Ber for heimlandet

Elijah Hansen les i Bibelen når han ber for heimlandet Syria. Og det gjer han heile tida.

Reportasje

Elijah Hansen (26) er syrisk flyktning og kom til Noreg over Storskog i fjor. Han har ein arabisk og en engelsk bibel frå Syria, i tillegg til ein bibel han fekk her i Noreg.

Kven fekk du Bibelen av?

– Av Elisabeth Thorsen, presten min i Oslo domkyrkje, då eg vart døypt der.

Korleis ser den ut?

– Den ser skikkelig bra ut! Den er blå og raud. Eg likar at den er på norsk.

Teksten fortsetter under bildet

Når les du i den?

– Heile tida.

Korleis les du den?

– Eg tolkar den på min måte, fordi eg tykkjer Bibelen kan forandre seg over tid. På same måte som at folk endrar seg. Eg les mest i Johannesevangeliet, Mosebøkene og Kongeboka.

LES OGSÅ: Kristin Gunleiksrud Raaum les Bibelen på segltur i sakte fart

Kvar har du den liggande?

– Den ligg fast på bordet ved senga mi.

Korleis brukar du den?

– Eg likar ikkje å skrive i Bibelen. Eg les i den når eg ber for Syria og verda.

Har du lese den frå perm til perm?

– Nei, ikkje enno. Men eg vil gjere det.

Kva betyr denne bibelen for deg?

– Den er viktig for meg, fordi eg les på norsk og ber på norsk. Det er språket i landet som eg bur i no, og som eg kjem til å bu i for godt. Bibelen betyr at eg kan ha kontakt med Jesus når eg vil.

Kva er ditt favorittbibelvers?

– Jeremia 29:11: For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Her finner du alle de spurte

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje