Har funne sin eigen veg

Helga Samset vart ikkje berre glad for å få Bibelen i konfirmasjonsgåve.

Reportasje

Helga Samset (45) er forteljar. Ho har Bibelselskapets 1978-versjon.

Kven fekk du Bibelen av? Når?

– Tante Bjørg, til konfirmasjonen min.

Korleis ser han ut?

– Den er ein raud skinnbibel, med namnet mitt i gullskrift nedst på framsida.

Teksten fortsetter under bildet

Når les du i han?

– Når det er nødvendig for meg. Det kan variere. Eg les av personlege grunnar, og i samband med arbeid.

Korleis les du han - tek du det som står der bokstaveleg?

– Nei, med store bokstavar. Og ja. Eg kan vere veldig oppteken av ord. I høgsongen i 78-utgåva står det til dømes: «Lidenskapen er mektig som dødsriket». I 2011-utgåva er «mektig» endra til «ubøyeleg». Det er så mykje betre! Det er noko insisterande, som fort kan bli farleg, over ordet «ubøyeleg».

Kvar har du han liggande?

– Litt rundt omkring. Slengt på skrivebordet eller nattbordet, eller heilt ut i kanten av bokhylla fordi den er full.

Korleis brukar du han?

– Eg brukar den mykje som arbeidsreiskap. Den er full av gode forteljingar, og i dette finn eg føde for sjela.

LES OGSÅ: Torbjørn Røe Isaksen meiner fleire burde lese Bibelen som verk

Har du lese han frå perm til perm?

– Nei, ikkje enno. Men nesten.

Kva betyr han for deg?

– Å få konfirmasjonsbibelen viser at det var nokon i familien som ville at eg skulle ha den, på godt og vondt... Då eg fekk han, var det vel som ein slags beskjed, som eg ikkje nødvendigvis berre var glad for. Men Bibelen er så svær, det finst så mange fruktbare vegar inn til den. Eg har funne den vegen som er min. Forteljingane og poesien er det eg vert dregen mot.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– Min bestefar hadde eitt som eg gjerne gir vidare. Men då må det stå på nynorsk, og det må hentast frå 78-utgåva. «For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.» (Paulus' brev til Romerane, 14.7).

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje