Vekkjer sinne og tårer

Kristin Gunleiksrud Raaum les Bibelen på segltur i sakte fart.

Reportasje

Kristin Raaum Gunleiksrud (54) er generalsekretær i Norske kirkeakademier og leier Kirkerådet. Har Bibelselskapets siste omsetjing frå 2011.

Kven fekk du Bibelen av? Når?

– Eg var så spent på den nye omsetjinga at eg kjøpte henne så fort ho kom ut.

Korleis ser han ut?

– Lappane med ulike fargar som stikk ut, syner til tekstar om Peter i Matteus-evangeliet. Eg brukte dei til ei andakt. Eg likar godt å bruke tid på Bibelen, gjere djupdykk og setje tekstar saman på nye måtar. Blyantstrekar markerer tekstar som eg har lyst til å arbeide meir med. Det kan godt vere vanskelege ting, og det er mykje vanskeleg i Bibelen. Eg har lært av Jakob Jervell og Nils Ole Oftebro: Er det motstand i teksten, da skal du ikkje gi deg, men riste han til det ramlar noko meiningsfullt ut av han.

Når les du i han?

– Eg les mykje i Bibelen, og mest når livet er vanskeleg. Då finn eg mest også. I dei verkeleg krevjande livsfasane har eg ikkje klart meg utan å få stadfesta noko menneskeleg hudlaust i forteljingane, særleg i tekstar om kvinner.

Korleis les du han tek du det som står der bokstaveleg?

– Vi tolkar alltid, men startar eg med tydelege briller, gjer Bibelen meg ofte merksam på brillene. Det gjer at eg av og til kan ta dei av og oppleve tekstane på ein ny måte. Eg freistar å vera så lojal eg kan, la meg fange inn og prøve å sjå kva Bibelen gjer med meg. Teologikunnskapen hjelper meg å trenge bak tekstane.

LES OGSÅ: Aslak Sira Myhre brukte bibelsider som sigarettpapir

Kvar har du han liggande?

– Eg har fleire og sørgjer for å ha biblar lett tilgjengeleg der eg er – heime, på kontoret, i huset i Toscana og i båten.

Korleis brukar du han?

– I dei periodane der eg les mykje i han, vert teksten nesten fysisk for meg. Det er som om bibelteksten har ein puls. Les eg mykje, er det som om teksten byrjar å dunke i min eigen kropp. For meg er Bibelen ei fysisk bok.

Teksten fortsetter under bildet

– Du les Bibelen i båt?

– Ja, for då har eg tid. Når vi seglar sakte, er eg i bibelmodus. Då kan eg la teksten arbeide.

Har du lese han frå perm til perm?

– Ja, fleire gonger. Og har vore frustrert, sint, oppgitt, berørt og har sagt «Gud, dette kan du verkelig ikkje seie», grått og har vore oppløfta. Eg har hatt alle reaksjonane i kjensleregisteret.

Kva tyder Bibelen for deg?

– (sukk) Han er ei kraft eg ikkje klarar meg utan. Han er ei støtte når eg feigar ut, han er ei hjelp til å leve livet og trua sannare. Så har han ei stor, kulturhistorisk rolle i tillegg og er ei kjelde til stor litteratur. Han har heile spekteret frå tru til estetikk, også humor.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– Lukas 7, 47-50: «Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» Dette er en tekst som gjer meg svimmel – kvar gong. Det er ei rar forteljing, men ho gir meg kvar gong eit glimt av Gud.

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje