‘Vår Frue er fylt med kjærleik’

Midt i byen ligg ho, kyrkja som er open sju dagar i veka. Hit kjem folk for å drikke ein kopp kaffi med kjenningar, for å be, for å ete seg mette – og for å søkje ly.

Reportasje

Ho er som ei borg, bygd i stein på 1200-talet. Vår Frue kyrkje i Trondheim har overlevd fram til våre dagar. Ho har vore ei brukskyrkje frå mellomalderen.

Målinga flassar frå dørene. Golvet er ripa opp av brukarane. Kyrkjebenkane har innrissingar som fortel kven som sat der.

I snart ti år har sentrums­kyrkja i Trondheim vore spesiell. Sju dagar i veka syter frivil­lige kyrkje­vertar for at dei som dyttar opp dørene finn ei varmestove innanfor. Ein kveld i veka kan dei som har behov for ein varm stad å overnatte, bli verande til neste dag. Gudshuset blir sovesal.

– Vi opplever Vår Frue som ein stad utan terskel, her slepp alle inn, fortel Sissel, som Vårt Land møter ved eit bord inst i kyrkjekafeen.

– Her kan eg alltid kome for ein kopp kaffi. Mange stader i byen vil dei ikkje vite av slike som oss.

LES MER: Hun er kirkens nye toppleder

Folkekyrkje

Dei som meislet ut kursen for den vidare seglasen til Den norske kyrkja, samla seg på eit hotell i Trondheim, mindre enn ein kilo­meter frå Vår Frue kyrkje. 116 menn og kvinner, alle kyrkjemøtedelegatar, reiv Den norske kyrkja yttar­legare laus frå staten, og fatta vedtak som skal gje vind i segla til ei meir sjølvstendig folkekyrkje.

– Vår Frue er ei skikkeleg folke­kyrkje, seier Jens Petter. Han finn ofte vegen til stein­kyrkja like ved torget i trønderhovudstaden. I dag deler han bord med Sissel og Liv Kathrine. 
I krusa er det kaffi og te, i glasa vatn.

– Her får alle som treng ei varme­stove sleppe inn, seier Liv Kathrine og peikar på ei gruppe romfolk på andre sida av kafeen.

– Og i helgene møter vi ungdommen her. Mange kjem innom kyrkja når dei er på veg ut på byen, andre stikk innom når dei er på veg heim, legg ho til.

Organisasjonen Norske kirke­akademier (NK) deler årleg ut Brobyggerprisen. Då Vår Frue – open kyrkje fekk prisen, skreiv NK:

«Vår Frue viser i konkret og praktisk handling hva en åpen og inkluderende kirke kan være. Den er et rom som ikke stenger, sorterer eller graderer. I det åpne kirkerommet bygges det broer mellom mange ulike mennesker – på tvers av alder, nasjonalitet og sosial bakgrunn. Ulike livsløp og personlige historier møtes.»

LES MER: I denne kirken bestemmer politikerne

Sovesal

Solveig Grendal er 
ein veteran blant dei mange frivillige kyrkjevertane i Vår Frue. Utan desse hadde prosjektet open kyrkje blitt stengt for lenge­ sidan.

– Vi er rundt 200, vi må vere så mange for å halde kyrkja open. I starten hadde vi planar om å halde nattope kvar kveld, men det blei for krevjande. No har vi nattope frå fredag til laurdag.

– Kven kjem for å sove her?

– Ulike folk. Vinterstid er det mange romfolk som søkjer ein varm stad der dei kan sove. Elles er det folk som manglar hus-
rom.

Torsdag er suppe- og messedag i Vår Frue. Først serverer Grendal og staben av frivillige – som er både unge og eldre, men flest eldre – suppe fram til halv sju. Då er det tid for messe.­ Slik blir det mat for både lekam og sjel. Ein torsdag i månaden er konfirmantane i kyrkje­lyden med på suppeservering og kveldsmessa som medhjelparar. Slik blir praktisk diakoni ein del av konfirmantopplæringa.

LES MER: Nær full uttelling for Åpen folkekirke

Vigsel

Då Kyrkjemøtet 2016 vart opna med festgudsteneste­ i Nidarosdomen sist onsdag, 
vandra mange av delegatane forbi Vår Frue på vegen tilbake til høge dokumentbunkar på møte­hotellet. Mange, store viktige 
saker skulle avgjerast.

Ei kyrkjemøtesak engasjerer også rundt kafébordet i Vår Frue kyrkje.

– Dersom ein mann er glad i ein annan mann og vil gifte seg i kyrkja, ja, så må dei sanneleg få lov til det, slår Liv Kathrine fast.

Konklusjonen hennar sankar avventande nikk rundt bordet.

LES MER: Han tørker gledestårer

LES MER: Prest melder seg ut etter vigsels-vedtak

Likeverd

Open kyrkje er ein møtestad som utfordrar fleires komfortsone, får Vårt Land vite. Vår Frue – open kyrkje er ei omsorgskyrkje, som blir driven av Kirkens Bymisjon saman med Nidaros domkyrkje og Vår Frue kyrkjelyd.

I eit brev til dei frivillige skriv bymisjonsleiar Dag Aakre i Trondheim at: «Vi trenger steder og stemmer som utfordrer skillet mellom dem og oss. Vi har behov for at ordet utvides fra å bety meg og mine nærmeste til å omfatte det store fellesskapet der alle kan kjenne seg hjemme og vite at de har en plass. Først da kan vi snakke om likeverd, gjensidighet og en vennlig by».

Liv Kathrine har funne orda som ho meiner fortel kva Vår Frue betyr for henne.

– Denne kyrkja har stor kjærleik til menneska som brukar ho. Vår Frue er fylt med kjærleik.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Reportasje