Ein knust jødisk draum

Carinne Sjöberg rullar saman banneret til den Judiska föreningen. Restane av foreininga ligg på lager. Dei som vil møte jødisk liv nord i Sverige må gå på museum.

Publisert Sist oppdatert

Meldinga på twitter var dramatisk:
«Jødiske foreininga i Umeå har avgjort å leggje ned etter repeterande truslar og trakasseringar frå nazistar. Dette betyr at det ikkje finst noko jødisk aktivitet i Sverige nord for Uppsala.»
– Til slutt såg vi ikkje noko anna utveg. Årsmøtet i mai vedtok å oppløyse foreininga, fortel Carinne Sjöberg, som var leiar i Judiska föreningen.
Einaste synlege minne er banneret på svensk og engelsk. Den Judiska föreningen i Umeå blei skipa i 2009. Ni år seinare er han historie. Restane ligg i pappkassar på ein 4H-gard.

Aktivitet

I Norge bur det opp mot 1.500 jødar. I Sverige kring 20.000. Det er dei som kjem frå familiar som har budd i landet i hundreår, det er innvandrarar og det er konvertittar. I tre byar står det seks synagogar. Tre i Stockholm, to i Göteborg, ein i Malmö. Det er jødiske foreiningar i Uppsala, Västerås, Norrköping, Lund, Borås – og fram til mai, i Umeå.
– Til slutt var så mange redde at få eller ingen våga seg på arrangementa våre, og ei foreining utan aktivitet er inga foreining, seier Sjöberg.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP