Sjefredaktøren som hudfletta Trump

Mark Galli fekk dødstruslar etter sin siste leiarartikkel i magasinet Christianity Today. Den evangelikale sjefredaktøren sette punktum ved å hudflette Donald Trumps låge moral og krevje at han blir fjerna frå presidentstolen.

Reportasje

– Eg følte det ville ha vore uansvarleg å ikkje seie noko, seier Mark Galli.

Den nyleg avgåtte sjefredaktøren i det amerikanske magasinet Christianity Today har tatt bladet frå munnen. Han meiner at Donald Trump er «den mest umoralske presidenten i USAs historie». Og då Trump blei stilt for riksrett for nokre månader sidan, skreiv redaktøren det også på leiarplass: Den moralske­ ­karakteren til presidenten utgjer ein fare for nasjonen, og bør fjernast frå embetet.

Straks kokte det rundt Galli og magasinet hans. Nettsidene krasja momentant. Store nyhendemedia som The New York Times banka på døra. 3.000 abonnentar sa opp i protest, og 9.000 nye kom til.

– Eg var overraska over den store responsen, seier Galli. 
– Eg var jo ikkje den første evangelikale kristne som kritiserte Trump. Men då eg gjorde det, gjennom Christianity Today, tok det fyr.

Donald Trumps veg til presidentmakta hadde vore umogleg utan dei mange millionar stemmene frå såkalla evangelikale kristne i USA. Avhengig av korleis ein reknar, utgjer dei rundt ein fjerdedel av den amerikanske befolkninga. Den viktigaste evangelikale publikasjonen er nettopp Christianity Today, ­magasinet som blei stifta av kristenleiaren Billy Graham i 1956. Her har Mark Galli jobba i tretti år, dei sju siste åra som sjef­redaktør.

I dette intervjuet snakkar han blant anna om:

• Evangelikale kristne som har seld sjela si politisk.

• Dødstruslane han fekk etter kritikken av presidenten.

• Trumps vifting med Bibelen framfor St. John’s Church i den amerikanske hovudstaden.

• Amerikas åndelege tilstand og vår tendens til å gløyme Gud.

LES MER: Trump-kritisk lederartikkel kan få store konsekvenser for kristen avis

Farleg umoral

Du meiner at Trump har fordumma bort tanken om moral i den amerikanske regjeringa. Kor farleg er dette for ein nasjon, og for dei evangelikale kristne i USA?

– Vi lever i ei kynisk tid. Og eg forventar heller ikkje at
politikarane våre skal vere
moralsk perfekte. Men frå eit kristent perspektiv bør dei i det minste strekke­ seg etter noko som er større enn dei sjølve. Og når dei gjer noko gale, bør dei be om unnskulding, eller i det minst kjenne på skam. Trump gjer ikkje noko av dette, han er amoralsk på så mange forskjellige måtar. Berre den giftige måten han snakkar på, om det er på Twitter eller i talane sine, er ­moralsk problematisk. Det under­minerer den tilliten folk har til leiarskap. Presidenten kan ikkje gå rundt og rakke ned på folk og samtidig utøve leiarskap for ein nasjon, seier Galli.

Evangelikale kristne sel sjela si

—   Mark Gamill, avgått sjefredaktør i Christianity Today

Sel sjela si

I pakt med dette perspektivet, å ikkje rakke ned på folk, venta sjefredaktøren i Christianity Today lenge med å felle ein dom over Trumps moralske karakter. I fleire år var han tolmodig, både med presidenten og med dei evangelikale veljarane som støttar han. Til slutt var likevel begeret fullt. Riksrettstiltalen, med skuldingar om maktmisbruk, var dråpen. I Gallis auge kunne ikkje Trumps sviktande moralske karakter lenger balanserast mot utnemning av konservative høgsterettsdommarar og forsvar for religiøs fridom.

– Evangelikale kristne sel sjela si for å oppnå éin ting, konservative dommarar,  mens mitt poeng er at Trump øydelegg det moralske nivået i politikken og presidentskapet. Det blir eitt steg fram og fire tilbake.

– I Noreg er det mange kristne som har undra seg over den amerikanske evangelikale støtta til Trump. Kan du forklare oss kvifor støtta er så sterk?

– Det eine er den pragmatiske sida, at Trump meir eller mindre er typisk republikansk i politikken, og overvekta av evangelikale kristne har stemt republikansk dei siste 30–40 åra. Det andre er at Trump har fått støtta til dei som kjenner seg marginaliserte og er i opposisjon til den politiske eliten. Blant anna har kristne blitt offer for rettssaker etter å ha praktisert trua si i det offentlege rommet. Så kjem Trump og seier at «eg er på di side». Alle skal få praktisere trua si slik dei sjølve vil. Når han i tillegg er «pro-life», imot abort, blir dette ein cocktail som evangelikale ønskjer å drikke. Den cocktailen smakar godt!

LES OGSÅ: Mener Trump er «Guds utvalgte»

Mange evangelikale kristne ser på Trump som ein messiansk skapnad

—   Marg Galli, avgått sjefredaktør i Christianity Today

Trump som Messias

Nyleg kunne vi sjå den amerikanske presidenten vifte med Bibelen framfor St. John’s Church, som ligg rett ved Det kvite hus i Washington, D.C. Politidrapet på den svarte George Floyd har leia til opprør og protestar både i USA og i mange andre stader i verda, 
inkludert Noreg. Trump har i hovudsak svara på Black Lives Matter-protestane ved å oppretthalde «lov og orden».

– Kva ville Trump oppnå med å vifte med Bibelen?

– Trump er klumsete når det kjem til symbolske markeringar. Ein ting er at han stod framfor ei kyrkje han ikkje går i. Men han sa ikkje eingong noko om Bibelen han heldt i handa. Det var eit klumsete forsøk på å seie «Gud og landet». Eg er lei for å seie at mange evangelikale kristne var svært stolte av han i den augne­blinken. Dei forstod ikkje at dei blei manipulert.

– Vil majoriteten av evangelikale kristne støtte Trump også i det kommande presidentvalet?

– Grupper som «Evangelicals for Trump» jobbar for det. Mange 
evangelikale kristne ser på Trump som ein messiansk skapnad, og dei kjem til å følgje han til verdas ende. I ei bøn på eit av massemøta i Florida nyleg sa ein av pastorane at han var takknemleg for at «denne mannen, Trump, sit ved Faderens høgre hand».

LES OGSÅ: - Kristne som støtter Trump

Fekk dødstruslar

– Du kriti­serer både presidenten og dei evangelikale støttespelarane hans. Når du kritiserer Trump, kjenner du deg nokon gong som døyparen Johannes overfor
 Herodes? Du er ikkje redd for at ditt eige hovud skal bli kappa av, metaforisk sagt?

– Eg fekk nokre dødstruslar
etter leiarartikkelen eg skreiv. Politiet var heime hos oss, og i nabolaget vårt. Eg blei litt skremt, samtidig som eg er klar over at dei fleste slike dødstruslar ligg det ingenting i. Men eg var førebudd på at det kunne dukke
opp nokon, for å seie det slik.

Han ser ikkje sjølv på sin siste leiarartikkel i Christianity Today som modig, sjølv om han innrømmer at han er stolt av teksten i ettertid. Av og til må ein dra ei linje og vise tydeleg kvar ein står, som han seier, utan å frykte konsekvensane. Arbeidet i det kristne magasinet har elles vore prega av å få høgst ulike og
rykande ueinige stemmer i samtale, noko som ikkje alltid har vore like enkelt. Også i det kristne
 USA divergerer den offentlege samtalen mot polarisering.

– Det er ei utfordring å halde ein intellektuell samtale gåande. Det blir fort: Er du ikkje ein del av løysinga, er du ein del av problemet. Men livet er så mykje meir komplisert enn som så.

Frelst ved fjernsynet

Dette er ein viktig del av Mark Gallis ettermæle som redaktør, at han la til rette for ein intellektuell samtale som på ulike vis krinsar rundt eitt vesentleg perspektiv, trua på Jesus Kristus. Dette er ei tru på at Guds son lét seg føde til jorda, gjekk iblant oss, døydde
på krossen og stod opp igjen, noko Galli har skildra som «vakker ortodoksi». Den kristne trua som har gjennomsyra innhaldet i Christianity Today, kom gradvis til han etter at mora bøygde kne framfor Billy Graham mens Mark var ein ung gut.

– Ho hadde lova Gud å ta imot Jesus som sin frelsar dersom den eldre bror min, som ho hadde mykje trøbbel med, gjekk inn i militæret. Same ettermiddag kom han inn døra og sa at han hadde verva seg til luftvåpenet. Mor mi bøygde kne framfor TV-apparatet. Og i vår familie var det slik at det mor var opptatt av, det var vi alle opptatt av, fortel Galli.
Ikkje lenge etterpå tok han sjølv eit kristent standpunkt, og han jobba ti år som pastor før han gjekk inn i journalistikken. At han skulle ende opp med å bruke dei neste tretti åra av sitt vaksne arbeidsliv i magasinet Graham starta, er såleis ein ring som blei slutta på eit underleg vis.

Kyrkja er full av all slags menneske, inkludert ein haug med hyklarar

—   Mark Galli, avgått sjefredaktør i Christianity Today

Eit liv i kjærleik

Trua på Jesus
 Kristus gjennomsyrar også det Galli elles har skrive av bøker og artiklar. Nyleg kom han ut med ei ny bok, When Did We Start Forgetting God? Her viser 
han på ulike vis korleis sjølv
aktive kristne har ein tendens til å gløyme Gud midt i trua. Det er vanskeleg å bruke tid i bøn, til dømes, fordi vi har så mykje anna viktig vi må ha gjort.

– Det første og største bodet er at vi skal elske Gud av heile vårt hjarte, heile vår sjel og heile vår styrke. Men det er umogleg for oss å elske Gud på den måten. Gud gjer det ikkje lett for oss.

– Sjølv kong David bad om å få eit nytt hjarte, fortel Bibelen, så det står vel neppe betre til med oss andre. Kva skal vi gjere?

– Nettopp! Vi veit ikkje korleis vi skal komme dit, så vi må be Gud om hjelp. Først og fremst må vi vere tolmodige med oss sjølve, for Gud er tolmodig med oss. Lengsla etter Gud signaliserer noko som enno ikkje er fullbyrda, på same måte som håp. Men det er nettopp dette vi er kalla til å leve i – lengsle og håp.

– Å gløyme Gud leier fort til at vi også gløymer vår neste. Du skriv i boka at ingen annan organisasjon enn kyrkja er betre rigga
for å lære oss å leve i kjærleik til kvarandre. Dette rørte meg.

– Kyrkja er full av all slags menneske, inkludert ein haug med hyklarar. Dette var menneska Jesus døydde for. Folk som det. Kyrkja er eit mikrokosmos av syndarar og helgenar, folk vi elskar å vere saman med og folk vi hatar å vere saman med. Så har vi kanskje også superhøge forventingar. Å leve midt i kyrkja, når alt feilar, når folk sviktar, kan gjere det frustrerande, seier Mark Galli.

– Derfor er kyrkja eit særs godt laboratorium for kjærleik.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje