Marie Lovise Widnes skriv dikt mot uretten

Som barn heldt Marie Lovise Widnes gudsteneste for vedkubbane i skjulet. Prest vart ho aldri, men ho fann andre måtar å kjempe for det ho trur på.

Reportasje

– Eg har alltid vore eit alvorsmenneske, men samstundes hatt godt humør og likt å more meg, seier Widnes og smiler, sjølv om tåka heng grå og tjukk over fjella på Hareid i Møre og Romsdal og gjer gikta endå litt verre.

Ho rullar rundt i huset på kontorstolen. Å reise seg gjer ho berre om ho må, for den 86 år gamle kroppen til diktaren, songaren, kåsøren og SV-politikaren er ikkje heilt samarbeidsvillig lenger. Men datamaskina står på.

– Eg skriv ikkje like mykje som før, eg har vorte gamal. Men det hender eg skriv innlegg til avisa eller deler eit dikt eller meiningar på Facebook, seier 86-åringen og skrollar nedover nettsida.

Stundom har ho stor suksess; enkelte av dikta hennar har vore delte på nettstaden over tusen gonger. I år har ho gitt ut si sjette diktsamling, med viser og vers som ho har skrive gjennom eit langt liv. Det første diktet ho fikk publisert skreiv ho allereie då ho var 12.

Widnes blar fram, kremtar og les første verset:

Strid for det du trur er rett

Riv og velt det range.

rettferds veg er skjelden lett

Stridane er mange

– På mange måtar vart det livsmottoet mitt, seier Widnes.

LES OGSÅ: Widnes framførte dikt i Stortinget

Gangdøra heime

Rikskjendis vart ho først i 1957, då ein talentjeger frå Philips reiste i fleire dagar og kom med ferga over fjorden for å gjere opptak med sunnmørstalentet dei hadde høyrt om i hovudstaden.

Seks plater vart det og mest populær vart visa Gangdøra. Nesten kvar einaste Ønskekonserten-sending var det nokon som ville høyre akkurat den. «Ei kvinneleg Alf Prøysen» kalla journalistane henne og spådde stor karriere for trebarnsmora frå Bygde-Noreg, der dei kava seg fram til bygda der ho budde.

Men Widnes hadde ikkje tid til stjernelivet. Sjuke foreldre og små born var viktigare enn å reise til hovudstaden for å dyrke karriere. Stille vart ho likevel ikkje.

– Eg har alltid likt å prate, skrive og eg har vore politisk aktiv. Først i Arbeidarpartiet som foreldra mine, sidan i SV.

Diktsamlingar, kåseri, turnear, faste spalter i Klassekampen og Dag og Tid, fylkespolitikar og stortingsrepresentant for SV, partiet ho var med å starte. No er Facebook vorte den nye arenaen hennar. Ofte skriv ho helsingar til vener og familie, litt om dagens gjeremål, eller formulerer ned nokre setningar om noko ho brenn for.

– Ja, nyleg skreiv eg om pensjonistmøta. Her i bygda vert det av og til reine vekkingsmøte, berre kristne songar og lange talar med kristendommen som tema. Eg likar salmar og kristendom, men også eldre må kunne ha det litt moro. Dessutan skal pensjonistmøta vere nøytrale og opne for folk med alle slags livssyn, seier Widnes og ristar på hovudet.

– Nokre var samde med meg, medan andre syntest nok eg meiner for mykje, seier Widnes.

LES OGSÅ: Widnes vil ha strengt forbud mot cannabis

Vedkubbekyrkjelyden

Marie Lovise Widnes vart fødd 1. november 1930, i Syltedalen i Vanylven kommune i Møre og Romsdal.

– Eg var van med at det ikkje alltid var lett å skaffe mat på bordet, at stoff til klede var mangelvare og varmt vatn noko dyrebart, seier Widnes.

Så kom krigen og tilgangen på mat og klede vart endå skrinnare. Men sjølv om dei hadde det trongt, minnest Widnes barndommen som ei fin tid. Som liten var det særleg tre ting å drøyme om; synge, dikte og verte prest. Ofte stilte ho seg på hoggestabben i vedskjulet og preika for vedkubbane.

– Å gå i kyrkja den gongen, det var gilde greier, for det gjorde vi berre på høgtidsdagar. Det var langt, først måtte vi gå eit stykke, så ro over fjorden og så gå eit stykke til. Det var ikkje tid til det på vanlege søndagar. Men vi gjekk på møte.

LES OGSÅ: Her nevnes «barnetro» for første gang

Eg likar salmar og kristendom, men også eldre må kunne ha det litt moro.

Kvardagsgud

På møta vart det ofte tala med store bokstavar om alvoret i kristendommen, alt som var synd og om dommedag. I vedskjulet var det andre tema som var viktigare: fred på jord og hugnad med menneska.

– Det var ikkje ein sint Gud eg fann i Bibelen. Eg trur på ein Gud som elskar oss og som har gitt oss rom til å velje. Ein Gud som fordømmer grupper og enkeltmenneske har eg aldri trudd på, seier Widnes.

Gud er ingen helgedagsgud som «sviv høgt under kvelven mellom alvorlege helgenar og feite englar», slik ho ein gong skreiv i eit foredrag om dogmer. Gud kan gjerne verte diskutert, meiner ho.

– Eg tur ikkje Gud kjenner seg truga av at vi menneske stiller spørsmål. Det er gjennom kunnskap vi kan lære å tolke tekstane på nye måtar og forstå Gud betre.

LES OGSÅ: Jomfru Maria er tilbake i Norge

Gerhardsen

Det vart inga utdanning, og kvinnelege prestar var ikkje eit samtaleemne på 40-talet.

– Det var kanskje like greit at eg ikkje vart prest, for eg trur no det hadde vore litt for avgrensande for meg. Eg synest framleis kyrkja ofte har for stramme rammer, seier Widnes.

Utdanning hadde familien ikkje råd til å gi henne, men eit år på folkehøgskule fekk ho i gåve frå Arbeidarpartiet.

– Kva ville du sagt til deg sjølv som ung, om du kunne?

– Kjemp for få utdanning. Eg hadde alltid veldig gode evner på skulen, og eg veit eg kunne klare realskulen på eit år om eg hadde funne midlar til det på et vis.

Å få arbeid som kvinne i Syltedalen i 1950 var ikkje vanleg. Widnes vart husmor og stelte foreldra som var mykje sjuke. Ho ber gjerne tittelen husmor og angrar ikkje på at ho valde familien framfor å dyrke eigne evner.

Eg tur ikkje Gud kjenner seg truga av at vi menneske stiller spørsmål.

– Eg gjorde det beste ut av situasjonen og har hatt eit rikt liv, seier ho.

På veggane i stova heng det tett med utmerkingar. Bilete frå ho fekk Kongens fortenestmedalje i gull, æresprisen frå Noregs Mållag og ei rekke andre heidersprisar.

– Kva er ditt beste minne?

– Familien, stundene her heime, svarer ho utan tvil.

– Som når eg og mannen min Ole sat her i sofaen om kveldane, snakka om politikk, livet og song viser medan han spela gitar eller piano.

LES OGSÅ: Jul i Sjømannsgata 4

Guds gåver

Visene og dikta hennar er ofte humoristiske.

– Om du vil lære folk noko, så løner det seg å få dei til å more seg først, så kan du kome med ein moral i siste verset, seier Widnes og smiler.

Sjølv Gangdøra, den gamle hitten hennar om den gamle ytterdøra sin kunnskap om kva dei elskande gjer, har sin moral.

«Men kanskje vi slutta å døme vår neste

om gangdøra sa det ho veit om dei fleste.

Trala la la la la la la la.

Sjølv har ho vore van med slarv, det vart snakka titt på bygdene om henne.

– Ein del meinte visene mine var syndige. Kvifor skjønar eg ikkje. Eg song mykje på ungdomshus, «syndas hus» var det enkelte som kalla det her omkring. Som om det var noko gale i å ha det moro.

Ein Gud som ikkje likar song, dans og teater har Widnes aldri trudd på.

– Eg har berre brukt songen og evnene mine til å seie ting eg meiner er viktig, glede folk og oppmode til ikkjevald. Eg ser ikkje at det skal vere noko gale i det, seier Widnes og legg til:

– Gud har gjeve oss dei evnene også. Heldigvis synest eg det går i rett retning i dag, seier Widnes.

LES OGSÅ: Da Ole Edvard Antonsen ble rammet av ulykke, var han glad for huskelisten han hadde laget

Eg har berre brukt songen og evnene mine til å seie ting eg meiner er viktig, glede folk og oppmode til ikkjevald

Kyrkjekritikk

Ho har kjempa for kvinnesaka, homofile sin rett til å verte behandla på lik linje med andre, mot bruk av vald i barneoppseding. Og ho har vore sosialist - det vart slettes ikkje alltid godt motteke av lokalsamfunnet eller kristne rundt om i landet. Tidlegare var postkassa ofte full av brev frå folk som ville tale ho eit alvorsord, fortelje at ho ikkje hadde forstått Guds ord rett.

– Eg har aldri skjøna kvifor mange kristne alltid skal bruke trua si til å ekskludere og stenge folk ute. Kristendomen handlar for meg om at vi må hjelpe kvarandre, ikkje snakke fine ord og stemple folk som syndige. Mange kristne vert så opphengde i å dømme enkelte grupper, som dei homofile til dømes. Eg får vondt i magen når eg tenkjer på kor mykje vondt det har ført til for mange menneske. Eg har alltid kjempa for at dei skal ha like rettar og verte behandla like bra som alle andre av kyrkja. Det har eg fått mange spottord for gjennom tida, men no er den kampen heldigvis nesten over. Eg trur mykje av dei gamle fordommane døyr ut med oss gamle, seier Widnes.

LES OGSÅ: Hvor mye eier alt vi har laget?

Sølvkrossen

Trua har ikkje vorte noko svakare med åra. Ho har alltid kalla seg kristensosialist, men før hang det nesten alltid ein stor sølvkross rundt halsen hennar.

Det var konfirmasjonsgåva hennar og vart laga av dåpsskeia til eldstesystera, som var gått bort.

– Mor og far leverte skeia inn og fekk smelta henne om til ein kross til meg. Det var 1944 og mangel på alt. Eg vart veldig glad for krossen, men no er det mange år sidan eg har brukt han. Eg ynskjer ikkje å markere trua på den måten lenger. Eg synest for mange brukar det som ein slags markør, eg trur det skremmer andre folk vekk. Dei får heller sjå trua mi i det eg gjer, seier Widnes.

Ein del meinte visene mine var syndige. Kvifor skjønar eg ikkje.

LES OGSÅ: Hva ville du svart om en engel sa at du skulle føde verdens frelser?

Ikkjevald

Tidlegare i år delte ho eit gamalt dikt på Facebook i samband med ein flyktningdebatt. Plutseleg tok det heilt av, diktet «Vesle jente» vart raskt delt over 1.000 gonger.

Du vesle vakre jente, du vart berre fire år,

for ei bombe råka huset og tok livet ditt i går.

Vi fekk sjå ein haug ruiner, der du var då bomba fall, 

og den barneglade låtten din, han tagna då det small

Marie Lovise les diktet høgt frå boka si og kjem til siste verset:

Vi vert fattige, når barneblod skal dogge jorda vår.

Å vesle, døde jente, om det finst ein himmel til 

med ein Allah eller Jahve, som på rett og rangt ser skil,

må du bede for dei styrande i alle verdens land,

at dei byter våre våpen i mot kjærleik og forstand.

– Eg vert så sint når folk diskriminerer barn! Det var mykje debatt på Facebook om heimsending av flyktningeborn, men eg tenkte eg ikkje skulle diskutere denne gongen, berre leggje ut det diktet.

Widnes har alltid vore militærnektar og melde seg ut av SV då dei sa ja til å sende styrkar til Afghanistan.

– Skulle vi vere med å drive krig, vi som alltid hadde jobba mot vald, for dialog og mot våpen? Eg kunne ikkje vere med på det.

No er ho meldt inn att.

– Heldigvis, for eg har alltid vore SV-ar i hjartet, sjølv om eg på papiret var utmeld.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje