Når skiljet mellom jobb og fritid forsvinn
I designbyrået Eggs gjer leiinga sitt beste for at dei tilsette skal trivast. Kommentator Emil Boss ser mange fordelar, men åtvarar mot at den moderne bedriftskulturen gjer det vanskeleg å vere kritisk.
– Jobb og fritid flyt saman. I dag skal ein ikkje berre ha smør på brødet, ein skal utvikle seg fagleg og menneskeleg, seier Ulla Sommerfelt, konsernsjef for Eggs.
Når klokka nærmar seg fire på fredag, sit det mange arbeidarar og trippar etter å komme seg heim. Slik er det ikkje i den mellomstore bedrifta Eggs Design. Her blir dei tilsette gjerne sitjande utover for å ta seg nokre glas med kollegaene sine.
– Kulturen her er det som skil denne arbeidsplassen frå andre. Eggs-folka har teke meg imot på ein fantastisk måte. Her er alle venner på ein naturleg måte, seier William Chaumeton.
Bestill abonnement her
KJØP