Den åndelege føda

Rooni Yousif les i bibelen sin kvar einaste dag.

Reportasje

Rooni Yousif (51) er ein kaldeisk prest frå Irak. Bibelen hans er på arameisk, og er ein kaldeisk, katolsk liturgi.

Kven fekk du Bibelen av? Når?

– Av den avdøde patriarken Paul Shekho, i juni 1987.

Korleis ser han ut?

– Den er trykt på A4-papir.

Teksten fortsetter under bildet

Når les du i han?

– Kvar dag. Også under messa på søndagar.

Korleis brukar du han?

– Eg les berre i den. Eg skriv ikkje notatar i den.

LES OGSÅ: Helga Samset vart ikkje berre glad for å få Bibelen i konfirmasjonsgåve

Kvar har du han liggande?

– I biblioteket.

Har du lese han frå perm til perm?

– Ja, fleire gongar.

Kva betyr han for deg?

– Den er den åndelege føda i mitt liv.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– Lukas 6:31: «Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.»

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje