Brukte bibelsider som sigarettpapir

Aslak Sira Myhre var kreativ då pengane ikkje strakk til i studietida.

Reportasje

Aslak Sira Myhre (42) er direktør for Nasjonalbiblioteket i Oslo. Han har 1978-utgåva frå Bibelselskapet.

Kven fekk du bibelen av? Når?

– Eg fekk den av ein ven til bursdagen min i 1992.

Korleis ser han ut?

– Det er ein lite bibelsk bibel. Som skulebibelen, men med mjuk innbinding. Den er kornfarga og har ei teikning på framsida.

Når les du i han?

– Når eg skal lage kviss på Litteraturhuset. Eg har ingen religiøse grunnar for å lese i den, men eg likar det veldig godt når eg har tid. Forteljingane i Det gamle testamentet (GT) er ukjende for mange, men eg meiner dei er viktige på lik linje med sagaene. Det er til stor skade at vaksne i dag ikkje kjenner så godt til GT, det er historielaust.

Korleis les du han?

– Som ein litterær tekst. Som noko som har skapt vår kulturhistorie, spesielt GT. Eg ser ikkje på det som står der som påfunn, men som ei omarbeiding av myter og gamalt tankegods.

– Det nye testamentet er annleis. Den har eg ikkje like stor tillit til. Ein kan lese det som ei forteljing om Jesu liv, men like interessant er kvifor akkurat denne forteljinga vart ståande. Eg ser på den som ein slags konstruksjon, som har vore veldig effektiv og som har stor appell.

LES OGSÅ: Rooni Yousif les i Bibelen sin kvar einaste dag

Kvar har du han liggande?

– I bokhylla i kjellaren.

Korleis brukar du han?

– Då eg fekk han, så røykte eg mykje tobakk. Ein gong hadde eg vener på besøk og eg hadde brukt alle pengane mine på kyllinggryta som eg serverte. Så då tok eg ut skulebibelen frå hylla, reiv av eit ark bakarst, og rulla ein røyk. Eg tykte det var kult, for eg hadde sett det i Morgan Kane.

– Men etter ei stund gjekk det opp for meg at det var dei som var på besøk som hadde gitt meg den bibelen. I dag er det ei morosam historie, men eg trur det tok ei stund før dei greidde å sjå det slik.

Teksten fortsetter under bildet

Var det berre den eine gongen du brukte bibelsidene til sigarettpapir?

– Nei, det gjorde eg ofte.

Har du lese den frå perm til perm?

– Nei. Eg skulle ynskje eg kunne lyge det på meg, men nei.

Kva betyr han for deg?

– Det er mange bøker eg har eit tettare forhold til enn Bibelen. Eg er litt likegyldig til kva bibel eg les i.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– Lukas 6:31: «Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.»

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje