Tidleg ute og tidleg inne

– Eg var nok sær, men akkurat innfor til at eg fekk gode vener og var godt likt i klassen.

Med rutete skjorte og stresskoffert gjekk han rundt i gangane på Bergen Kristne Grunnskule. Han var lett å kjenne att, den åtte år gamle Joel Ystebø. Han som allereie då var ein typisk elevrådsleiar, og som no toppar KrF si nominasjonsliste i Hordaland. Frå han var ein ung gut tok han på seg store oppgåver og meinte mykje.

– Kva syns dei andre borna om deg?

– Dei syns kanskje det var litt sært, men samstundes fekk eg moglegheiter. Eg trur ikkje dei berre syns eg var ein raring.

23-åringen ler litt når han snakkar om den veslevaksne han var.

Joel Ystebø - Min Tro

– Men eg hadde jo vener då. Det kunne jo ha vore ei trist historie om eg berre var eit veldig merkeleg utskot, som berre var i mi eiga verd og var veldig sær.

Det er ikkje historia til Joel, tvert om, han skulle ut i verda.

– Eg var i 10-årsalderen då eg visste at samfunnsengasjement og politikk var noko eg skulle halde på med resten av livet.

Har levd i to verder

Trass sin unge alder, kan Ystebø kalle seg ein KrF-veteran med over ti års erfaring i partiet.

Den unge politikaren set seg god til rette i sofaen når han fortel om oppveksten sin i Fyllingsdalen. Han deler om ein oppvekst i ein samfunnsengasjert familie som var aktiv i Pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen. Far hans, Bjarte Ystebø, er både tidlegare politikar for KrF og var fram til 2022 assisterande redaktør i den kristenkonservative avisa Norge I DAG, men gav seg etter ein intern maktkamp i avisa.

Samstundes hadde den unge guten ein fot utanfor det kristne miljøet, noko som sette spor.

Joel Ystebø - Min Tro

– Eg har gått på kristen friskule heile livet og hatt det miljøet, men samstundes har eg spelt fotball på Fyllingen. Så eg har på ein måte vore i dei to verdene parallelt heile tida.

Smilet forsvinn litt når han snakkar om at det ikkje alltid har vore like lett å vere «han kristne» på fotballaget.

– Eg opplevde denne røffe garderobekulturen som gøy å vere ein del av, men også kjipt og ein stad der folk ikkje oppførte seg greitt.

Han fortel at han ofte kunne få skjellsord slengt etter seg.

– Når eg tenkjer på det, så grensa det nok litt til mobbing på bakgrunn av tru.

For Ystebø resulterte det likevel i frimot til å vere ein kristen også på desse stadene.

Nysgjerrig type

Det var ikkje berre politikk og samfunnsaktuelle tema som interesserte den veslevaksne Joel. Han var også tidleg bevisst på kva han tenkte når det kom til tru. Då han valde å la seg døype i 12-årsalderen visste han godt kva han trudde på.

– Vi stilte mange spørsmål heime. Eg er ein nysgjerrig type, om eg ikkje hadde vore politikar hadde eg nok vore journalist.

Han skildrar truspraksisen heime som avslappa og naturleg, og fortel at han ikkje har noko minne om at det var rituelt eller stivt.

Joel Ystebø - Min Tro

– Eg trur det har vore det mest definerande for trushistoria mi, ikkje berre det eg har blitt fortalt, men det eg har fått lære gjennom spørsmåla eg stilte og svara eg fekk.

Etter kvart kom det ei tid der han vart freista av andre ting enn det han fann i kyrkja han hadde vakse opp i.

– Eg pleier å sei at eg hadde eit ungdomsopprør då eg var 14. Eit veldig snilt ungdomsopprør, smiler han.

På denne tida byrja han å snuse på andre kyrkjer enn der familien gjekk og dei små forskjellane mellom Credokyrkja i Bergen og Tabernaklet tiltalte han.

– Det var litt meir av det eg synst var spanande i Credo. Og så hadde eg vener og klassekameratar i den kyrkja. Det var jo også der eg møtte mi kone, så det er jo blitt ei solskinshistorie.

---

Joel Ystebø

  • 23 år
  • KrF-politikar
  • Frå Bergen
  • Bor i Bergen
  • Gift og har eitt barn

---

13 år og politisk bloggar

– Då eg vart ungdom vende eg kanskje av meg dei verste veslevaksen-faktene, ler han.

Han lét stresskofferten liggje, medan samfunnsengasjementet og den politiske interessa tok stadig større plass.

– Oppveksten vart jo raskt prega av politisk arbeid, allereie då eg var 13 år var eg politisk engasjert.

– Og så hadde du ein blogg?

Ja, stemmer det, den har eg faktisk framleis domene til.

Joel Ystebø

Underteikna snur telefonen sin og viser fram eit innlegg frå 2013 med overskrifta «Nå blir det snipp, snapp, snute for Jens».

Ystebø vert litt nervøs der han sit i sofaen og underteikna startar å lese.

Nå har vi hatt en sosialistisk regjering i snart 8 år. Jeg er sikker på hvis vi lar denne regjeringen sitte i fire år til, blir det økte helsekøer mer klimautslipp og mer avkristning av landet vårt og mer historieløs tenking …

… Stem nemlig et borgelig alternativ nemlig KRF som nå SATSER på en ny borgerlig regjering med FRP, Høyre og Venstre. Og vi vil ha en ny regjering!

Han dreg på smilebandet når lesinga er over.

– Det synst eg var overraskande godt skrive til å vere 12 år, seier han litt stolt.

– Det er jo kanskje ein krassheit i retorikken som eg ikkje ville hatt i dag, men eg er jo einig i det eg sa.

Kjedeleg trushistorie

Når Ystebø ser tilbake på det sterke ønsket om å drive med kristent samfunnsengasjement i 10-årsalderen, trur han at det var eit kall frå Gud. Han fortel at han ikkje var så bevisst på det då han var så ung, men at han har hatt sterke opplevingar av at Gud har vore med heile vegen.

– Og så har Gud opna dører. No sit eg her og kan komme inn på Stortinget og det er knapt ti år sidan eg skreiv det innlegget på bloggen.

Då han var 11 år tok han eit standpunkt om å følge Jesus, men han deler ei lite dramatisk historie.

Joel Ystebø - Min Tro

– Eg har ikkje noko sånn «eg såg Guds hand komme ut av ølflaska-historie» og det er kanskje litt kjedeleg.

Han fortel at han meiner ein bør snakke fram den «kjedelege» trushistoria meir.

– Den opplevinga av å ha tilhøyrt Jesus og Gud heile livet, den er fantastisk, fordi eg trur ein vert spart for veldig mykje.

– Men eg har hatt visittar og ein av dei sterkaste opplevingane var før eg skulle inn i ein debatt på Dagsnytt 18.

Hulka før NRK-debatt

Ein ettermiddag i 2020 sat ein 18 år gammal Joel i ein taxi på veg til Marienlyst. Han skulle i sin første debatt i NRKs Dagsnytt 18 og nervane var på veg til å ta over. Debatten skulle handle om kritiske og ironiske songar om kristne.

– Eg hugsar eg sat i venterommet før debattstudioet og var veldig stressa.

Joel Ystebø - Min Tro

Han tenkjer tilbake og prøvar å hugse detaljane, og fortel om noko farmora hans hadde sagt til han på ein av dei mange turane deira.

– Ho kom med eit sitat frå Martin Luther, frå ei av opplevingane han hadde då han vart spurt om å nekte for det han trudde på. Då svarte han «Her står eg, eg kan ikkje gjere noko anna, Gud hjelp meg.»

– Og der på bakrommet sa eg det inni meg. Då fekk eg ein enorm reaksjon og byrja å hulke. Eg vart skikkeleg råka.

Han skildrar kjensla av ei spesiell ro og fortel vidare at debatten etterpå gjekk heilt fint.

– Då opplevde eg at Gud sa til meg at dette kan du ikkje gjere åleine.

– Eg har tenkt tilbake på kva miljøvernministeren frå Venstre, stortingsrepresentanten frå Arbeiderpartiet og produsenten frå NRK tenkte då dei såg denne galne KRF-aren.

– For dei såg deg?

– Ja, dei skulle jo i andre debattar, sant.

– Ja, folk har forskjellige teknikkar.

– Ja, dei kunne sikkert tenkt det sånn, ler han.

Gud i alt

Når Ystebø fortel om livet sitt vekslar det naturleg mellom å snakke om tru og om politikk.

– Kor stor plass har Gud i det politiske arbeidet ditt?

Det er ein stor plass på den måten at verdiane frå den kristne trua påverkar meg veldig i tilnærminga mi til politikk.

Han seier Bibelen ikkje vert brukt som eit leksikon, men er grunnlaget for korleis han går inn i politiske diskusjonar og når han tek val.

Joel Ystebø

– Eg trur det er det beste grunnlaget for livet ein lever, og då trur eg også at det er det beste grunnlaget for den politikken ein arbeider for også.

Ystebø smiler når han fortel korleis han ønsker å leve nær Gud, og at augneblikka med lovsong i bilen på veg til jobb er nokre av dei beste han har.

Slik andre ønsker å vere synlege kristne på arbeidsplassen eller skulen, vil Ystebø vere det i politikken. Også i møte med folk sine liv.

– Det er heilt vilt kor mange samtalar eg har hatt med andre politikarar frå andre parti og profilerte folk frå ungdomsparti om tru, der eg kjem veldig djupt på kva folk tenkjer, føler og kjenner.

---

4 raske

  • Gud er: Ein trufast far
  • Eg klarar meg ikkje utan: Pepsi Max
  • Boka alle bør lese: Gud, hvis du verkeleg finst av Sebastian Mehlen
  • På gravsteinen min skal det stå: Vi snakkast!

---

Vil ikkje presse folk til tru

– Kva tenkjer du om at nokon meiner ein ikkje skal blande politikk og tru?

– Eg synst den kritikken er veldig urimeleg. Som ein kristen politikar har eg aldri tenkt at eg skal kristne landet gjennom politikk, det er ikkje mogleg og det er ikkje riktig.

Han skildrar kommentarfelt som vert fylt opp med kommentarar om at han som ein religiøs mann ønsker å «styre liva deira».

Joel Ystebø

– Eg har ei heilt omvendt oppleving av kva som er ønsket mitt. Eg vil ikkje styre folk, eller presse folk til tru. Men i eit samfunn som fleire ynskjer skal vere sekulært, så er det ei vel så stor tvangstrøye som eit samfunn prega av kristne verdiar, for då tvingast ein inn i eit samfunn der det ikkje er rom for tru.

Gav seg som politikar

Ystebø kjenner godt partiet sitt. I 2019, då han berre var 17 år, vart han den yngste bystyrerepresentanten med fast oppmøte i den politiske historia i Bergen.

I 2022 overraska han med trekke seg frå alle verv i partiet. I eit halvt år var han ute av politikken.

– Eg kjente litt på at eg hadde vore i politikken i åtte år, og at eg hadde lyst å jobbe på ein anna arena.

Han ønska å verte ein verdikonservativ samfunnsdebattant.

– Men så snudde du, kva skjedde?

– Dag Inge Ulstein ringde. Det var det som skjedde, svarar han raskt.

Joel Ystebø - Min Tro

Ulstein, som då leia nominasjonskomiteen, ville gi han moglegheita til å gå inn som førstekandidat i Bergen. I tillegg opplevde han at han var ønska i politikken og nemner eit møte med Kjersti Toppe på ein lunsj under Festspillene i Bergen.

– Ho kom bort og sa; skal du slutte? Kva i alle dagar, det må du ikkje finne på, du er jo så dyktig.

No er han glad han valde å snu.

– Drøymer du om å verte partileiarar?

– Nei, det gjer eg ikkje.

– Det er vel litt typisk KrF-politikarar å heller ville ha familie?

– Ja, det er vel litt motsett av Venstre der alle vil bli partileiarar, seier han og ler.

Nybakt far

I november kom nyheita om at Hordaland KrF satsar alt på Ystebø og satsar på å sende han til Stortinget. Same månad vart den unge politikaren far for første gong.

– Det kan hende du får plass på Stortinget og du er småbarnsfar; kva tenkjer du om den kombinasjonen?

Det blir sikkert heftig. Men vi har kjent på det begge to at dette er så viktig, det er for viktig til å lat vere å ta ein slik moglegheit.

Joel Ystebø - Min Tro

Ystebø fortel at det er utfordringar ved å reise mykje i jobben, men skildrar ei sporty kone. Om han får plassen, skal dei pendle saman.

– Eg trur det er lett å undervurdere den emosjonelle belastninga for ein far å vere vekke frå familien.

Han trekk fram Ulstein som ein rollemodell når det kjem til familieliv og fortel at dei internt i partiet har snakka å prioritere familien.

– Olaug sa det også ein gong til meg.

Med glimt i auget imiterer han Bollestad.

– Det er viktig å prioritera kåno.

Ikkje i tvil

Den nybakte faren innrømmer at han dei siste vekene ikkje har fått like mykje søvn som før.

– Kva tek du med deg frå din kristne oppvekst no når du skal oppdra dottera di?

For meg handlar det om den veldig naturlege, men likevel tydelege formidlinga av at vi er elska og skapt av ein Gud. At det er ein stor tryggleik. At vi har ein far på jorda, men også ein far i himmelen.

For Ystebø har dette stått stødig i trua.

Joel Ystebø - Min Tro

Har du nokon gong tvilt?

Eg trur ikkje eg har tvilt, men eg har aldri vore redd for å tvile heller.

Han dreg fram ei historie om tidlegare stortingsrepresentant frå Høgre, Stefan Heggelund, og fortel at han vart kristen på eit tidspunkt.

– Han fortalde at han sa til Per Arne Dahl, som då var stortingsprest, at han ikkje klarte å tru, at det var for spesielt. Og då hadde presten svart «trusvilje, det er nok for meg».

– Det synst eg er veldig fint. At Gud rommar også våre usikkerheiter og våre vanskelege tider og periodar i livet.