Ønsker seg ei kvit alkoholfri jul for alle born

Det første minnet i livet er då ho og mora flyktar frå julefeiringa og faren som hamrar laus på bilvindauget. For Felicia Ferreira er ikkje moderasjon nok. Ho ønsker seg ei fullstendig alkoholfri jul for alle born

Reportasje

Det er jul og Felicia Ferreira er tre år gammal. Mora ber Felicia på armen og flyktar ut av julefeiringa og leilegheita kor ho vaks opp. Mora kastar seg sjølv og Ferreira inn i den første bilen ho ser.

Men faren kjem bak dei og tar dei att opp til bilen. Han gaular og hamrar på bilruta. Med eit bankande hjarte ser Ferreira korleis faren grip tak i bilen og forsøker å hindre flukta. Mora ropar til sjåføren. «Fort deg! Køyr, køyr!» Dei evnar å forlate åstaden.

For sjefredaktør i svenske Dagen, Felicia Ferreira, er dette det alle første minnet i livet hennar. Jul blanda saman med flykta frå sinneutbrotet til ein alkoholisert far. Framtidige feiringar og familiesamlingar bar stort preg av hendinga.

– Slik blei det til at ved kvar familiesamling - om det var jul, påske eller fødselsdagar - så var alt prega av ei uro. Kjem han til å vere edru? Kjem han til å vere sinna? Kjem han i det heile tatt?, fortel Ferreira.

Minnet satt sine spor heilt inn i vaksen alder.

Alkovett

Generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til, Randi Hagen Eriksrud fortel at det er rekna at omkring 90.000 born i Noreg veks opp med ei mor eller far med eit alkoholproblem. Ho fortel at jula kan vere ei særs vanskeleg høgtid for mange av desse borna.

– Desember er den månaden det utvilsamt blir kjøpt mest alkohol. Det er mange høve i høgtida kor alkohol blir servert og kor alkoholen speler ei sentral rolle. I tillegg er høgtida prega av store forventingar. Mange born i familiar prega av alkoholmisbruk blir spesielt merksame på kontrasten som finst mellom lykkelege velfungerande familiar og deira eigen, fortel Eriksrud.

Organisasjonen Av- og-til jobbar for å redusere dei negative følgene alkoholen har i samfunnet. Generalsekretær Eriksrud ser at normene knytt til alkohol i Noreg er veldig sterke. Ho merker seg at me gjerne tenker at det å drikke alkohol er norma og det naturlege, medan det å takke nei blir oppfatta som merkeleg og rart. Derfor meiner ho det er så viktig at vertar av ulike samlingar og arrangement er medvitne om rolla dei gir alkoholen i ulike settingar.

– Er det nødvendig å sette alkoholen i sentrum? Finst det alkoholfrie alternativ? Det er nok av gode grunnar til å gi alkoholen ei mykje mindre rolle, fortel Eriksrud.

Generalsekretæren fortel at dei i Av-og-til har vore i kontakt med mange born og vaksne som har blitt sterkt prega av rolla alkohol har hatt i heimen. Dei bit merke i at sjølv moderate mengder kan bli oppfatta som skremmande og utrygt for born.

– Fleire me har snakka med fortel at berre den eine gongen mor eller far drakk eit glas eller to for mykje førte til stor utryggleik.

Denne utryggleiken blei for mange med vidare i livet.

– Kva tenker dokker er «godt alkovett» no i juletider?

– Alle må gjere ei vurdering, men me tenker at ein burde tenke seg godt om ein vurderer å drikke meir enn to glas der born er i nærleiken, fortel Eriksrud.

---

Alkohol og born

  • • Omkring 90.000 born i Noreg veks opp i ein heim kor ein av foreldra har eit alkoholmisbruk. Det utgjer om lag 10% av alle born i landet
  • • Ei undersøking gjort av Av-og-til viste at eitt av ti born har synst det blei «ekkelt» fordi dei vaksne drakk
  • • Born blir ekstra sårbare for åtferdsendringar hjå foreldra knytt til alkohol når dei er borte trygge rammer. Det kan vere i eit selskap eller på ferie i utlandet
  • • Alkovett organisasjonen Av-og-til tilrår folk om å tenke ut på førehand om dei skal drikke og eventuelt kor mykje, når det er born til stade
  • • Av-og-til tilrår folk om å tenke seg ekstra godt om viss ein skal overstige to glas i nærleiken av born
  • • Viss ein opplever ting som ikkje er bra heime kan ein ringe til alarmtelefonen 116 111. Her kan ein også ringe på vegne av andre
  • Kjelder: Av-og-til.no

---

Ønsker seg ei kvit jul

Felicia Ferreira er i dag vaksen og sjefredaktør for den svenske avisa Dagen. Det var i ein kronikk i same avis at Ferreira skildra deler av oppveksten med ein alkoholisert far. For henne har jula vore assosiert med ei stor uro. No som jula er her tenker ho på dei borna som er urolege og som gruar seg til høgtida på grunn av alkoholforbruket i familien.

I same kronikk tok ho dermed bladet frå munnen og oppfordra alle til å la flaskene stå uopna der born er i nærleiken. Ho har sjølv opplevd dei varige innverknadene eit alkoholmisbruk har hatt på familien og på ho som dotter. Sjølv om det i situasjonen hennar var snakk om overdrivne mengder, er ho likevel ikkje i tvil.

– Eit born burde aldri trenge å vere i nærleiken av vaksne som drikk, seier Ferreira.

Sjølv små mengder alkohol gir store utslag på veremåte og dømmekraft. Ferreira meiner born er spesielt varsame for slike endringar, om det så er i stemningsleie eller dynamikken kring middagsbordet. For eit born å sjå at ein nær slektning mister fokus, blir litt meir høglydt og mistar hemningar kan vere skremmande.

– Det vaksne ser på positive effektar frå alkoholen er gjerne det motsette for born. For dei kan det gi utslag i frykt og angst, seier ho.

Alkoholkulturen

Ifølge Ferreira har kulturen her i nord utvikla ein altfor stor aksept overfor alkohol - eit nærmast romantiserande forhold til alkohol, kallar ho det. Det at ein må forklare seg til andre viss ein vel å ikkje drikk på ei samling eller arrangement, eller at det blir sett på som øydeleggande for andre viss nokon vel å avstå frå alkohol er illustrerande, meiner ho.

– Det handlar ikkje om å moralisere overfor den enkelte. Dette handlar om eit problem i kulturen med skadelege ringverknadar og som har gått altfor langt, seier ho.

Ho synst det er påfallande at ein må ta til seg eit mot for å avstå frå alkohol. At ein får høyre det frå dei kring seg viss ein ikkje drikk. Men når ting har blitt slik dei er håpar ho at fleire tar til seg motet, står imot presset og tør å avstå frå all alkoholbruk der born er i nærleiken.

– Det har blitt eit folkehelseproblem. Ikkje berre for dei som drikk, men også for dei pårørande. Dei sit igjen med varige sår og skader dei òg, seier Ferreira.

Mental overlevingsmekanisme

For Ferreiras del kom det i form av eit åtferdsproblem som ho på svensk kallar eit «medberoande». På fagspråket blir det referert til som ei passiv, sjølvutslettande eller «astenisk personlighetsforstyrrelse». Ifølge Lommelegen blir det kjenneteikna av låg sjølvtillit, eit kronisk behov for å bli tatt vare på og ein redsel for å bli forlaten av viktige personar i livet til han eller ho det gjelder. Personen kan få problem med å ta kvardagslige avgjerder utan råd og forsikring frå andre.

– Når til dømes ein av foreldra har stort tilhug for hjelp kan born utvikle ein mental overlevingsmekanisme. Det kan dreie seg om overdriven empati og vansker med å sette grenser. Ein fornektar seg sjølv, og forholdet til dei kring seg blir viktigare enn sitt eige liv, fortel Ferreira.

– Born av menneske med rusproblem, mental sjukdom eller andre alvorlege problem vil ofte starte å skulde seg sjølv for det som er galt. Slike born ser at forelderen har eit problem og vil gjere alt i sin makt for å unngå å vere til bry. Dei strever etter å ta opp minst mogleg plass, fortel ho.

I samtaler med terapeuten blei Ferreira spurd kva ho treng og kva ho ønsker. For henne tok det lang tid før ho evna å sette seg inn i dei tankebanene der slike spørsmål gir meining. Korleis kan ein vite det, spurde ho terapeuten. Det var merkeleg, fordi ho var samstundes viss og klar over kva dei kring ho ønska og strevde etter. Det var hennar eigne behov - hennar eige sjølv som ho mangla.

Utslitne menneske

Frå tidleg alder kom ho i kontakt med ulike kristne samfunn gjennom mora hennar. Ferreira opplevde at åtferdsproblemet hennar - det underutvikla sjølvet som sleit med å setje grenser rundt seg - at det i kyrkjesamfunnet blei fremma, oppmuntra og stimulert.

---

Ferreiras sjekkliste for astenisk åtferdsproblem

  • • Har vansker for å sette grenser
  • • Ser bort frå sine eigne behov
  • • Ignorerer eigne interesser
  • • Har problem med å svare på spørsmålet «Kva vil eg?»
  • • Forholdet til andre blir viktigare enn sitt eige liv
  • • Tilpassar kommunikasjonen overfor andre slik at ein aldri seier kva ein eigentleg meiner
  • • Får ei kjensle av tomleik når det ikkje er nokon å pleie eller ta vare på
  • • Er ofte for involvert i problema til andre
  • • Verdset andre sine kjensler og standpunkt meir enn sine eigne
  • • Er flink til å ta vare på andre, men dårleg til å ta vare på seg sjølv

---

– Å sjå behova til andre, å sette andre framfor seg sjølv, vere trufast og empatisk til dei kring seg - alle desse eigenskapane er ønskelege og trengde verdiar i eit moderne samfunn. Det handlar om å bistå og hjelpe dei svake, dei fattige og dei utsette. I botn og grunn er det dette Jesus lærer oss. Når det er sagt, må ein likevel ikkje gløyme at det i kyrkjelege miljø også finst mange utslitne menneske som fornektar og underspeler sine eigne behov. For mange kan dei kyrkjelege verdiane vere med på å styrke og forlenge eit mentalt slaveri, fortel Ferreira.

Ho meiner kyrkja må fortsette å oppmuntre til empati, samkjensle og nestekjærleik og i det å gi praktisk og åndeleg hjelp, men samstundes også vere viss.

– I ei kald verd er det mykje mogleg at det er kyrkja som best eigna til å spreie medmenneskelege verdiar. Samstundes må det også bli gitt meir tid til at folk får bli kjent med sine eigne behov. Folk må også lære det å verdsette eigne kjensler og til å bli klar over kor deira eigne grenser går, fortel Ferreira.

– Til og med Jesus så seg nøydd til å trekke seg att nokre gonger.

Til og med Jesus så seg nøydd til å trekke seg att nokre gonger

—   Sjefredaktør i Dagen, Felicia Ferreira

Sjølvutslettande

Felicia Ferreira forsøker å minnast dei gode stundene med faren hennar - dei stundene han var edru. Men sjølv dei edru stundene var prega av alkoholen. Misbruket hadde tært på organa hans og han låg lange tider på sjukehuset, periodevis kraftig medisinert. Ho skulle så gjerne ha prata meir med han.

For faren til Felicia Ferreira blei alkoholen sjølvutslettande. Han døydde av alkoholrelatert organsvikt i 2005, då Ferreira var 24 år gammal.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje