Mange hugsar Bergfrid Fjose for øknamnet «Fjosepose». Den grå posen utan logo eller tekst vart innført av Vinmonopolet på den tida ho var sosialminister. Slik kunne drykken skjulast frå blikket til forbipasserande.
Bergfrid Fjose passar inn i mange konservative stereotypiar: Ho var ei fråhaldskvinne og abortmotstandar frå Vestlandet i tekkeleg drakt og med praktisk permanent.
Men arkivmateriale frå kvinnesakspioner Berit Ås viser at Bergfrid Fjose hadde fleire sider.
Ei oversikt viser at Fjose var ein av 19 medlemmer i «kyrkjegruppa» i Kvinnepolitisk Aksjon.
LES MEIR: Berit Ås starta hemmeleg, tverrpolitisk kvinnenettverk
Fjose deltok på konferansar i regi av gruppa og signerte brev til NRK-sjefen der ho og tre andre aksjonistar bad om eit møte for å diskutera «Kvinnenes partilederprogram».
Saman i kampen mot atomvåpen
Berit Ås fortel korleis ho hanka inn KrF-representanten Bergfrid Fjose.
– Eg kom inn på kontoret og spurte om å få tre kvarter av tida hennar. Eg kom saman med Marie Borge Refsum frå Høgre, som eg danna Kvinnepolitisk Aksjon med. Me fortalte om korleis me arbeidde, og at alt måtte vera hemmeleg.
Kvinnesaksbautaen Berit Ås og KrF-aren Bergfrid Fjose kjente alt godt til kvarandre. I 1970 var dei med å danna Kvinneaksjonen mot EEC.
EF-striden var for Bergfrid Fjose tett kopla saman med kampen mot atomvåpen. Ho meinte det var ei «hån mot skaparen å konstruera våpen som skulle legga jorda øyde».

Men då Berit Ås dukka opp på kontoret hennar i 1976, var Bergfrid Fjose først skeptisk til å bli med i kyrkjegruppa.
– Ho såg oss litt sørgjelig i ansiktet og sa: «Eg kan nok ikkje vera med på dette. De forstår: Eg er allereie politisk død», fortel Berit Ås.
Så vart det ein kort pause, før Berit Ås svara: «Kvifor skal du då betala for to gravferder?»
Då lysna fjeset til Bergfrid Fjose opp.
– Ho svara: «Det har du sannelig rett i». Eg trur det snudde henne, og gjorde at ho vart med i aksjonen, fortel Berit Ås.
Nedvurdert og mobba
Då Bergfrid Fjose kom inn på Stortinget i 1969, var det som første kvinne på fast plass for KrF. Ho sat på Tinget i to periodar, og var KrF-medlem til ho døydde i 2004.
To av borna hennar fortel at ho sleit med å finna seg til rette i partiet.
– KrF hadde ein elendig kvinnepolitikk på denne tida, og ho blei nærast mobba av mannlege partikollegaer. Dei nedvurderte henne og plasserte henne i ein dårleg komité, seier sonen Jon Mannsåker Fjose.
Han var 19 år då ho fekk stortingsplass. Han hugsar at ho vart skuffa av å bli plassert i protokollkomiteen. Dette var forløparen til kontroll- og konstitusjonskomiteen, men hadde på denne tida lite prestisje.
Mor opplevde å høyra kollegaene lesa opp notata hennar frå Stortingets talarstol. Utan å kreditera henne.
— Arnhild Fjose

– Ho kjente seg ikkje verdsett, men hadde ikkje det med å klaga, seier den eldre dottera, Arnhild Fjose.
Ho fortel at protokollkomiteen kravde lite arbeid. Dermed fekk mora tid til å sitja i stortingsbiblioteket og fordjupa seg i filosofi og idéhistorie.
– Ho skreiv ein del notat frå det ho las, som ho lånte ut til partikolleaer. Seinare opplevde mor å høyra kollegaene lesa opp notata hennar frå Stortingets talarstol. Utan å kreditera henne. Då vart ho skikkeleg galen, fortel Arnhild Fjose.
Takka av Kreftforeningen
Trass motstanden klara Bergfrid Fjose å endra Noreg.
I løpet av sitt knappe år som sosialminister fekk ho gjennom eit forbod mot reklame for tobakk og alkohol og ei stortingsmelding om edruskapspolitikk.
Før dette kunne ein sjå plakatar med skummande pils og påskrifta «Drikk øl – for det er NORSK!» eller sjå reklame der ein norsk lege slår fast at «For de som har hjerte med uro og kluss, er Tiedemands sigaretter et pluss».
«Vi skylder Bergfrid Fjose en takk», skreiv Kreftforeningen i 2018.
Det året vart det innført standardiserte tobakkspakker, slik at røyk og snus ikkje lenger kan ha individuell design.
Kreftforeningen trekk linjene tilbake til Bergfrid Fjose, som gjorde at Noreg vart det femte landet i verda som forbaud tobakksreklame.
«Selv om vi ofte peker på Australia som et foregangsland innen tobakksforebygging (...) skal vi ikke glemme vår egen Bergfrid Fjose.»
Bondevik ikkje overraska
- Bergfrid Fjose var eit varmt og klokt menneske med eit godt smil. Sjølv om ho var radikal, var ho godt likt og respektert av alle, også politiske motstandarar, fortel Kjell Magne Bondevik.

Han kjente henne godt, både som stortingskollega og frå Korvald-regjeringa, der Bondevik var statssekretær. Han såg på henne som ein likesinna.
- Det overraskar ikkje meg at ho samarbeidde med Berit Ås, seier Bondevik.
- Kva tenker du om at Bergfrid Fjose måtte halda det hemmeleg at ho var ein del av dette nettverket?
- Det var nok eit utrykk for at det å jobba med feminisme og likestilling ikkje var så akseptert. KrF var eit mannstungt parti, sånn var det i mange parti på denne tida. Eg forstår at dei valde å halda dette nettverket skjult. I dag hadde ikkje det vore nødvendig, seier Bondevik.
Bergfrid har vore med å opna opp KrF for nye generasjonar kvinner.
— Valgerd Svarstad Haugland
Han kjente ikkje til at ho opplevde seg motarbeidd.
– Ho var respektert i stortingsgruppa, og ho var ein populær talar i lokallaga. Lars Korvald respekterte henne veldig. Men, ho kan ha følt det som at ho vart motarbeidd, seier Bondevik.
- Eg hugsa eg vart skuffa då ho gav seg på Stortinget.
Tidlegare KrF-leiar: Ikkje stolt historie
- Bergfrid har vore med å opna opp KrF for nye generasjonar kvinner. Ho var ei føregangskvinne for oss som kom seinare, seier Valgerd Svarstad Haugland.
I 1995 vart ho den første, og førebels einaste, kvinnelege partileiaren for KrF.
- KrF har ikkje hatt ei stolt historie når det kjem til kvinnesak før i mi tid. Mange av mannfolka i KrF var lite flinke til å la kvinnene koma til. I Hordaland var dei ekstra dårlege, seier Haugland.
Då Bergfrid Fjose vart gjenvald til Stortinget i 1973, var det dels mot nominasjonskomiteen sin vilje.
Komiteen i Hordaland hadde flytta henne ned frå sikker plass, før nominasjonsmøtet flytta henne opp att.
– Ho sa til nominasjonskomiteen at ho ville ha trygg plass, elles ville ho ikkje stilla. Så gjekk ho ut medan komiteen diskuterte saka, fortel dottera Arnhild Fjose.
Var ven med Anders Lange
Som barn feira Jon Mannsåker Fjose ofte jul med folk han ikkje kjente.
Folk som mangla kontaktnett og som hadde falt utanfor, men som vart invitert inn til julefeiring hjå familien.
– Mor hadde eit stort kontaktnett, og hadde vener som levde liv som ikkje var likt hennar eige. Eg trur ikkje ho hadde trivest i dagens verkelegheit på sosiale medier der ein berre har kontakt med folk som liknar ein sjølv, seier han.
Ho forbarma seg også over ein politisk motstandar: Anders Lange, som hadde danna forløparen til Framstegspartiet.
– Anders Lange var ein flink talar, men dårleg på administrasjon. Ho hjelpte han med papirarbeid og lærte han om korleis ein skal legga fram sakene på Stortinget, fortel Jon Mannsåker Fjose.
Dei to hadde eit godt og humoristisk forhold.
Frå talarstolen beklaga Anders Lange seg over at han ikkje hadde blitt kjend med «fru Fjose» tidlegare – «Da hadde hun ikke vært prestekone i dag, herr president».
– Eg trur ho gliste av det. Dei hadde eit godt og venskapeleg forhold, seier Jon Mannsåker Fjose.
Ein raud bibel
Dei to barna kjente ikkje til at mora var med i nettverket til Berit Ås. Dei er likevel ikkje overraska.
– Mor var radikal og oppteken av kvinnesak, samstundes som ho var ein trufast kyrkjegjengar og song vers for maten. I familien har me ofte diskutert kvifor ho ikkje heller var del av Arbeidarpartiet. Eg trur ho ikkje likte Aps antikristelege haldningar, seier Jon Mannsåker Fjose.
Dei fortel at mora ofte bar med seg ein bibel i raudt skinn.
I bibelen la ho flatpressa firkløvarar. På baksatsen hadde ho limt inn ein paragraf frå likestillingslova frå 1978. Den forbaud diskriminering på grunnlag av kjønn.
– Den lova var nok veldig viktig for henne. Så var det kanskje heller ikkje heilt tilfeldig at den bibelen var raud, seier Arnhild Fjose.
Kjelder:
«Tru og makt. Kristelegs Folkepartis historie 1933-2008» av Kåre Olav Solhjell (2008)
