Med utropsteikn i margen

«Dette forstår eg ikkje», står det med store bokstavar i Bibelen til Ingeborg Mongstad-Kvammen.

Reportasje

Ingeborg Mongstad-Kvammen (44) er generalsekretær i Bibelselskapet. Ho har 1978-versjonen av Bibelen.

Kven fekk du Bibelen av? Når?

– Av foreldra mine. Eg trur eg var 10-12 år gammal.

Korleis ser han ut?

– Den har mørkeblå, stive permar. Ikkje skinn. Ein klassisk bibel-look. Eg ser eg har limt inn eit register. Det var noko vi kjøpte før, slik at det skulle vere lettare å finne fram til versa.

Når les du i han?

– Etter at 2011-omsetjinga kom, har eg ikkje lese i den. Men eg brukte den mykje som tenåring. Eg gjekk i bibelgrupper, og brukte den også under teologistudiane. Den følgde meg i nesten 30 år.

– Etter 2011 har eg gått over til bibel på app. Rett og slett fordi eg alltid har mobilen i lomma.

Kvar har du han liggande?

– I bokhylla.

Korleis brukar du han?

– Eg har streka under ting eg likte. Ein plass har eg skrive «Fantastisk» med mange utropsteikn bak, så det var tydelegvis i tenåra. Eg noterte også i den då eg studerte.

– Ved Paulus' brev til Efesarane, der det står «Som kirken underordner seg Kristus, skal kvinnene underordne seg sine menn i alt», har eg skrive i margen, med store bokstavar: Dette forstår eg ikkje.

LES OGSÅ: Ida Lindvtveit er oppteken av kva Bibelen kan bety for henne i dag

Har du lese han frå perm til perm?

– Ja, det gjorde eg som 15-åring.

Teksten fortsetter under bildet

– Dette er ein bibel eg helst ikkje vil miste, fortel Ingeborg Mongstad-Kvammen. Ho brukte den spesielt mykje i ungdomstida.

Kva betyr han for deg?

– Det er ein bibel eg helst ikkje vil miste. I tenåra ser ein alt med nytt blikk og kjenslene er sterke. Det er ei viktig tid for trusutvikling og for å få eit aktivt forhold til bibelen. Denne ber preg av det. Den betyr mykje, sjølv om eg ikkje les i den lenger.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– 1. Peter 5,7: «Kast alle bekymringer på ham, for han har omsorg for dere».

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje