Tala talar tydeleg

Statsbudsjettet for 2020 er ei samling tal som fortel korleis økonomien vår blir endra neste år. Fleire av tala er enorme, nokre er svært små.

Reportasje

– Det er mange lyspunkt, men vinden som bles over verdas økonomi, kan tilta i styrke og bli ein storm, lyder det økonomiske vêrvarselet finansminister Siv Jensen (Frp) kringkasta i Stortinget måndag, i finanstalen.

Difor brukar regjeringa færre oljemilliardar i 2020 - i eit budsjett som er lagt fram av ei fleirtalsregjeringa. Så her er det lite rom for store endringar.

Dei store tala seier at Fastlands-Norge skaper verdiar for 3.229 milliardar kroner – og at berre 2,1 prosent av arbeidsstyrken er utan arbeid.

Ein budsjettvinnaren er sjukehusa. Helseministeren løyver nesten 1,6 milliardar ekstra for å få aktiviteten på sjukehusa - også forsvarsministeren får litt ekstra, han skal pusse opp hærens stridsvogner for 230 millionar:

Norges økonomi blir smurt med olje, frå Nordsjøen. I kvart statsbudsjett må Finansdepartementet lage ein kalkyle for råoljeprisen komande år. Neste år trur departementet at oljeprisen - i snitt - blir på 476 kroner fatet, mot 538 kroner i år. Oljeprisen blir som kjent målt i pris per oljefat.

Alle statsbudsjett har gulrøter. Neste år freistar regejringa med 50.000 i studielånkutt til alle som kombinerer barnehagelærarutdanninga med språkstudier i samisk:

Kva skal Norge leve av etter at olje tek slutt? Spørsmålet opptek mange, og for å utvikle Norge til å stå rusta til åra etter oljealderen, brukar regjeringa milliardar på forsking og utvikling; 39 milliardar - eller 1,4 prosent av brutto nasjonalpordukt.

Norge har to målformer, bokmål og nynorsk. For å styrkje nynorsken, blar kulturministeren opp 9,3 millionar kroner, eller 4,2 millionar meir en i år:

Norges eldre får eit eige nasjonalt eldreombod neste år, lokalisert i Ålesund. Etableringa av ombodet kostar sju millionar kroner.

Men når mange får, må andre spare. Eit synleg kutt i neste års statsbudsjett er nullinga av såkalla kosmetisk tannregulering, her sparer staten 50,5 millionar kroner:

I arbeidet med å gjere Norge grønare, løyver regjeringa 26,8 milliardar kroner neste år. Samferdselsministeren lovar at dei reisande skal få «eit betre togtilbod».

Men dei som verkeleg får rekordmykje, er verdas fattige og underprivilegerte. Fordi Stortinget har vedteke at Norge skal bruke ein prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) på utviklingshjelp, blir bistandsbudsjettet på nesten 40 milliardar kroner, aldri tidlegare har det vore så høgt:

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje