historier

– Det har noko å gjere med utviklinga av næringslivet, størrelse på båtane og alt det her, seier Trond.

– Det er ikkje så aktuelt å ha slike velferdsstasjonar for fiskarane lenger.

På éin måte er dette ei historie som handlar om ein institusjon og ein tradisjon som har levd ut si tid, og om folka som har brukt så mykje av liva sine på å halde tradisjonen i hevd. Folk som no er blitt for gamle til å halde fram.

På ein annan måte er det ei historie om eit prosjekt som såg håplaust ut, men som nokre trufaste entusiastar nekta å gje opp. Og i deira auge er dette ei historie om å bli bønhøyrt og om ein lukkeleg slutt.

Fiskarheimen i Senjahopen

Det som hadde skjedd var ein av dei mindre synlege konsekvensane av ei kommunesamanslåing. Tidlegare Berg kommune, som tettstaden Senjahopen var ein del av, er teken inn i den nye storkommunen Senja. Og nye Senja kommune fann ikkje råd til å halde liv i ein fiskarheim utan fiskarar.

Dei la huset ut for sal.

Fiskeriet i endring

Då fiskarheimen i Senjahopen vart bygd, var det på høgda av norsk kystfiske si moderne historie. Bestanden av norsk-arktisk torsk var på det høgaste nivået det har vore etter krigen. Det var også talet på fiskarar. I 1952 deltok nesten 24.000 i Lofotfisket, litt lenger sør. Femten år seinare var dette talet under 5000.

I fiskerinæringa har ein alltid vore vane med at det kan vere store endringar frå år til år, og fiskarar har vore vane med å kaste seg rundt og segle med sjarken sin dit fisken er. Men frå slutten av 50-talet var det ikkje berre bestandane som endra seg. Sjølve strukturen i næringa var i endring.

Fiskarheimar i Noreg

Etter som fangsten langs kysten gjekk ned, blei båtane større, slik at dei kunne flytte seg etter fisken. Ekkoloddet kom i bruk – teknologi som sjarkfiskarane ikkje hadde råd til, og som gav dei store båtane enda eit fortrinn i konkurransen om å finne dei stadig minkande ressursane i havet.

I samband med hundreårsjubileumet til Sjømannsmisjonen gav dei ut ei bok om foreininga si historie. Der gjer dei ei oppteljing av aktiviteten over ein treårsperiode på slutten av 70-talet:

  • 111.582 telefonsamtalaer formidla
  • 50.090 bad
  • 46.174 motekne brev
  • 4659 skipsbesøk
  • 2463 oppbyggelege møter
  • I 1980 var det framleis 28 aktive stasjonar.

I dag er det 3 igjen.

Fiskarheimen i Senjahopen

Vekking og dugnad

– I krigstida var det vekking blant folk. Det slo også ut her i vår bygd. Det næraste gudshuset vi hadde var ei kyrkje i Mefjordvær, og dit gjekk det ingen veg. Så det første ønsket var at det skulle vore bygd ei kyrkje her i Senjahopen, seier Ragnhild Hellemo.

Då ho vaks opp var det eventyrlege tider for kystfisket i Nord-Noreg. Og då kommunen ikkje vil gje noko støtte til eit kyrkjeprosjekt, kom tanken om å bygge ein heim for alle sesongfiskarane i staden.

Huset vart bygd på dugnad, av innsamla midlar. I byrjinga var det lokale krefter som sto for all drift, men etter kvart tok den Indre Sjømannsmisjonen over drifta i sesongen. Unge folk, oftast, som var aktive i misjonen og som kom til Senja for å arbeide frå januar til påske.

– Det var ikkje rare greiene, dette huset. Kaldt i golvet. Eg hugsar eit ungt ektepar som kom hit med ein nyfødd baby. Det gjekk bra det óg, seier Ragnhild.

Det var ikkje rare greiene, dette huset. Kaldt i golvet

—  Ragnhild Hellemo
Fiskarheimen i Senjahopen

Moralreglar

I 1972 vart skøyta på huset signert over til Sjømannsmisjonen. Men etter som fiskerinæringa endra seg, så var også Sjømannsmisjonen i endring. Det var ikkje lenger ressursar til å halde oppe drifta i så mange fiskarheimar når talet på fiskarar var så mykje lågare.

I staden var det igjen dei lokale kreftene som heldt hjula i gong. Dei søkte støtte frå kommunen, dei ordna og fiksa, sto for utleige til arrangement og til turistar som trengde husrom nokre netter.

– Det var eit ønske frå Sjømannsmisjonen at vi skulle halde det etiske i hevd når det var utleige til folk. Ein skulle ikkje bruke alkohol, og så... Kva kan eg seie. Folk lever jo, humrar Trond.

– Men det var ikkje berre å bryte inn i folk sitt liv. Det var ikkje naturleg ut frå vår måte å tenke på.

Ny heim for folk på flukt

Det var eit samarbeid som ikkje kunne vare evig. Sjømannsmisjonen hadde ikkje økonomi til å halde på eigedomar over heile landet, og dei fleste fiskarheimane vart lagt ut for sal. Også huset i Senjahopen sto på lista over eigedomar som skulle avhendast. Men dei lokale entusiastane sto på sitt. Dei ville drive huset vidare.

Til slutt var det soknerådet i Berg som tok over eigaransvaret. I åra som følgde var det ikkje lenger fiskarar som fann ly i huset i Senjahopen. Fiskarheimen blei bustad for kvoteflyktningar som vart busett i kommunen. Ekteparet Hellemo heldt fram med å engasjere seg.

Trond og Ragnhild Hellemo. Fiskarheimen i Senjahopen, Senja, Troms.

Ragnhild tok på seg fadderansvar for ei somalisk kvinne som kom einsam til Noreg.

– Eg reiste med henne til sjukehuset i Harstad, og køyrte henne til Finnsnes for å handle. Eg køyrte henne til moské på fredagane. Det har noko med respekt for andre sitt å gjera. Når du har ei grunnfesta forankring, så ser du det same hos andre.

Mannen og borna sat fast i Kenya, og den norske ambassaden ville ikkje ta imot dei. Ragnhild hang på telefonen til ambassaden i Nairobi og gav seg ikkje.

– Der sa dei at dei tok berre dei aller mest nødvendige. Då måtte eg spørre, kva er vel meir nødvendig enn ein far som sit med fire born på eitt rom, medan mora er i Noreg? Og etterkvart vart dei innkalt.

Ein dag kom ein tjukk konvolutt til den unge kvinna. Ho hadde knapt rukke å lære seg norsk, og fekk hjelp av Ragnhild til å lese. Fem innvilga søknadar om opphald, til mannen og til barna.

No kunne dei kome.

– Det er sterkt å fortelje om, seier Ragnhild.

– Dei jentene som kom og vaks opp her, det har gått så bra med dei!

Lukkeleg slutt?

Så kjem slutten av denne historia.

Etter kommunesamanslåinga blei det også slutt på å bruke fiskarheimen som mottak for flyktningar. Etter at dei siste flyktningane var ute av huset, har det berre vore brukt til kyrkjelege funksjonar. Fire faste gudstenester i året, i tillegg til enkelte gravferder og barnedåpar.

– Og så kom denne koronaen, så då har vi ikkje kunne brukt det til noko. Det var ein nedtur, på mange måtar.

Så var det altså at huset til slutt vart lagt ut til sal, på den opne marknaden. Og dei som kom for å sjå på eigedomen hadde inga interesse for historia til huset. Det var då Trond sende ein e-post til Vårt Land, ein lang tekst som enda med ei inderleg bøn.

– Eg vende meg beinast til han som styrer der oppe og bad, «kan ikkje du gjere det umoglege»! Og det er jo det som det faktisk ser ut til at han har gjort.

Fiskarheimen i Senjahopen

Kjemi

Den nye eigaren heiter Trond Baardsen, og han lovar at han ikkje har tenkt å rive ut noko av historia til bygget. Han og ein arbeidskollega slo seg i hop for å kjøpe huset, mest fordi dei vil bruke det sjølve. Kjemien mellom han og ekteparet Hellemo var sterk frå første sekund.

– Etter å ha møtt dei første gong sa eg til arbeidskollegaen min, «er det huset eller folka vi eigentleg byr på?», seier Baardsen.

– Vi veit ikkje heilt enno korleis det blir. Vi prøver oss litt fram. Utover å bruke huset sjølv, så ser vi føre oss å leige ut til familiar på ferie til ein billig penge.

Etter å ha møtt dei første gong sa eg til arbeidskollegaen min, «er det huset eller folka vi eigentleg byr på?»

—  Trond Baardsen, ny eigar

Ragnhild og Trond skal framleis ha tilgang til huset, lovar han. Og om nokon vil halde gudstenester der, eller ein dåp eller eit møte, så skal dei få lov til det.

Trond Hellemo er heilt overtydd at dei har funne den rette til å ta tradisjonane til huset vidare – at det skal «takast i bruk - til ære for Vårherre og til beste for folket», som Trond skreiv til Vårt Land for eitt år sidan.

– At det kjem nokon og ein skjønar at dei lyttar og dei har forstått... Det er forunderleg at det finst, seier Trond.

At det kjem nokon og ein skjønar at dei lyttar og dei har forstått... Det er forunderleg at det finst

—  Trond Hellemo

– Det er eit eventyr, seier Ragnhild.

– Historia er jo ikkje ferdig. Kva som skjer, det veit vi jo eigentleg ikkje. Men det kan vere, håpar vi, eit døme på noko utruleg positivt som kan skje, når vår Herre får styre littegran.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje