Vrengjer ut innsida - sjå bileta asylsøkjarar tek i leiren
Fotoprosjektet viser fram eit av Europas mest overfylte asylmottak, Moria, som Hellas ønskjer å stengje for innsyn.
– Dykkar bilete skal vere med å vise korleis folk eigentleg har det bak piggtråden. De skal vere omverdas augo, de skal sjå det me ikkje får sjå.
Diego Manjibar Reynes sit bøygd over ein PC og blar i digitale foto. Saman med han sit to unge menn som aldri har fotografert før, som aldri har eigd eit kamera, som aldri har tenkt på kvar det «gylne snittet» er. No lærer dei to asylsøkjarane å bruke eit enkelt digitalkamera, og korleis dei skal ta gode foto.
Saman med Reynes sit Marta Vasconcelos Proenca de Melo. Den spanske duoen arbeider fram ei ny utstilling i dokumentasjonsserien From inside; Frå innsida. Den førre utstillinga heng i galleri i Spania og Portugal, og viser dagleglivet i eit asylmottak i Serbia.
Bestill abonnement her
KJØP