Reportasje

Tvilaren Barack

Det er noko djupt menneskeleg med måten Barack Obama tar oss med inn i si eiga tru og tvil på politikkens magi.

Melding: Året er 2000. På flyet frå Los Angeles til Chicago sit ein nesten 40 år gamal mann som er blakk med stor kredittkortgjeld og som opplever store problem i ekteskapet. Han har nettopp vore til stades på Demokratane sitt landsmøte. Eller «til stades» er kanskje riktigare omtale: han fekk ikkje akkreditering og slapp ikkje inn på moroa, verken festen eller sjølve landsmøtet. Før han kom til Los Angeles hadde han nettopp tapt kampen om ein plass i Kongressen med over 30 prosent. Den mismodige mannen tenkte at han var ferdig med politikk – og såg mørkt på framtida.

Det er vanskeleg å forstå at denne mannen er Barack Obama som skulle bli den 44. presidenten i USA. At han berre åtte år etter nederlaget skulle bli eit historisk politisk ikon. Eit håp for millionar av menneske over heile verda, på at forandring og framgang er mogleg.

Vendepunktet

Når Obama i boka reflekterer rundt det skjebnesvangre kongressvalet ved årtusenskiftet, som han tapte mot den populære og erfarne kandidaten Bobby Rush, kjem tvilen hans tydeleg til syne. «Jeg innså at jeg ved å stille til kongressvalget ikke hadde vært drevet av en uselvisk drøm». Han er ærleg om korleis også han var driven av makt og ambisjonar.

Fire år etter det tøffe tapet i primærvalet til Kongressen i 2000, kom det store vendepunktet for Obama – ein augneblink som hordane av norske USA-ekspertar har utstudert i det uendelege. Obama si skildring av talen han heldt på Demokratane sitt landsmøte i Philadelphia er på grensa til vakker poesi: «... på et punkt finner jeg rytmen. Tilskuerne stilner, ingen brøker. Det er den typen øyeblikk jeg har opplevd noen av i senere år, enkelte magiske kvelder. Det er en fysisk fornemmelse, en flom av følelser som flyter fram og tilbake mellom deg og publikum, som om ditt liv og deres plutselig er spleiset sammen, som en filmrull som snurrer fram og tilbake i tid, og stemmen din stiger helt opp til bristepunktet, for et kort øyeblikk føler du dem intenst, du kan se hele dem».

Sjelegransking

Talen gir Obama superstjerne-status i det politiske Amerika på rekordtid. Kort tid etter blir han vald til medlem av det amerikanske Senatet – eit strategisk steg kona hans Michelle Obama motsette seg frå start, etter fiaskoen i 2000. Obama blottstiller usemja med henne. Som her: « – Sa du vi? sa hun. – Du mener du, Barack. Ikke vi. Dette er din greie. Jeg har støttet deg hele veien fordi jeg tror på deg, selv om jeg hater politikk». Slik skildrar Barack Obama orda frå kona si, visstnok uttalt med harmdirrande stemme, ein kveld han lanserte sine stadig meir ambisiøse karriereplanar.

---

Bok: Sakprosa

  • Barack Obama
  • Et lovet land
  • Cappelen Damm
  • Oversatt av Eivind Lilleskjæret og Gunnar Nyquist, 800 sider

---

Det er likevel i si eiga sjelegransking Obama er på sitt mest ærlege, i alle fall tilsynelatande: «Hvorfor ville jeg utsette henne for dette? Var det bare forfengelighet? Eller kanskje noe mørkere – en rå sult, en blind ambisjon tilslørt av pene formuleringer om å stå til tjeneste?» Obama er særleg hard med seg sjølv om kva som dreiv han til å søke makt på den måten han gjorde. Kanskje prøvde han å vise seg verdig far hans som forlét han i barndomen? Eller leve opp til dei blåøygde forventningane til mor si? Eller løyse opp i det som måtte vere att av utryggleik hos eit born med blanda opphav, i eit samfunn fullt av raseskiljer? Teoriane hans er mange, og dei er høgst interessant lesing.

Dels fordi dei framstår genuine, men òg fordi dei gir innsikt i eit ekte menneske. Gjennom boka viser Obama seg fram meir som menneske av kjøt og blod, enn som eit uoppnåeleg symbol. Det er ærleg å vise fram tvilen på denne måten.

Gjennomgåande tvil

Vi veit jo alle korleis det gjekk. Få folkevalde har hatt ei slik enorm folkeleg rørsle i ryggen då dei kom i posisjon, som det Obama hadde i 2008. Den som oppsummerte det best, er kanskje den tidlegare tsjekkiske presidenten, fridomskjemparen og fredsprisvinnaren Vaclav Havel – som ifølge Obama sa dette til han under eit møte i Praha: «Menneskers høye forventninger er en forbannelse du har fått». Havel visste nok kva han snakka om.

Tvilen er gjennomgåande også frå Obama si historie om korleis dei første åra vart i Det kvite huset. Mellom alle sidene om finanskrise, terrorbekjemping, internasjonale toppmøter og harde forhandlingar med republikanarane i Kongressen, kjem tvilen og den doble tankemåten til Obama klart til syne.

Refleksjonsnivået til Obama er nesten imponerande, friskt og frimodig. Som då han nettopp hadde beordra skarpskyttarane til å «ta ut» tre somaliske piratar som hadde ein amerikansk kaptein (Captain Philips) i si varetekt, og jubelen stod i taket i det berømte Situasjonsrommet: «De var farlige, disse unge mennene, ofte bevisst og vilkårlig grusomme. Alt i alt skulle jeg likevel gjerne ha reddet dem – sendt dem på skole, gitt dem et yrke, tappet dem for hatet som fylte hodene deres. Men den delen av verden de tilhørte, og maskineriet jeg hadde under min kommando, fikk meg oftere til å drepe dem i stedet».

Velskrive og lettlest

Boka er lang, omstendeleg og tettskriven – men likevel særs underhaldande, velskrive og lettlest. Som lesar introduserer Obama deg til eit levande persongalleri, mange av personane følger med gjennom store delar av boka – som bestemora Toot, mora Ann Durham og den personlege assistenten Reggae Love – personar som vert skildra varmt og hjarteleg. Obama sparar ikkje på skildringane av også negative eigenskapar hos personane han møter, som då han på nesten komisk skildrar kontrasten mellom den tyske rikskanslaren Angela Merkel og den franske presidenten Nicolas Sarkozy.

Berre eit menneske

Obama kan kanskje skuldast for å male seg sjølv meir sympatisk enn han eigentleg er – det er vanskeleg å vite for oss som ikkje kjenner han. Mykje tyder likevel på at refleksjonane og tvilen han gir uttrykk for om seg sjølv og si eiga rolle, er ekte og genuine. Som då han møter folkehavet utanfor Grand Hotel i Oslo etter fredsprisutdelinga i 2009: «Tanken på at jeg, eller et hvilket som helst annet menneske, kunne skape orden av et slikt kaos, fremsto som latterlig – på ett plan var det en illusjon folkemengden der nede jublet for. Og likevel så jeg, i blafringen av stearinlysene, også noe annet. Jeg så et uttrykk for kraften til millioner av mennesker over hele verden (...)».

Konklusjonen etter å ha lest boka er kanskje banal, men likefullt ekte: Barack Obama er berre eit vanleg menneske som fekk eit ekstraordinært verv. Og han har openbert heilt ekstraordinære tale- og skrivegåver.

Et lovet land er første av to bind i Barack Obamas presidentmemoarar. 

Refleksjonsnivået til Obama er nesten imponerande, friskt og frimodig.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje