Sporadisk bibellesar

Ida Lindtveit er oppteken av kva Bibelen kan bety for henne i dag.

Reportasje

Ida Lindtveit (23) er leiar av Kristelig Folkepartis Ungdom (KrFU). Ho har Bibelselskapets 1978-omsetjing.

Kven fekk du Bibelen av? Når?

– Av foreldra mine, til konfirmasjonen.

Korleis ser han ut?

– Burgunder-raud. Skinn. Inni er det streka ut dei viktigaste bibelversa. Med ein litt dårleg penn.

Teksten fortsetter under bildet

– Denne bibelen betyr veldig mykje for meg. Eg ser på den som ein slags tryggleik, seier Ida Lindtveit.

Når les du i han?

– Eg brukar den relativt sjeldan, men det hender ein gong i mellom. Eg er ein sporadisk bibellesar.

Korleis les du han – tek du det som står der bokstaveleg?

– Det kjem litt an på kvar eg les i Bibelen. Men ja, det er klart eg tek mykje bokstaveleg, spesielt i det nye testamentet. Det er nok der eg brukar mest tid. Men ein må sjølvsagt alltid tolke det ein les, sidan det er skrive i ei anna tid. Eg er oppteken av kva det som står der kan bety for meg i dag.

Kvar har du han liggande?

– I bokhylla i stova.

LES OGSÅ: Ateisten Tom Egeland har fleire biblar rett ved skrivepulten

Korleis brukar du han?

– Det varierer veldig. Eg skriv ikkje så mykje i den lenger. Men eg var mykje på leir tidlegare, og då brukte eg bibelleseguiden aktivt. Den hjelper deg å finne bibelvers dersom du er lei deg, eller glad. Den guidar deg inn til viktige vers.

Er det dei same versa som er viktige for deg i dag?

– Dei seier noko om kva eg var på den tida, kva tankar eg hadde. Så dei betyr ekstra mykje for meg.

Har du lese han frå perm til perm?

– Nei, det har eg aldri gjort. Eg har starta nokre gongar og har veldig lyst til å kome gjennom heile.

Kva betyr denne Bibelen for deg?

– Veldig mykje. Ser på den som ein slags tryggleik.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– Eg har to. Det eine er Bergpreika. Den er veldig viktig for meg. Den er både ein tryggleik, og inspirasjon og styrke i kvardagen. Det andre er «Størst av alt er kjærligheten».

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje