Reportasje

Reisa mot endeleg løysing

Fasaden er kjøleg elegant. I staselege Villa Marlier blei orkestreringa av eit industrielt folkemord feira med glad dans på lønsjbordet.

Wannsee 2017. Gata Am Grossen Wannsee varslar velstand. Store murvillaar. Rommelege hagar ved innsjøen. Dyre seglbåtar ved brygga. Høge gjerde, stengde portar. Vektarar vaktar verdiane.

Så, i nummer 56-58, finn eg eit lite skilt i mørkt metall på venstre portstolpe. «I januar 1942 fann den berykta Wannsee-konferansen stad i dette huset», fortel teksten.

Resultatet kjenner vi. Holocaust.

LES MEIR: – Historielaus Holocaust-samanlikning

Møte med mat

Wannsee 20. januar 1942. Inn porten, opp alleen og fram til eikedørene i Villa Marlier glei svarte bilar. Ut steig utsendingar frå SS, rikspolitiet, Gestapo og okkupasjonsforvaltninga i Aust-Europa, samt statssekretærar, diplomatar og byråkratar. 15 i talet.

Alle var kalla inn til Wannsee til «drøftingar, med lønsj». Verten i representasjonsvillaen som SS hadde kjøpt i 1940, var sjefen for rikspolitiet RSHA, den unge, dynamiske karrierenazisten Reinhard Heydrich.

Dans på bordet

Eg slår opp døra, stig inn i Villa Marlier, teikna for legemiddelfabrikanten Ernst Marlier i 1910. Han sparte ikkje på riksmarken, den gode Ernst, så lokala Holocaust blei orkestrert i, inviterte til komfortable liv. Mjuke tepper på golvet, stukkatur i taket, franske vindauge ramma inn av marmorsøyler, gobelinar på veggen.

---

Wannsee

  • Wannsee ligg sørvest i Berlin,­ heilt i utkanten av Tysklands ­hovudstad.
  • Wannsee-konferansen fann stad 20. januar 1942. 15 nazi­leiarar drøfta korleis dei skulle samle saman og avlive ­elleve millionar europeiske jødar raskast mogleg.
  • Målet for konferansen var å samkjøre utryddinga av jødane, som allereie hadde starta, i dei tysk-okkuperte og -kontrollerte landa i Europa.
  • ­Konferansen, som skulle finne «den endelege løysninga på jøde­spørsmålet», blei arrangert i Villa Marlier ved innsjøen Großer Wannsee.

---

Villamøtet blei så vellukka at vi avslutta med allsong, skreiv Gestapo-sjef Heinrich Müller ned i etterkant: «Etter ei tid stod vi på stolane og skålte, så på bordet, og dette gjentok seg fleire gonger (...) Det var Heydrich som lærte oss det. Det var ein gammal nordtysk skikk. Etterpå sette vi oss ned og slappa av».

Avhaldsmannen Heydrich blei sjølv så oppstemt at han måtte feire møtet med eit glas konjakk og ein sigarett.

Segla frå Norge

Wannsee 2017. «Her er lista», seier ei kvinne på hebraisk. Ho glir langs glasmonteren i salen der 15 menn, for 75 år sidan, organiserte folkemordet som allereie hadde starta. «Endlösung der Judenfrage» skulle berre optimaliserast – før mat og drikke kom på bordet. I den 16 sider lange protokollen, ført i dempa ordelag, stoppar kvinna opp ved side seks. Tabellen listar opp land og regionar og talet på jødar. 11.000.000. Som skulle samlast inn. Og avlivast.

Eitt land var allereie jødefritt i januar ´42, Estland.

Eitt hadde «1.300». «Norwegen».

På sundag er det 75 år sidan Donau gjekk frå Akershuskaia i Oslo med 529 norske jødar ombord, alle samla saman av norsk politi, og sendt med lasteskipet til konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Fjerna hinder

Wannsee-konferansen var ein suksess. Schützstaffel (SS), Adolf Hitlers paramilitære organisasjon, som hadde ansvaret for konsentrasjonsleirane, vann fram. Nazibyråkratane og politikarane måtte bøye seg for mennene med daudingskalle på uniformshua. Dei fekk gjennomslag for å fjerne intern kniving om viktige ressursar; meir effektiv bruk av jernbanen for å frakte jødar til utryddingsleirar og for ta i bruk nye metodar som kunne drepe fleire på kortare tid.

Blant viktige tema var fjerning av byråkratiske hinder. Løysingane som blei kasta over bordet overgjekk kvarandre i brutalitet. Konklusjonen var klar. Avlivinga av jødane måtte bli meir effektiv. Punktum.

LES MEIR: – Skremmende Hitler-fest

S for Schnell

Eg lukkar døra bak meg i Haus der Wannsee-Konferenz. Eg kjøper billett til S-Bahn linje 1. Eg skal nordover frå startstasjonen Berlin-Wannsee til endestasjonen på linje 1. Oranienburg.

Kven var så desse som hygga seg med mat og folkemord for 75 år sidan, i møblerte omgjevnadar? Kva moralske kompass styrte dei etter? Heile åtte hadde doktorgrader, av dei seks i juss, ein i statsvitskap – og ein i teologi og filosofi. Så skilnaden på rett og gale kunne dei ha drøfte.

S-Bahn. S for Schnell. I åra etter Wannsee gjekk det raskt. Semja i Villa Marlier drap heile seks millionar jødar innan galskapen blei stoppa våren 1945.

Dempa nakkeskot

Sachsenhausen 2017. 100 minutt tek togreisa i dag, frå Wannsee til Oranienburg. Frå planlegging til utføring.

Frå togstasjonen drygt 200.000 konsentrasjonsleirfangar kom til, vel eg å gå. I blodspora til jødar, politiske fangar, homofile, rom, heimlause, prostituerte.

Til Sachsenhausen.

Estetikken er ein annan ved enden av Strasse der Nationen. Ingen park rammar inn murbygget. Ingen barneskulpturar vaktar porten. Eit nakent praktisk bygg. Porten inn er pryda med historisk, makabert slagord.

«ARBEIT MACHT FREI.» I svart stål.

Inne venta liding, utsletting og død. Dei som blei skotne, blei avliva i ei støydempa nakkeskotgrop. Skotsalvene skulle ikkje uroe dei levande. SS tenkte på alt.

LES MEIR Vil ha fast tur til Auschwitz

Dødens landsby

Men før eg går fordi dei tre groteske orda, svingar eg bortom bydelen som blei reist vegg-i-vegg med sjølve konsentrasjonsleiren.

T-bygget, som husa sentraladministrasjonen for alle dei tyske utryddingsleirane og leirinspektoratet. Her jobba SS-staben med å utvikle funksjonelle avlivingsmetodar, planleggje medisinske eksperiment av det forkastelege slaget og utdanne nok brutale vaktarar til å dekkje etterspurnaden i leirane i Tyskland og Polen. Måla i Wannsee-planen måtte bli oppfylte.

Bustadane, som ligg i gangavstand til T-bygget. Her budde leiarane som leia arbeidet med ei teknokratisk innstilling; dei var sette til å gjere ein jobb som andre hadde definert. Men dei var der fordi dei ville.

I dag husar T-bygget offentlege etatar som reddar liv. I dag husar murbustadane menneske som har valt å bu like ved eit minnesmerke.

Dødeleg arkitektur

Sachsenhausen var ein modelleir. Forma som ein trekant var han, definerte nazitoppen Heinrich Himmler, ein «moderne konsentrasjonsleir». Den spesialdesigna arkitekturen skapte eit funksjonelt, symmetrisk konsept der fangeleir, kommandanttur, verkstadar, SS-kaserne og SS-bustadar blei bygd som ei avgrensa eining. Arkitekturen i sjølve fangeleiren skulle spegla nazistanes vektlegging på kontroll, terror og overvakning.

---

Brandenburger Tor

  • Då nasjonalsosialistane tok makta i 1933, brukte dei Brandenburger Tor som eit partisymbol.
  • Overlevde bombardementet og kamphandlingane under slaget om Berlin i 1945.
  • Eit av dei få byggverka som framleis sto i Pariser Platz-området ved krigens slutt, men var hardt herja.
  • Under delinga under den kalde krigen gikk grensa mellom Vest- og Aust-Berlin gjennom monumentet, men kjøretøy og fotgjengarar kunne fritt passere fram til muren blei reist 13. august 1961..

---

---

Oranienburg

  • Byen og jernbaneknutepunktet Oranienburg ligg i Brandenburg, rundt 35 kilometer nord for Berlin.
  • Allereie i mars 1933 oppretta nazistane ein konsentrasjonsleir i sentrum av byen.
  • I 1936 blei leiren erstatta av Sachsenhausen-leiren i utkanten.
  • Frå 1936 til 1945 sat drygt 200.000 registrerte fangar her.
  • Vel 100.000 skal ha døydd som følgje av sjukdom, underernæring, valdsbruk fra vaktarane og grusomme eksperiment.

---

Smake leirlivet

Drygt 35.000 fangar overlevde ikkje Sachsenhausen. Ein av dei blei arrestert av sine eigne i 1943, året etter at han hadde benka seg ved møtebordet i Villa Marlier i Wannsee, som ein av dei 15.

Martin Luther var eksoffiseren og møbelhandlaren som kom tett på makta i utanriksdepartementet. I 1943 var det privilegerte livet i dei inste nazisirklane over. Luther blei skulda for forsøk på å overta posten til  utanriksminister Joachim von Ribbentrop. Straffa blei konsentrasjonsleir. Som privilegert fange.

Han blei sett fri av dei nye konsentrasjonsleirdrivarane som kom frå aust. Men ein månad etter at Den raude armeen opna portane i april 1945, døydde Wannsee-dansaren Martin Luther.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Reportasje